Sist oppdatert: 28.12.2018 09:55

Ei gigantisk gåve til Sør-Aurdal

  Telenor si omfattande satsing på fiberutbygging til 969 adresser i fem område i Sør-Aurdal kom svært overraskande på mange.

Kommunen hadde planar om eit offentleg medfinansiert fiberprosjekt til 150 adresser i Begnadalen og på Leirskogen. I kommunestyresak 018/18 les vi at heile prosjektet var kostnadsrekna til 10 362 000 kroner.

Eigenbetaling per adresse skulle vere 10 000 kroner, tilskott frå utbyggjar
30 000 kr per adresse, støtte frå NKOM 1 454 000 kr, støtte frå fylkeskommunen 1 453 950 kr og kommunal støtte skulle vere på 1 454 000 kr. Den offentlege støtta til kvar adresse skulle altså vere på vel 29 000 kr.

Så kom Telenor på banen og gav tilbod til eit ukjent tal adresser som var omfatta av den opprinnelege planen kommunen hadde. Det svært spesielle er at dette selskapet tilbaud seg å gjere arbeidet utan etableringskostnader eller offentleg medfinansiering.

Tysdag 19. september kom saka opp att i kommunestyret. Sak 018/18 var ikkje lenka opp, og den nye saka, 061/18, tek ikkje opp att heile finansieringsplanen frå sak 018/18. Vi får vite at kommunen er i gang med å erstatte dei nye adressene, men det er ikkje opplyst kva for kriterium ein vel ut nye adresser etter, kor dei nye adressene er, og heller ikkje kor mange adresser det er plass til i det reviderte prosjektet.

Då kommunestyret behandla den nye saka, var merksemda i stor grad retta mot merknaden Elling Fekjær foreslo. Ein redigert versjon vart til slutt samrøystes vedteken:

Sør-Aurdal kommune må støtte de fastboende husstandene økonomisk der det ikke er mulig å få til kommersiell utbygging.

Fleire politikarar uttrykte stor glede over Telenor si satsing i kommunen. Fekjær knytte saka opp mot prosjektet "Aktiv bosetting" som kommunestyret nettopp hadde vedteke: "Dette må være aktiv bosetting på sitt beste, et godt instrument for å få folk til å bo, virke, utvikle seg og trives."

Rådmannen sitt innlegg i debatten forundra oss. Han peika på at det kunne by på utfordringar å finne kriterium for kven som skulle få støtte til utbygging.

Etter vårt syn er dette ei svært enkel sak å handsame for alle i kommunen: Vi må heie fram utbygginga Telenor har teke initiativ til. Salsmåla dette selskapet hadde sett, vart nådde i alle områda som hadde fått tilbod. Det er difor håp om at prosjekta vert realiserte.

Så må vi oppfordre selskapet til å tilby utbygging i område som ikkje har noko tilbod. Der det ikkje er mogleg å få til kommersiell utbygging til ein akseptabel pris, må ein bruke støtte ein kan få av kommunen, NKOM og fylket.