Sist oppdatert: 21.11.2018 17:01

Fiberutbygging i Valdres:
Telenor tek samfunnsansvar

  Vi vart svært overraska då det nyleg vart kjent at Telenor går på husbesøk i fleire område i Sør-Aurdal og Nord-Aurdal. Og det er litt av ein bodskap selskapet kjem med: Vert oppslutninga stor nok, kan ein få tilkobling til fibernettet gratis. Månadsprisen er 799 kroner det første året. Det inkluderer synkron nettfart på 250 mbit og grunnpakke for TV. Frakt av utstyr må ein sjølv betale for, men skarve 149 kroner klarer alle.

Tilbodet gjeld i første omgang 969 adresser i Sør-Aurdal. Statistisk sentralbyrå opplyser at det finst 1556 einebustadar og 16 leilegheiter i kommunen. I tillegg kjem nokre andre adresser. Per i dag har berre 14 % av husstandane i kommunen tilbod om fiber. Dette vil endre seg radikalt no. Best av alt: Selskapet er viljuge til å byggje ut i fleire område om det skulle vere grunnlag for det. Her tek Telenor, som staten eig ein stor del av, samfunnsansvar som det står respekt av.

For kommunen er dette særs godt nytt. Nyleg vedtok kommunestyret å satse på eit busetnadsprosjekt. Fiberutbygging er eit sentralt delmål i dette prosjektet. No har ein fått ein ny samarbeidspart som har starta før prosjektet har kome i gang.

Ikkje mindre viktig er dette for helse- og omsorgstenestene i kommunen. Det vert fleire eldre i åra som kjem, og kommunen må bruke ressursane mest mogleg effektivt. Velferdsteknologi kan gje betre og meir effektive tenester i framtida, men då treng ein nett som fungerer. Telenor har alt infrastruktur som dei kan bruke. Dei fleste husstandane har framleis telenett som kjem inn til husa via telefonstolpar. Fiberkabel kan hektast på slike stolpar.

For inngyggjarane er det som no skjer, gull verdt. Skoleelevar får tilgang til nett der nettfarten kan skalerast opp etter behov. Det same er aktuelt for arbeidstakarar som heilt eller delvis pendlar, og nokre av oss har heimekontor til eit arbeid som kan liggje langt unna.

For dei som treng omsorgstenester vil det nye nettet gjere at ein kan bu lengre heime. Det kan bety auka livskvalitet. Huseigarar bør òg helse satsinga velkommen, for fibertilgang vil utan tvil ha mykje å seie dersom det er tale om å selje eller å leige ut ein bustad.

Vi meiner alle gode krefter no må slå seg saman, slik at alle, og vi understrekar alle, blir med på satsinga der tilboda alt er ute. Deretter må vi bruke vinteren til å få på plass tilbod til dei som er utan fullgodt nett i dag. Kommunen vil ha ei sentral rolle. Vi må ikkje gløyme område som ligg så langt unna andre at kommersiell utbygging er uråd.

Vi minner om at regjeringa har som mål at 90 % av husstandane skal ha tilbod om breibandsdekning innan 2020. Breiband er ikkje mindre viktig enn straum- og telefontilkopling i si tid var.