Sist oppdatert: 03.04.2020 18:31

Ros til kommunen

  Torsdag 2. april var ein historisk dag for Sør-Aurdal kommune. For første gong vart eit kommunestyremøte gjennomført som nettmøte. "Valdres" og Hedalen.no var inviterte til å vere med som observatørar.

Både kommunestyrerepresentantar og tilsette i administrasjonen fekk logga seg inn i Teams, og møtet vart leia med stø hand av ordførar Marit Hougsrud. Kommunedirektør Haakon Boie Ludvigsen hadde sytt for innlogg til alle som skulle vere med.


Marit Hougsrud, Laila Nereng, Bjørn Gustavsen og Haakon Boie Ludvigsen
Skjermdropp fra kommunestyremøtet

Knapt to timar varte møtet. Når nokon ville ha ordet, varsla dei dette i chatten, og mikrofon var berre på når ein skulle seie noko. Forsamlinga var disiplinert, og sakene vart behandla på forsvarleg måte. Debatt vart det òg. Magnhild Huseby Bolstad ville ikkje at Vedtaksrett for adressenamn/ vegnamn skulle delegerast til formannskapet. Dette fekk ho etter kvart kommunestyret med på.

Størst inntrykk gjorde orienteringa kommunalsjef for helse og omsorg, Laila Nereng, ga i starten av møtet. Vi visste ein del om kva kristestaben og tilsette i kommunen gjer i desse dagar, men var ikkje klar over kor omfattande arbeidet har vore – og er. Dette meiner vi er svært viktig informasjon for innbyggarane i kommunen vår.

I mange tettstadar i verda klappar innbyggarane for dei som tek eit ekstra tak i den vanskelege koronatida. Vi meiner det er flott om innbyggjarar i Sør-Aurdal finn høvelege måtar å takke på. Det er svært mange som no gjer det dei kan for at vi skal kome trygt gjennom krisetida vi er inne i.