Sist oppdatert: 01.10.2019 19:32

Godt og gale om helse i Sør-Aurdal

  Sør-Aurdal kommune har lagt fram folkehelseoversikten 2019. Formannskapet fekk dokumentet som sak i siste møte, og det nye kommunestyret skal behandle saka seinare.

– Sør-Aurdal kommune sitt hovudmål sett frå folkehelseperspektiv er at innbyggarane skal leve gode liv i eit trygt samfunn, les vi i dokumentet.

Dokumentet er interessant. Her finn vi mykje faktainformasjon. Sør-Aurdal har innbyggarar som rapporterer om høg trivsel og lang butid. Lett tilgang til natur og friluftsliv gjev mange moglegheiter for aktivitet og rekreasjon. Det er positivt for folkehelsa.

Det som kjem fram på side 11 i dokumentet, gjev grunn til bekymring. Her får vi opplyst at talet på personar som er i kontakt med primærhelsetenesta på grunn av hjarte- og karsjukdommar, er høgast i Valdres og høgare enn i landet. Samstundes er talet på personar som vert lagde inn på sjukehus på grunn av slike sjukdommar, lågast i Valdres og tydeleg lågare enn landet.

Døyelegheita på grunn av hjarte- og karsjukdommar i Sør-Aurdal er høg, særleg blant kvinner, men også blant menn.

Vidare les vi at bruken av primærhelseteneste ved psykiske sjukdommar aukar. Samanlikna med Oppland og landet er det større bruk av roande og vanedannande middel i Sør-Aurdal.

Sør-Aurdal kommune fortener ros for rapporten som no er lagd fram. Kommunen bør gå inn bak tala vi finn i dokumentet, og snarast råd komme opp med konkrete tiltak.