Sist oppdatert: 01.12.2019 21:51

Med Statsteatret til Pakistan

  TEKST: ELDOR BRÅTHEN
BILDE OG VIDEO: ARNE G. PERLESTENBAKKEN


Nå nærmer vi oss slutten, men ennå var det meir, syng vi i Hedalsvisa hans Edvard Elsrud.

Det same kan dei fem dugande skodespelarane i Statsteatret seie. Deira ambisiøse plan om ti dykk ned i norsk soge frå 1066 og tusen år framover, og såleis forklare kven vi er og kvifor vi har vorte slik, er komne helt fram til våre dagar.

Noko «framandfolk» har det vel vore her til alle tider, men redsla for at dei skal verta for mange og påverke, eller beint fram ruinere norsk økonomi og kultur, er kanskje meir vanleg no enn tidlegare?

Nordmenn og andre europearar drog i hopetal til Amerika, tok knekken på indiansk kultur og ein vel fungerande naturbasert økonomi, bygde sine eigne kyrkjer og sende pengar heim. Det vart, og vert framleis, vel omtykt og omtala.

Her heime fekk samane svi som følgje av fornorskinga og mista jord og vatn, men dei har no vorte så kulturmedvitne og krevjande at dei snart dominerer både underhaldning og nyhende. Båe desse epokane i norsk historie har Statsteatret vore innom.

I spelstykke nr. 9 tek Statsteatret oss med til Lahore i Pakistan. Samanlikna med Noreg er vel Pakistan for lågkostland å rekne, og eit norsk filmteam med mange kreditorar og svak økonomi dreg dit for å lage ein thriller av internasjonalt kaliber.

Når teamet tillegg kjempar ein kamp mot klokka, korrupsjon og konspirasjonsteoriar, og «pakistansk-norske» skodespelarar har utvikla noko ulikt syn på kva som kan etast, kva «jihad» eigentleg er, og somt anna, er problema ikkje langt unna.

– Det vi har drive med frå stykke nummer åtte: 1980-Aker Brygge byd på nye utfordringar, sa Cato Storenge da eg prata med han ved butikken nokre timar før første forestllinga laurdag. – No er vi i samtida ,og folk kan «kontrollere» oss ut frå eigne erfaringar og haldningar.

Statsteatret kjem tilbake til Hedalen 7. november, fekk vi opplyst frå scena. Cato fyller 40 dagen etter! Jubileumsforestillinga for Statsteatret, og Cato, ber namnet : 2066- enda en konge. At vi gler oss over all måte, er vel unødvendig å seie.

– Nokon lyt dra ut for å få brukt evnene sine fullt ut, og er gode ambassadørar for kommunen og bygda. Andre finn bustad og arbeid her heime. Og sjølv om det er langt på sida av ei teatermelding, siterer eg Edvard Elsrud og Hedalsvisa ein gong til: - Bygda lever videre. De unge setter bo.

PS. Laurdagen i Hedalen begynte med jolemesse på skolen og basar til inntekt for m.a. eit sjukehus i Nepal, og vart altså avslutta på Lokalet med ein tur til Pakistan. Vi er kanskje ikkje så nærsynte som somme vil ha det til?