Sist oppdatert: 14.07.2017 18:19

Skapt for å leike

  TEKST: KARI HAUGE
FOTO: LASSE STANG

Marit Steinsrud og Stein Villa tek kammersmusikken dit det er høgt under taket.

Kyrkjekonsertane i St. Tomaskyrkja på Filefjell og Hedalen stavkyrkje under årets Jørn Hilme-stemnet har vorte eit populært innslag i festivalprogrammet i fleire år. I sommar er det Marit Steinsrud og Stein Villa du møter her. Dei kjem til Hilme-stemnet med kvar sine musikalske historier: Ho frå folkemusikken i Øystre Slidre, han frå eit Oslo som på 70-talet strekte seg mot alt som byrja på «folk».

I 2014 gav Marit og Stein ut plata Kammersmusikk. Tittelen understrekar det lågmælte i strengeinstrumenta deira. Noko av materialet frå plata er med inn i kyrkjekonserten denne sommaren – klokkelåttar og salmevers med røter i bygda der dei har vore brukte.
– Hovudstamma er tradisjonen. Så tek vi oss friheita til å ta nokre avleggjarar frå der vi har vore rotfeste ei stund, seier Marit.

I 1995 gav Marit også ut plata Levande langeleik saman med systrene Kari og Bjørg, og Hegge-systrene Gunvor, Kari og Oddrun. Plata vart nominert til Spellemannsprisen – ein viktig inspirasjon for neste generasjon langeleikspelarar i Valdres.

Fakta om kyrkjekonserten
• Kvar: St. Tomaskyrkja på Filefjell og Hedalen stavkyrkje
• Tid: Sundag 30. juli kl. 17 (Filefjell) og måndag 31. juli kl. 19 (Hedalen)