Sist oppdatert: 11.06.2017 19:28

Tid for å ta regi

 
Når Sør-Aurdalhallen spengjer alle økonomiske grenser, når det ulmar i brannvesenet, når Rydland-saka ikkje vert landa, når Odden-rapporten skapar storm, når kommunerevisjonen og kontrollutvalet er i hardt vêr, og når driftstilpasninga, som hasta slik, ikkje har kome i gang, er det på tide at kommunestyret prøver å ta regi?

Det første høvet dei folkevalde har til det, er 22. juni. Då kjem Sør-Aurdalhall-saka opp på nytt. Det er berre å innrømme at Håkon Rydland fekk rett. Prosjektet har fått ein estimert kostnad på over 151 millionar kroner, og fleire spør seg om dette er enden. Samstundes veit vi at brannstasjonssaka kan presse seg fram i tid, og denne utbygginga er ikkje kostnadsrekna.

Det er svært urovekkande at ordførar Kåre Helland (Sp) ikkje tek alle vedtekne kriterium for sunn kommuneøkonomi på alvor. Eit av desse er grensa for kor mykje lån kommunen kan ha – inntil 70 % av årleg driftsbudsjett. Ordføraren viser glatt til at det finst kommunar som har heilt opp til 100 %.

Spørsmålet er kva politikarane no vil gjere. Skal byggjeprosjektet vere slik det er, må ein tette eit nytt hol. Det kan ein få til på fleire måtar. Kommunen kan til dømes ta opp meir lån og/eller bruke meir av fonda enn det som alt er vedteke.

Ikkje noko av dette kan karakteriserast som vettug økonomistyring. Per i dag er lånekostnadene i kommunen 5 % av gjelda (renter og avdrag). Det betyr at nye 10 millionar kroner i lån gjev 500 000 kroner i auka utgift første året.

Dessutan er nedbetalingstida på lån heilt opp mot 40 år. Det medfører at det kan gå lang tid før ein får handlingsrom for nye, og heilt sikkert nødvendige investeringar.

Alle med ein viss innsikt i økonomi veit at vi no har eit historisk lågt rentenivå. Det er ikkje sikker dette kjem til å vare. På toppen av det heile vil ein giganthall ha andre og store, faste driftskostnader.

Det er på tide å seie frå om at vi verken ynskjer auka eigedomsskatt eller rasering av fleire tenester. Sjølvsagt må C-blokka ved SAUS erstattast, og Bagn skule sine behov må imøtekomast. Så får ein vurdere kva meir ein kan få til utan at dette skadar lovpålagde oppgåver og tenestetilbod andre stader i kommunen. Men det er ikkje til å leve med at dette prosjektet skal ta heile kaka.