Sist oppdatert: 08.05.2017 18:42

På tide å stoppe opp i Sør-Aurdal?

 

ARNE HEIMESTØL


6. desember 2016 vedtok kommunestyret årsbudsjett for 2017 og økonomiplan for 2017 til 2020. Her les vi at kommunen har ein anstrengt økonomi, og at ein skal setje i gang ein driftstilpasningsprosess vinteren 2017.

 

I same møte vedtok ein det største investeringsprosjektet nokon sinne – Sør-Aurdal-hallen. Prislappen var på 134 millionar kroner. I «Valdres» les eg at talet no er 140 millionar. Det vi veit, er at det først var tale om ei utbygging til 60–70 millionar kroner. Sjå til det som har skjedd med eit liknande prosjekt i Vang! Kor skal det ende i Sør-Aurdal?
 

Påstand 1: Sør-Aurdal kommune har per i dag ikkje dårleg økonomi. Skal ein kunne seie noko om dette, bør ein mellom anna knyte det opp mot kriterium Fylkesmannen i Oppland bruker når han teiknar kommunebildet for Sør-Aurdal. 

 

Lånegjelda er no  66,3 % av årleg driftsinntekt. Rekneskapen for 2016 viste eit netto driftsresultat på 13,6 millionar kroner, og dermed kan ein setje 9,6 millionar kroner til  disposisjonsfondet, slik at det kjem opp i snaut 32,4 millionar kroner. Fylkesmannen si totalvurdering av kommuneøkonomien i Sør-Aurdal er at kommunen har økonomisk handlefridom i dag (Kommunebildet 2016).

 

I april 2016 kunne vi dessutan lese at Sør-Aurdal kommune plasserte seg som nummer 46 av dei 428 kommunane i landet på Kommunal Rapport sitt kommunebarometer.
 

Kommunestyret har, når ein ser bort fra omfanget på investeringar, krisemaksimert. På nytt skal ein i ein driftstilpasningsprosess gå laus på dei lovpålagde oppgåvene. Er det nedskjering i desse som skal vere med på å finansiere kostnadsveksten i hall-prosjektet?
 

Påstand 2: Sør-Aurdal-hallen vil forverre kommuneøkonomien dramatisk. Når hallen er på plass, vil lånegjelda kommunen har, ha vakse til over 80 % av årlege driftsinntekter.  Tidlegare rådmann, Erland Odden, skreiv i oktober 2016 at dette talet burde reduserast til 50 %.

 

I «Valdres» kunne vi   4. mai lese at ordførar Kåre Helland ikkje er bekymra. Andre opplandskommunar har både 90 og 100 prosent.  – Når andre klarer det, bør det ikkje vere verre for oss, seier han. Har han teke inn over seg kva faste driftsutgifter kommunen vil ha i åra etter 2019 som følgje av hallutbygginga?
 

– Det er vi som må blø, sa Magne Damslora (Ap) i kommunestyret 6. desember 2016.  Det Helland uttalar til «Valdres», bryt dessutan radikalt med det kommunestyret har vedteke gjennom tidlegare driftstilpasningar. Er det slik at kommuneøkonomien er anstrengt, er det meiningslaust «å gje gass», slik Huseby uttala det då hallsaka vart vedteken. Ein kjøper ikkje ein Lamborgini viss det er ein Lada ein har råd til.
 

Lang nedbetalingstid på lån, fåre for auka rentenivå, nedgang i folketal, færre barnefødslar, forventa auke i utgifter til lovpålagde oppgåver, behov for meir pengar til vedlikehald av kommunal infrastuktur er nokre moment ein bør ta på større alvor.

 

– Befolkningsnedgang er resultatet om kommunane i Valdres ikkje raskt klarer å gjere seg attraktive for næringslivet og folk. Det er beskjeden frå Telemarksforskning. I så måte er giganthallen i Bagn ingen innertiar. Vi har fleire slike tilbod i nærleiken.
 

Omfanget på utbygginga og bråket som har vore i rådmannssaka tilseier at kommunen bør få heile byggjeprosjektet vurdert av til dømes Fylkesmannen. Vi kan ikkje leve med at utbyggingskåte politikararar er i ferd med å svekke kommuneøkonomien slik at det vert mindre att til lovpålagde oppgåver i framtida.