t



Publisert:  18.04.20

 

 

Herleg humør på haustfest i Hedalen 

-Av Guro -

Nokon er glade for å vere ferdige, nokon er glade for å starte. Tre jenter har fullført eit niårs løp, og kan ta imot den høgaste utmerkinga i 4H; plaketten. Fem miniaspirantar har hatt sit fyrste år i Ildjarnstad 4H.  

Berit Perlestenbakken, Marte Grøv og Brita Cecilie Skoglund la fram sitt siste 4H-prosjekt på haustfesten på Hedalen skule laurdag. Dei tre jentene har alle vore aktivt med i styret i ei årrekkje. Under fylkesleieren i Hedalen for to år sia, hadde dei og mange oppgåver.  

Brita synte seg, i løpet av kvelden, som ein talentfull leiar i klubben. Ho delte ut råd og gåver med glimt i auget. Til dømes fekk den ferske klubbrådgjevaren, Ruth Heidi Grønbeck, ei handbok om 4H. Bakgrunnen var hennar faste kommentar «Æ hakke peiling, men berre deleger mæ». Ruth Heidi kvitterte galant med at mottoet for 4H er: ”Å lære ved å gjøre.”  

Eit aktivt år 

Ildjarnstad har hatt eit aktivt år med fleire overnattingsturar og aktivitetar ute, med blant anna sparkkarneval, Vassfarbrøtning og tur med eigne kanoar. Klubben har nemleg kjøpt seg tre kanoar som har vorte døypt Berte, Berit og Brita. Ildjarnstad har sin «eigen» skog. Der har medlemmar sjølve arrangert tevlingsdag med til dømes volleyball, putekrig, natursti og suppekoking.  

Miniaspirantar  

For fyrste gong har Ildjarnstad 4H miniaspirantar. Bokstaveleg talt nokon trollungar, i alle fall på scena, då dei framstod som det femhova trollet under brua. Aspirantklubben framførde eventyret «Dei fire små H-ane som skulle til seters for å verte store H-ar». Dei rette aspirantane var dei fire små H-ane. Ein etter ein flaug både Hove, Hjarte, Hender og Helse over brua. Desse fire redda trollet fram til slutt.  

- Kristin Klemmetsrud og Guro Lie har vore aspirantleiarane våre. Dei har vore veldig flinke, fortalde sisteårs aspirant Kristian Nordby.  

Kristin fortel at det har vore kjempeartig å vere leiar, og at det har vore ein triveleg gjeng.  

- Eg rår andre til å ta dette prosjektet. Du lærer å planleggje og gjennomføre aktivitetar. Du får og sjå kor ulike ungar er.  

Livleg på scena 

Gleda frå scena smitta publikum. Det var fleire danseinnslag med høgt nivå. Ispedd gode vitsar, songar og konkurransar vart underhaldninga eit døme på skapande og livsglad ungdom. Torunn Fossholm og Kristin Klemmetsrud var glade programleiarar.    

Ein fryd for auget

Heile salen vart nytta til utstillingar av 4H-prosjekt. Det må vere moro for dei unge å syne fram interessene sine på slik eit fint og høgtidleg vis. Ann Kristin Anmarkrud, representant for Oppland 4H, roste klubben for festen. Ho delte ut merkje for godkjend deltaking og oppgåve. 

Små og store på fest 

To bestemødrer kom med barnebarna for å «venje» dei til 4H, sa dei. Dei var sjølve nokon av dei fyrste medlemmane i Ildjarnstad 4H. No må vi berre vone dei beheld gleda, og at lokalmiljøet støttar opp om 4H. Underteikna angrar ikkje at ho nytta  laurdagskvelden sin på haustfesten.  

* 4H er ein verdsomspennande organisasjon for unge mellom 10 og 25.

* Organisasjonen vert driven av ungdommen sjølve.

* Ildjarnstad 4H er 46 år.

* I dag har vi 34 medlemmar.

* Ved sia av å delta i lagsarbeid utfører 4H-medlemmet kvart år eit prosjekt eller ei oppgåve. Resultatet av alt dette vert synt fram på haustfesten.

* 4H sitt formål er å utvikle ein arbeidsglad og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for alle menneske, naturressursar og levevilkår.


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |