Sist oppdatert: 03.05.2019 18:15

Desse må me verkeleg stryke med håra og hjelpa!

  Kjære alle saman! I dag har eg tenkt å setta søkelyset på eit tema som sikkert har vore oppe til diskusjon sidan Adam og Eva si tid. Håret!

Slik eg les historia, så har det vore kvinnene som har vore mest i vinden når det gjelde hårmotar. Fagre filmstjerner har sjarmert menn til alle tider.

Men no er vel unge kvinner meir opptekne av å retta opp såkalla skavankar på kroppen sin enn å følgje hårmotar? Dei fiksar det meste gjennom plastisk kirurgi. Snart kan dei vel kjøpa kloning av utsjåanden til forbilda sine. Då står det berre att korleis dei skal kunne klona personlegdomen og bankkontoen deira òg.

Det ser altså ut som om mannen no har teke over hårmoten. Kanskje ikkje alle menn. Eg tenker mest på dei beste fotballspelarane i Noreg og resten av verda. Eg, som alltid har trudd at fotballspelarane skulle vera artistar og ikkje stylistar! Dei fleste av dei ser i dag ut som utstellengsdokker for frisørbransjen. Når dei entrar fotballbanen, er dei skikkeleg styla. Dei har nye hårmotar og fargar nesten kvar gong dei spelar ein ny kamp.

Når eg ser ein fotballspelar med farga hanekam og lakka, styla hår på TV, tenkjer eg at han er på feil stad. Han kan ikkje på alvor meina at den skitne ballen eller det sure høljeregnet skal få øydelegga det arbeidet som frisøren/stylisten har lagt ned? Kvifor er han på fotballbanen? Kvifor er han ikkje på kafé, restaurant, bar, filmstudio eller deltek på moteshow? Eg berre spør?

Når far min tykkjer eg skal klippa håret, så dreg han meg inn føre fjernsynet, peikar på dei oppstilte spelarane og seier: «Her ser du kva som er siste mote. Eg synest du skal velja ein av desse hårmotane.» Ein gong spurte eg han om far hans gjorde det same med han, då han var ung. Då fekk eg dette svaret: «Nei, eg fekk ein tube med noko som heitte brylkrem ein gong i veka, for at eg skulle sjå ut som Elvis. Dersom eg brukte opp all kremen før veka var omme, så måtte eg klare meg med smør.»

For dei som ikkje veit kva brylkrem er/var, så er det noko tilsvarande dagens hårgele, berre det at brylkrem var feit krem på tube med noko parfyme i. Dersom ein ikkje vaska håret før ein gjekk og la seg, så kunne ein risikera at hovudet neste dag sat fast i hovedputa. Ansiktskrem var då ikkje naudsynt. Dersom du ikkje veit kven Elvis er, så er dette berre å google i veg.

Idrettsutøvarar er svært opptekne av å tena pengar på sponsorar. Dei meiner dei tener for lite. Det er verkeleg synd på dei stakkarane! Det er vel derfor media er så opptekne av å skriva om kor lite dei tenar. Éin gong året kan me lesa i avisene kor dårleg det står til med dei.

Det har i det siste vore mykje snakk om reklame på slalomhjelmar, og kor mykje pengar det er å tena på dette. No kan vel ikkje fotballspelarar bruka hjelm med «Red Bull» eller «Telenor» på. Men tenk om det kunne finne opp noko som fotballspelarar kunne bruka slik at dei kunne tena pengar på styling- og hårprodukt. Kanskje ein idé kan vera at dei tatoverar inn reklamen i panna, sidan så mange av fotballspelarane likar å visa fram dei mange tatoveringane sine?

Med hovudreklame kunne dei også hatt råd til helikopter i staden for å sitta fast i trafikken i sine miljøvennlege bilar med 500 hestekrefer i. Profesjonelle fotballspelarar har dårleg tid. Dei trenar ca. to timar kvar dag, spelar dataspel i ca. 5–8 timar i tillegg til å drive med hårstyling. Då vert det dårleg med tid att til å slappa av. Dersom dei kunne ha bruka hovudreklame, så hadde dei også hatt råd til transport med helikopter og ekstra massasje.

Derfor kjære deg, hjelp dei stakkars fotballspelarane! Finn opp noko som gjer at dei lettare kan tena pengar på hårmotar og styling.

Alexander, Thailand