Sist oppdatert: 25.01.2020 13:48

Humor i kommunestyresalen

  ARNE HEIMESTØL

Kven skal få viljen sin? Ja, det vart eit artig sidetema i kommunestyret torsdag.


Olav Kristian Huseby (H) og Inger Lise Damslora (Ap) i ein pause i møtet

Ved starten av møtet fortalde ordførar Marit Hougsrud at representantane Ingrid Øyhus og Lars Erik Thorsrud frå Senterpartiet hadde meldt forfall. Det hadde berre lukkast å kalle inn éin varareresentant – Oddvin Sørbøen. Dermed hadde Senterpartiet og Høgre til saman 10 representantar. Opposisjonen hadde 8. Det kunne ha lagt grunnen for like stemmetal i røystingar.

Sak 005/20 handla om Forvaltningsrevisjon Oppvekst i Sør-Aurdal kommune. Rådmannen hadde lagt fram saka utan forslag til vedtak.

Olav Kristian Huseby (H) var raskt frampå og foreslo at rådmannen skulle leggje fram ein handlingsplan for korleis kommunen skal følgje opp konklusjonane i rapporten. Dette ville han ha gjort innan utgangen av februar.

Både rådmann Haakon Boye Ludvigsen og kommunalsjef Inger Randi Islandsmoen Kleven meinte at det var behov for meir tid til å utføre dette arbeidet.

Desse utsegnene førte til gruppemøte der Høgre og Senterpartiet heldt i hop, og Tverrpolitisk kommuneliste, Framstegspartiet og Arbeiderpartiet gjekk til eit anna rom for å pønske ut om dei kunne bli samde om å foreslå ei løysing på saka.

Då møtet kom i gang att, la Huseby, på vegne av Senterpartiet og Høgre, fram nytt forslag til vedtak:

Administrasjonen legger fram hvilke tiltak som er iverksatt eller planlagt iverksatt i juni 2020.

No var det Inger Lise Damslora sin tur til å komme på talarstolen. – Vi i opposisjonen likte det første forslaget Huseby kom med, betre, og vil røyste for det.

Dette førte til god humring i salen, og Huseby lo etter kvart godt med.

Då ordføraren hadde gjennomført voteringa, vart det klart at det siste fellesforslaget frå Høgre og Senterpartiet fekk 10 av 18 stemmer.

Kva for forslag Huseby meinte var best, seier soga ikkje noko om.