Sist oppdatert: 02.08.2018 05:43

Kan vi lære noko av Gloppen om breibands-utbygging?

 

ARNE HEIMESTØL
Gloppen kommune i Sogn og Fjordane syter for at så godt som alle dei 5900 innbyggjarane i kommunen får tilbod om fiber. To husstandar får radiobreiband. Det er brukt/løyvd vel 20 millionar kroner til utbygginga i tillegg til det utbyggjarane investerer.

 

Den utvida brukarbetalinga er bestemt av kommunestyret til 5000 kr per husstand der prosjektet har fått statsstøtte, og 6000 kr per husstand der kommunen åleine løyver midlane.

 

Med eitt unnatak har kommunen halde på desse satsane. Unntaket var eit bygdelag som var tidleg ute, og som på eige initiativ inngjekk avtale med kommunen om 10 000 kr i eigendel for å få realisert prosjektet sitt.

 

Eigen breibandsplan
17. februar 2017 vedtok kommunestyret eigen breibandsplan for Gloppen.

Målet med planen var å sikre full breibanddekning av høg kapasitet (minimum 100 Mbit/s symmetrisk) i heile kommunen innan utgangen av 2020.

Planen viser status for breibanddekninga i kommunen, drøftar dei utfordringane som ligg i å oppnå full dekning, og gjev eit overslag over kva dette vil koste.

 

Planen var grunnlag for søknad om statlege og fylkeskommunale midlar til breibandutbygging i kommunen.

  • Her kan du lese om breibandsatsing i Sogn og Fjordane fylke.

Offentleg støtte
Både internasjonalt og nasjonalt vert breibandkapasiteten delt i tre ulike klassar:

  1. Kvite område: Mindre enn 4 Mbit/s

  2. Grå område: Mellom 4 Mbit/s og 30 Mbit/s

  3. Svarte område: Over 30 Mbit/s

Nasjonale og internasjonale støtteordningar til utbygging av breiband følgjer desse klassane ved at det er lov å gje offentleg støtte til breibandutbygging i kvite og grå område, men ikkje i svarte. Støtteordningane er retta mot fastbuande.

 

Teknologi
I klarspråk skildrar planen ulike teknologiar og konkluderer med at fiber er løysinga kommunen skal satse på, for fiberkablar kan levere svært stor kapasitet. Dessutan er kapasiteten lik for nedlasting og opplasting. Teknologivalet følgjer same mal som Sogn og Fjordane fylke legg opp til.

Økonomi
Organisasjonssjef Geir Liavåg Strand er ein viktig ressursperson for kommunen i denne saka. Han har gjeve oss desse tala:

 

Samla for fullført og planlagde breibandprosjekt i Gloppen:

  • Støtte frå staten (NKOM) og fylkeskommunen: 10 493 058 kr

  • Tilskot frå kommunen: 4 119 938 kr

  • Utvida brukarbetaling: 5 444 950 kr

Det vil seie at det totalt er brukt/løyvd 20 057 946 kr for å få fiber utbygd til alle i Gloppen. I tillegg kjem selskapa (Telenor og Enivest) sine eigne investeringar.

 

Innspurten

– Offisielt er det 522 husstandar som no får dekning ved hjelp av offentleg tilskot i den siste delen av utbygginga. Kommunen kan ikkje gje tilskot til dei husa som ligg nærast Telenor sine sentralar. Det er ofte slik at leverandørarane som vinn anboda, for eiga rekning byggjer ut desse områda, skriv Liavåg Strand. – I vårt tilfelle er ca. 100 husstandar i denne kategorien. Totalt sett får dermed ca. 625 fiberdekning no. 

 

Denne siste utbygginga kostar 11,3 millionar kr. Av dette er 8 millionar kr støtte frå stat og fylke, 1 million kr kommunal støtte og 2,3 millionar kr (5000 kr per husstand) frå innbyggjarane.

Ingen attgløymd
Gloppen kommune har som mål at alle skal få tilbod om breiband av høg kvalitet. Ved årsskiftet 2019/2020 vil det vere tre hus att utan fiber. Dette er hus på to veglause gardar på sørsida av Nordfjorden (Skeistrand og Hyeneset). Desse får tilbod om radiobreiband. Den tredje veglause garden, Skjerdalen, får fiber.