Sist oppdatert: 28.03.2020 16:17

Vi kjem vel gjennom det

  ELDOR BRÅTHEN

– Jag ville jag vore i Indialand
och Indien vore her,
skreiv ein svensk lyrikar for ein del år sidan.

«Indien» er ofseleg langt unna, men vi skulle gjerne ha vore ein tur til Bergen no i mars, og når det nærmar seg «Påsken», hadde bergensarane våre tenkt seg hit. Slike gleder lyt ein no avstå frå, og det er stussleg.

Det er ikkje anna å seie om det. Messenger er ei erstatning, men enno uvant for ein som slutta i skolen medan tavle og kritt var vanlege hjelpemiddel. Noko lyt ein finne på til trøyst, og eg har prøvd å skrive ein limerick.

I dessa koronatider
er det mange byfolk som lider.
Dom tenker på hytta
dom helst skulle nytta,
men laut balle seg heimatt – og bli der.

Og vi som bur her på landet
med kontor det er stritt å bemanne,
forstår frustrasjonen
kring denna koronen,
men lyer på dessa som kan det.

– De lyse sider skal du se,
jeg kan da hurtigt nevne tre .

Slik var litt av teksten til ein dansk filmmelodi for mange år sidan. Kva for film, kan kanskje vera ein høveleg kviss, utan at eg vil lova premie. Kan hende vinnaren får ytre seg på hedalen.no med eitt eller anna, men det er det ikkje opp til meg å avgjera. Slikt noko bestemmer redaktøren. Han og faste medarbeidar lyt få ein stor takk og gratulasjon i desse dagar. Nettstaden hedalen.no er ein skikkeleg bra informasjonskanal, og med litt økonomisk stønad er det von om at han blir enda betre.

Eg var på handletur i dag. Fekk handla det vi treng til helga, og litt lenger fram. Takk til butikkane! I tillegg trefte eg folk og fekk interessante samtaler.
Med høyreapparatet tilkopla går det greitt å halda føreskriven avstand.

Siste blomane i dag vil eg gje til Sør-Aurdal kommune. Eg kunne ha drege fram fleire, men vel denne gongen å nemne dei som står for informasjonen på nettsida til kommunen. Det vert lett mange ord i og om den spesielle situasjonen vi no er oppe i, så mange at det er vanskeleg å få med seg dei ein har nytte av.

Da er det godt å kunne seie at koronainformasjonen frå Sør-Aurdal kommunale synest oppdatert og opplysande og, utan for mange ord, lar oss få greie på det vi no har å halda oss til.