Sist oppdatert: 08.01.2017 05:05

Norsk = nynorsk og bokmål

 

ARNE HEIMESTØL

Bokmål og nynorsk er jamstilte og likestilte skriftspråk i det norske samfunnet. Rundt 12 % av grunnskoleelevane har nynorsk som hovudmål. Tilsvarande tal for bokmålsbrukarar er 87 %. Sjølv om nynorskbrukararane er i mindretal, har dei sjølvsagt rett til kunne bli forstått og å få svar på sitt eige skriftspråk. Nedvurdering på grunn av språk høyrer ingen stad heime.

 

Om lag ein halv million offentleg tilsette må kunne skrive på begge målformene. I grunnskole og vidaregåande skole får elevane opplæring i både nynorsk og bokmål. Slik kan dei kvalifisere seg til framtidig arbeidsliv.

Ved slutten av grunnskoleopplæringa skal elevane ha karakterar i norsk munnleg, norsk hovudmål skriftleg og norsk sidemål skriftleg. Tekstar elevane skriv på sidemålet, vert vurdert like strengt som arbeid dei har levert på hovudmålet.

 

Læreplanen som kom i 2013, skil mellom "bokmål" og "nynorsk" når språket blir omtalt som litteratur, og "hovudmål" og "sidemål" der elevane skriv tekstar sjølve. Tidlegare starta den skriftlege sidemålsopplæringa i 9. trinn. Den nye læreplanen legg opp til at denne opplæringa skal begynne i 5. trinn, men alt på to første årstrinna i grunnskolen skal elevane bli lesne for på sidemålet sitt.

Elevane skal altså ha kjennskap til begge målformene før dei tek til på ungdomsskolen. Det er etter mitt syn eit stort framskritt. Språklæring tek nemleg tid, og det er svært uheldig å introdusere sidemålet midt i ein periode av livet der elevane har sterke meiningar om både det eine og det andre.

 

– For somme er jamstilt kompetanse i begge målformene like fjernt som ei månelanding, skriv Hjalmar Eiksund ved Nynorsksenteret. Kvifor er det slik? Eg trur fleire skolar heilt eller delvis ser bort frå dei nye læreplanmåla. Dessutan finst det lærarhaldningar som ikkje akkurat støttar opp under det læreplanen legg opp til.

 

Dette skriv Bjørn Slettemark i masteroppgåva "Nynorsk som sidemål: lærerholdninger og opplæringspraksis i grunnskolen i Oslo":

"Jeg har tidligere beskrevet holdnings- og motivasjonsproblematikken knyttet til nynorsk som sidemål som en ond sirkel, hvor lærerholdninger, opplæringspraksis og elevholdninger står i et gjensidig påvirkningsforhold."

 

"Kvaliteten på læraren er mest avgjerande for gode resultat i klasserommet", fann professor John Hattie ved Auckland-universitetet i verdas største studium over kva det er som gjev betre læring for elevane. Skolane treng etter mitt syn lærarar med høg norskfagleg kompetanse, og rektorarar bør ta eit grundig oppryddingsarbeid der negative lærarhaldingar medverkar til dårleg opplæringsresultat.

 

Kva kan elevane sjølve gjere? Opplæringslova gjev dei rett til  å velje  hovudmål frå og med ungdomstrinnsalder. Bokmålsdominansen i samfunnet er sterk. Vel ein nynorsk som hovudmål, får ein meir trening i denne delen av norskfaget. For mange vil det bety at ein må ut av komfortsona, men det må ein i alle andre fag om ein skal lære og utvikle seg. Om ein ikkje vel nynorsk som hovudmål, bør ein ta opplæringa ein får i sidemål, på like stort alvor som hovudmålsopplæringa. Norsk er nemleg både nynorsk og bokmål.