Sist oppdatert: 02.08.2018 05:41

Gloppen til Sør-Aurdal!

 

Gloppen kommune i Sogn og Fjordane syter for at så godt som alle dei 5900 innbyggjarane i kommunen får tilbod om fiber. To husstandar får radiobreiband. Det er brukt/løyvd vel 20 millionar kroner til utbygginga i tillegg til det utbyggjarane investerer.

 

Organisasjonssjef Geir Liavåg Strand får særs godt skussmål av ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) for arbeidet han har gjort med breibandssatsinga i denne vestlandskommunen.

 

I februar 2017 vedtok kommunestyret i Gloppen breibandsplanen som no vert brukt. Målet med denne planen er å sikre breibandsdekning av høg kapasitet (minimum 100 Mbit/s symmetrisk) i heile kommunen innan utgangen av 2020. Planen har vore grunnlag for søknad om statlege og fylkeskommunale midlar til utbygginga i kommunen.

 

Vi merkar oss at kommunen har satsa på den beste teknologien – fiber. Eit anna viktig moment er at brukarbetalinga skal vere den same for å kople seg til fibernettet uansett kor ein bur, og der er det inga Goplerud-sak. Til og med ein gard som har vore med i NRK-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, får fibernett.

 

NKOM og Sør-Aurdal kommune har gjeve støtte til fiberprosjekt i Hedalen sør, på Leirskogen og i Begnadalen, og i sentrum i Hedalen fekk 46 husstandar på kommersiell basis fiber i fjor.  Men det er framleis mange som manglar breiband med tilstrekkeleg kvalitet og kapasitet.

 

Kommunen bør gjere som Gloppen – lage ein breibandsplan etter mønster for det denne kommunen har gjort, og ho bør vere klar til behandling når kommunestyret skal ha budsjettmøtet sitt i desember dette året. Det vil vere ei god deloppfølging av busetjingsprosjektet eit samrøystes kommunestyre vedtok i juni.

 

Skal Sør-Aurdal lukkast med breibandssatsing si, treng vi godt lagspel. Innbyggjarane må skjønne at breiband (les fiber) er like viktig som straumtilkopling var i si tid. Vi må òg forstå at dette vil koste noko, for teknologien er ikkje billeg. Han er likevel ei investering som har svært lang levetid.

 

Kommunen bør samarbeide med område som manglar fiberdekning, vere med på å skaffe pengar der utbygging kostar for mykje, og passe på at ingen vert attgløymde.

 

Vi kan lære av Gloppen har gjort. Kunne det vere ein idé å invitere organisasjonssjef Geir Liavåg Strand til folkemøte om breibandsutbygging i Sør-Aurdal?