Sist oppdatert: 05.05.2019 18:28

Set dagsorden

  Sør-Aurdal Arbeiderparti har gjennom 1. mai-markeringa og innlegg frå listekandidat Finn Olav Teslo sett dagsorden for ein særs viktig debatt føre kommunestyrevalet 2019. Partiet, som har for vane å stemme samla, går inn for å bevare skulane i bygdene.

For mange er dette som manna frå himmelen. Skulestrid har ridd kommunen som ei mare dei ti siste åra. Kan vi vente at fleire sluttar seg til det Ap seier, slik at vi får fred no?

Sikkert er det at det Arbeiderpartiet har gjort, vil utfordre andre lister. I Senterpartiet ser vi at meiningane er delte. Dei to listetoppane til komande val har ikkje vore i fremste rekkje for å skape ro rundt skolane. Samstundes har dette partiet representantar i sitjande kommunestyre som er ihuga tilhengarar av desentralisert skolestruktur. Vert Marit Hougsrud ordførar, kan det hende at ho får ei staurbør å bere som mildt sagt sprikjer.

Kor dei andre listene og listekandidatane står, har vi ikkje oversikt over. Vi forventar at veljarane får vite dette i god tid før valet. Det er sjølvsagt lov å ha ulike oppfatningar om skolestruktur, men når veljarane skal seie sitt, må dei ha rett til å vite kven og kva det er dei stemmer på.