Sist oppdatert: 11.01.2019 22:04

– Ikkje ei krone meir!

  Hedalen idrettslag skal renovere lysløypa ved skolen for vel 1,47 millionar kroner, men får inga støtte frå kommunen – og må vente inntil fire år på tippemidlar. Samstundes søkjer kommunen om tippemidlar til klatrevegg i Sør-Aurdalshallen – eit nytt tiltak der kommunal medfinansiering høyrer med.

Formannskapet tok omsyn til idrettsrådet sitt ynskje om å få klatrevegg inn i idretten sin handlingsplan. Vi meiner kommunestyret burde ha fått dette som eiga sak i desembermøtet. Det er dette organet som har mynde til å endre romplanen for hallen og til å bevilge midlar til prosjektet. Etter vårt syn vart dette endå eit eksempel på mangelfull saksbehandling i kommunen.

Vi kan i denne samanheng også minne om at Sør-Aurdal kommune er medeigar i Valdres Storhall, som gjennom den nye tunnelen ligg mindre enn 20 minutt unna. Her er det allereie ein stor klatrevegg i bruk.

Årlege kostnader til forvaltning, drift og vedlikehald av Sør-Aurdalshallen vil frå 2022 vere på minst 3,56 millionar kr. I tillegg kjem årleg renter og avdrag på lån på mellom 4 og 5 millionar kroner – med det rentenivået vi har i dag.

Det som skal skje i månadene som kjem, er ikkje ein konsekvens av ei naturkatastrofe, men i høgste grad resultatet av administrative innstillingar og politiske beslutningar. I juni 2017 vedtok kommunestyret samrøystes at den vedtekne kostnadsramma på Sør-Aurdalshallen på 89 millionar kroner ikkje skulle endrast. Dette var nettkostnaden. Bruttotalet var 139,4 millionar kroner. – Ikkje ei krone meir! vart det sagt. Då prosjektet vart banka gjennom i juni 2018, var ein oppe i 160 millionar kroner.

Spørsmålet er kva vi har i vente når rådmannen no skal gje råd om kva som må til for å få ein berekraftig økonomi i åra som kjem. Vi fryktar at den sterke satsinga på eitt idrettsanlegg i kommunesenteret kan føre til utarming av tilbod i dei andre bygdene, men òg til trongare kår for frivillig arbeid generelt i kommunen vår.

Driftstilpasningsprosessar har vi hatt fleire av dei siste ti åra. No har sparetiltaka fått nytt namn – men utan at realitetane er endra. Vi merka oss likevel kva rådmannen sa i eit innlegg i budsjettmøtet: – No er det slutt på å bruke ostehøvelen! Det kan bli andre enn Hedalen idrettslag som får høyre:
– Ikkje ei krone meir!

– Sør-Aurdal skal ha ny hall, men må han vere så stor og dyr? spurde eksrådmann Håkon Rydland, før han vart oppsagd. Hadde han eit poeng?