Sist oppdatert: 23.09.2017 23:15


Vi treng motorveg i Hedalen

  Vi kan gle oss over at fiberutbygging sør for Hallom er fullført, og at liknande utbygging i sentrum av bygda er i gang. Med dette vil over hundre adresser vere knytte til det beste av det vi har av internettoppkopling.

Det er mange som ynskjer å få liknande tilbod. Fleire slit med elendig ADSL nord i bygda, og ikkje alle av desse har noko fullgodt tilbod av 4G heller. Dermed har vi eit digitalt skilje vi meiner vi må gjere det vi kan for å rette opp.

SAE har ei sentral rolle i utbygging som er påbegynt og gjennomført. Heldigvis har dette selskapet dei siste åra lagt til rette for framtidig fiberutbygging i samband med oppgradering av lågspentnettet. Det gjer at det kan vere mogleg for fleire å få tilbod frå Eidsiva om slik internettoppkopling.

Utan at transportnettet kjem på plass nord i bygda, vil det ikkje kome noko løysing for dei som bur der. Det er trist at fiberkabel frå Bjørgan til Sukke sentral ikkje vart bygd då det vart strekt fiberkabel langs høgspentnettet heilt til fylkesdelet. Dette er ei utfordring vi må få gjort noko med snarast råd.

Uansett er det viktig at dei som ynskjer fiberutbygging, går saman i grender og organiserer seg. SAE har informasjon om kor lågspentutbygginga er fullført. Dei veit òg kor neste del av oppgraderinga vil kome. Straumselskapet sit dermed med nøkkelen til at fleire adresser skal kunne kople seg på fibernettet.

Offentleg tilskott kan vere eit alternativ det er verdt å undersøkje. Men dette kan òg vere noko som vil forseinke utbygginga. Vi kjem neppe unna at vi sjølv må betale det meste av det fiberutbygging til heimane og næringslivet vil koste. Lat oss då tenkje på at slike utlegg er investeringar i framtidig verdi av eigen eigedom, men òg i at det skal vere mogleg å ha heimekontor i heile eller deler av arbeidstida.

Fylkesvegane i Hedalen er somme stader i elendig forfatning. Nokre strekningar er utbetra, og det er konkrete planar om å gjere noko med vegen frå fylkesdelet til kyrkje.

Vi får heilt sikkert ikkje motorveg nokon stad i bygda. Men nettkvaliteten i Hedalen kan bli like høg som andre stader der utbygging er gjennomført. Fiber gjer det nemleg mogleg å auke nettfarten så mykje ein treng og vil. Dei granne trådane som no vert førte fram til husa i sentrum, kan frakte enormt store datamengder. Slike motorvegar bør vi få på plass til alle som ynskjer det i bygda vår.