Sist oppdatert: 24.02.2018 13:38

10 millionar brukt før spaden er i jorda

 

ARNE HEIMESTØL

Orienteringa kommunestyret fekk om Sør-Aurdalshallen torsdag, førte til sterke reaksjonar
.

 

 

Det var plansjef Svein Granli og bygningsingeniør Oddleiv Juvkam som orienterte kommunestyret om kor saka om Sør-Aurdalshallen står. Prosjektet har vore ute på anbod, og to firma har levert tilbod. Kommunen har enno ikkje kåra ein vinnar. Plansjefen slo fast at at kostnadskalkylane Sweco hadde lagt fram, hadde vist seg å vere for låge.


10 millionar brukt
– Prosjekteringa har til no kosta 10 millionar kroner. Ei omprosjektering vil føre til nye kostnader, sa plansjefen som la til at samspelsfasen ikkje  har starta enno. Juvkam fortalde at denne fasen vil ta tre månader.

 

Kan få ned kostnadene
Byggherren kan gå inn i prosjektet og detaljere det. Entreprenøren ein vel, kan også komme med forslag til innsparingar. Før dette arbeidet startar, vert det skrive ei samspelskontrakt. – Det er dumt å gå inn i ei samspelsfase om ein ikkje har tru på at ein kan komme i mål, sa Juvkam. – Stor endringar vil bety avlysing. Det meste ein kan håpe på, er 15 % reduksjon.


Må ha 17 millionar meir
Kommunestyret fekk så opplyst at det rimelegaste tilbodet er på 169 millionar kroner. Juvkam såg det som realistisk at ein kan spare inn fem millionar. Nettokostnaden for kommunen vert 106 millionar – 17 millionar kroner meir enn det som kommunestyret har fastsett som øvre kostnadsgrense.


Oppslag frå formannskapet
I pausen spurde vi Juvkam om det hadde kome inn nye opplysningar i høve til orienteringa ha ga til formannskapet. Det hadde det ikkje.

  • Her kan du lese orienteringa formannskapet fekk 8.2.

  • Oppslag etter siste formannskapsmøte finn du her.

Saksgangen vidare
Ordførar Kåre Helland (Sp) sa at ein ikkje kunne gjere vedtak i ei orientering, men la til at ein kunne ta temaet inn som sak seinare i møtet. Eit anna alternativ ville vere å kalle inn til ekstraordinært kommunestyremøte. Då ville administrasjonen få i oppgåve å utgreie saka.


Delte meiningar
– Eg føler meg ført bak lyset, sa Magne Damslora (Ap) etter at orienteringa var over. – 89 millionar er ramma vi har vedteke, sa Elling Fekjær (TPK), og han stilte spørsmål om kva som må til for å komme ned i pris.


– Vi må ha eit nytt kommunestyremøte og behandle denne saka skikkeleg, meinte Olav Kristian Huseby (H). Her fekk han støtte av Harald Liodden (KrF). – Vi kan ikkje gjere vedtak i ei orienteringssak, og ramma vi har vedteke før, er absolutt. Anne-Margrethe Wilter (Sp) ville også ha nytt kommunestyremøte – og det meinte ho måtte kome før ein sette i gang samspelsfasen.

 

Svein Gunnar Huset (Sp) var sterkt kritisk til den siste utviklinga i saka.
– Det er umogleg å komme innafor ramma vi har på 139,4 millionar kroner. Går vi vidare no, bryt vi med det kommunestyret tidlegare har vedteke.


– Den beste måten å spare, er å komme i gang no, meinte Lars Erik Thorsrud (Sp).

 

Stig Solbrekken (Ap) viste til at arbeid i Fossvangområdet alt er igangsett.
– Trekkjer vi oss no, taper vi det vi har investert i prosjektering. – Eg meiner vi bør prøve å kome i land.


Marit Hougsrud (Sp) peika på ulike alternativ. Ein kan stoppe prosjektet. Då tapar ein midlar som er brukt på prosjektering. Det er også mogleg å pusse opp C-blokka for 70 millionar kroner. Eller kommunestyret kan halde fram med å bevilge pengar.


Elling Fekjær (TPK) var klar på at ein uansett må ha eit ekstraordinært kommunestyremøte med ei skikkeleg sak til behandling. Han la til at ein ikkje måtte redusere areal som skulane har behov for.


Svein Erik Vold (Sp) meinte det er for seint å snu. – Alt vi har i bygget no, er noko vi treng.


Emmy Bakkom (KrF) ville ha nytt kommunestyremøte så snart som mogleg.
– Det er dei lovpålagde oppgåvene vi må prioritere. Då held det til dømes med eit basseng på 12,5 meter. Vi må også sjå på utviklinga i folketalet i kommunen. Vi skal vere glade om vi kan oppretthalde innbyggartalet vi har i dag. No er det på tide å redusere omfanget på byggeprosjektet slik at vi kan komme i gang.


Magnhild Huseby (H) tok også til orde for eit nytt kommunestyremøte og minte om at kommunestyret har ansvar for andre lovpålagde oppgåver enn det som vart diskutert i dette møtet.

 

Med bakgrunn i ytringane som hadde kome, sa ordføraren at han ville kalle inn til eit ekstraordinært formannskapsmøte neste veke. Eit nytt kommunestyremøte meinte han måtte kome før påske.