Sist oppdatert: 31.07.2018 20:29

Ikkje rom for attgløyming no

 

ARNE HEIMESTØL
Goplerud fekk ikkje vere med i fiberprosjektet Hedalen sør. Nye reglar frå og med 2018 gjer at slik forskjellsbehandling ikkje lenger er lov når eit område mottek statleg breibandsstøtte.

 

  • Les dette oppslaget.

  • Her er regelverket som gjaldt frå 2014 til og med 2017 (engelsk tekst).

Både husstandar og bedrifter
– Som nemnt på telefon, er det i den nye ordninga for breibandsstøtte – som gjeld for tildelingar i 2018 – eit krav at prosjektet som mottek slik støtte, skal etablere eit reelt breibandstilbod til alle husstandar og bedrifter innanfor det geografiske området det vert søkt støtte til, skriv senioringeniør Tor Arne Knutsen i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet i e-post til Hedalen.no.

– Nkom følgjer – gjennom sluttrapportar frå prosjekta – opp at talet på husstandar som faktisk får tilbod gjennom statsstøtta breibandsprosjekt, er i samsvar med talet som låg til grunn for den innvilga søknaden.

 

Godt nytt for Begnadalen og Leirskogen
Hedalen.no legg til at dette gjev dei som skal få breiband neste år gjennom prosjektet på Leirskogen og i Begnadalen, grunn til å følgje godt med i timen. Alle innanfor det definerte området skal altså få vere med. Kommunestyret har også vedteke at alle skal betale det same for oppkoplinga.

 

Kommunen har ansvar
– For spørsmål om vilkåra for tilknytning av enkelthusstandar i einskildprosjektet, er det prosjekteigar (i dei fleste tilfelle kommunen) som har skrive kontrakt med utbyggar, som er rett adressat, skriv Knutsen.