Sist oppdatert: 01.09.2017 21:51


"Hedalen Stavkirke – en vegviser i 850 år"

  HALVOR SEM OG BJØRG DERG SEM
 
Besøk hjå Solveig og Arne Sukke fjerde helga i august, i vakre Hedalen, gav fleire minnerike opplevingar for underteikna. Besøket i Hedalen Stavkyrkje var eit høgdepunkt.


Ekteparene Sukke og Sem fra Heddal


Å ha lese boka, «Hedalen stavkirke – en pilegrim vender tilbake» på førehand, skriven av prost Anne Hilde Øigarden, gjorde opplevinga enda større for oss.
Sjølve stavkyrkja er ikkje stor. Men ho vart betydeleg utvida etter middelalderen, i 1699, da ho delvis vart bygd om til korskyrkje. Men sjølve skipet i kyrkja er framleis ein rektangulær stavbygning. Det opphavelege koret er borte. Ho ligg på ein fin stad, på eit nordaustleg naturleg platå i solehellinga i dalen. Hedalen stavkyrkje er uvanleg rik på minne frå mellomalderen.

Hovuddøra mot vest er det verd å bruke litt tid på. Rundt døra er ein fantastisk utskoren portal som truleg er like gammal som kyrkja. Portalen er ikkje prega av slitasje frå vêr og vind opp gjennom åra. Han er difor i svært god stand. Kva skal dei ulike ornamenta og figurane på portalen fortelje oss? Forskarane er ikkje samde. Sikkert er det at ormar, drakar og slangar var kjende symbol i Norrøn kultur og mytologi. Kanskje blei dei gamle symbola brukte for at folk betre skulle forstå Bibelen og den nye kristne trua.

Sjølve kyrkjerommet er enkelt innreidd. Når ein stig inn, festar blikket seg raskt mot altaret og krusifikset og den fargerike madonnaskulpturen. Krusifikset fungerar som eit naturleg blikkfang. Det er datert til andre halvdel av 1200- talet. Fargane og formgjevinga er unike. Dette er treskjerarkunst av beste klasse. Det er nærare undersøkt og analysert av NIKU. Prøver av treverket syner at korset er laga av gran, Kristuskroppen av bjørk og glorien som er festa over hovudet på Kristus, er laga av furu. Fargesettinga har av ulike grunnar vore endra opp gjennom åra. Men slik som det er i dag, harmonerer det perfekt til forma som krusifikset har.

Madonnaskulpturen er så vakker. Ei krona Maria med mjølkekvit hud, roser i kinn, lyseblå augo og gyllen klesdrakt sit med eit krona Jesusbarn på fanget. Dette er kyrkjekunst frå mellomalderen på sitt beste. Røynde kunsthistorikarar meiner at Hedalsmadonnaen er av dei vakraste skulpturane som er bevara i Noreg.

I Hedalen stavkyrkje finst fleire gjenstandar med stor historisk verdi. Relikvieskrinet med prosesjonsbåre, døypefont og kysseplate, dessutan ein yngre klokkarstol og fleire måleri med bibelske motiv.

Gjenstandane frå mellomalderen blei ikkje fjerna ved reformasjonen. Dei blei heller ikkje seinare flutt til museum. Dei står der dei høyrer heime, i Hedalen Stavkyrkje. Prost Anne Hilde Øigarden skriv i boka: « Hedalen Stavkirke – en pilegrim vender tilbake» at stavkyrkja er eit «titteskap» inn i mellomalderen. Det er godt sagt!

Kva fortel alle dei gamle gjenstandane i stavkyrkja oss i dag? At ulike metodar og forståelege verkemiddel blei teken i bruk for at menneske skulle kunne forstå sentrale element i den kristne trua.

Bjørg Berg Sem og Halvor Sem, Heddal i Telemark


Halvor Sem og Gerd Sukke
 

Eg kan nemne at eg har hatt stavkyrkjene som spesialinteresse i mange år. Har besøkt samtlege 28 norske stavkyrkjer. Eg har i tillegg vore i Vang Stavkyrkje som står i Carpacz i Polen.
 

I Heddal Stavkyrkje har  eg ansvar for å lære opp stavkyrkjeguidane. Det er svært viktig at stavkyrkeguidane  kan leksa si + litt til.
 

I Hedalen stavkyrkje har vore i ein gong tidlegare, men besøket denne gongen var ekstra interessant etter å ha lese boka til Anne Hilde Øigarden «En pilegrim vender tilbake.»
 

Eg er utdanna  lærar og jobba 14 år som lærar, har arbeidd 16 år som informasjonsleiar i Telemark Skogselskap og har vidareutdanning i historie og bygningsvern.

Halvor Sem