Sist oppdatert: 20.10.2018 21:38

Ope brev til dei som har noko med det

  ARNE HEIMESTØL

Eg har i mange år engasjert meg for å få til større, betre og raskare utbygging av digital kommunikasjon i Hedalen og resten av Sør-Aurdal kommune
.

Mobiltelefonnettet til Telenor og Telia Sonera er i stor grad oppgradert til 4G. Der ville Telenor først ha kommunal medfinansiering. Då selskapet oppdaga at Telia Sonera alt var i gang med si utbygging – utan å spørje kommunen om ei einaste krone – fekk pipa ein annan lyd. Konkurranse viste seg å vere bra.

Fiberutbygging har dei siste åra oppteke meg mykje. Eg er svært glad for det som har skjedd til no i kommunen vår. Sist torsdag fekk vi vite at Goplerud skal få fiber. Snuoperasjonen Eidsiva Bredbånd her har gjort, fortener selskapet stor ros for. Korleis dei får det til, er mindre interessant, men faktum er i alle fall at den avsidesliggjande garden sør i Hedalen no får fiber med 106 000 kroner i rabatt. Håpet mitt er at vi kan unngå at andre bustader i kommunen skal bli attgløymer – som Goplerud har vore i snart to år i denne saka.

Det er minst fire sentrale aktørar som vil avgjerde om dei som enno manglar fiber, vil få det: Sør-Aurdal kommune, Eidsiva Bredbånd, Sør-Aurdal Energi og dei som bestiller oppkobling.

Sør-Aurdal kommune
Kommunestyret har vedteke eit prosjekt for auka busetnad der vidare utbygging av breiband er eitt av områda ein skal arbeide med. Eg ser ingen grunn til at ein ikkje kan starte alt no, og utfordrar ordførar Kåre Helland til å skrive innlegg ut frå desse spørsmåla:

  1. Kan du ta initiativ til eit folkemøte om fiberutbygging der ulike aktørar er med?

  2. Kva kan kommunen, eventuelt i samarbeid med fylket, bidra med i vidare breibandssatsing i Sør-Aurdal?

SAE
Sør-Aurdal Energi byggjer ut og eig mykje av fibernettet i kommunen. Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til dagleg leiar, Nils-Martin Sætrang:

  1. Kva kan SAE gjere for å få til ei raskast mogleg fiberutbygging til dei som ynskjer det i kommunen vår?

  2. Eg er kjend med at selskapet legg til rette for fiberutbygging når dei oppgraderer lågspent- og høgspentnettet. Kva for kostnader høyrer då heime i nettleiga, og kva kostnader må dei som bestiller fiber, rekne med å betale for?

  3. Selskapet eig mykje av infrastrukturen som vert brukt til fiberutbygging.

    1. Kan andre enn Eidsiva Bredbånd bruke denne infrastrukturen?

    2. Kva svar kan selskapet gje på det siste utspelet Hedalen bygdeutval har kome med om fiberutbygging?

    3. Kva kan SAE gjere for at vidare fiberutbygging kan bli så kostnadseffektiv som mogleg?

Eidsiva Bredbånd
Eg vart kopla til fibernettet for eit års tid sidan. Nettet har fungert strålande. Det er stabilt, og selskapet leverer nettfarten eg betalar for. Dette betyr svært mykje for meg som er storbrukar av nettet.

Samstundes må eg seie at eg er skuffa over at ikkje fleire har fått tilbod om fiber til no. Her kjem spørsmåla:

  1. Korleis kan Eidsiva og SAE betre samhandle slik at vi får til ei raskare utbygging av fiber i Sør-Aurdal?

  2. Transportnettet frå Bergum i Hedalen til Søre Stugarden og vidare til Sukke sentral er ikkje på plass. Korleis kan Eidsvia få fortgang i denne saka?

  3. Korleis ser selskapet på kommersiell utbygging til hyttefolket i Sør-Aurdal?

Dei som vil ha nett
Då vi fekk gjennomført utbygging i Brunbakklia og Skolehagen, hadde vi krav om 100 % oppslutning om prosjektet skulle verte noko av. Til slutt var det berre to adresser som ikkje vart med, men prosjektet vart gjennomført.

Andre stader ser eg at Eidsiva krev 80 % deltaking før prosjekt vert godkjende.

Uansett er det bygdeutvalet i Hedalen no har gjort, viktig. Dei har laga oppdatert liste over kven som ynskjer å få fiber nord for Hallum sentral.

Offentlege midlar til vidare utbygging kan vere ei løysing, men eg trur det er mogleg å få til kommersiell utbygging fleire stader viss mange nok melder seg på. 10 000 kroner i tilkoplingsavgift er etter mitt syn akseptabel pris for den beste kommunikasjonsteknologien vi kan få.

Er du ein av dei som ikkje har fått, og heller ikkje har meldt interesse for fiber; ja, så bør du straks halde møte i heimen og få fortgang i saka.