t



Publisert:  18.04.20

 

 

Elgjakt, eit slit eller ferie?

-Av Jonn-

Denne sesongen har vore svært tung for elgjegerane. Elgen har muliges halde seg langt i frå jegeranes tildelte jaktområde, og det har vore vanskeleg for hundane å jage elgen inn på rett plass. Snøen har nok litt av skylda, og kan hende også bjørnen.


Elgjakta starta i år som vanleg med fyrste jaktdag 25. september. Å ta ein titt på veret, er ikkje dumt. Avisene melde at det skulle bli bra, men ein visste ikkje om det kom snø.

I Hedalen er det veldig populært å jakte. Jakta er den tida på året alle jegerar ser fram til. Å sitje på post og vente i – 20 *C er ikkje så morosamt, men det hender av og til, og som regel får ein påskjøning.

Dei siste åra har mange jegerar nytta nye måtar å jakte på. Til dømes å setje ut saltsteinar. Fraktinga av elgen går for seg med maskinar. Før i tida brukte dei tau eller bar han. Elgane vart flådde, skorne opp og behandla. Skinnet er veldig fint og varmt. Mange tar hovudet og viser det som eit symbol på ved for eksempel å hengje det på veggen.

--Midt i denne jaktsesongen kom snøen svært overraska på alle, fortel Arne Steinsrud.  Det ”lamma” dei fleste jegerane svært da det snødde tungt og vått i to døgn. Fleire måtte gi opp jakta og la dagen gå uten å røre eit gevær. Det var umogleg å kome seg fram i skogen. Nå som Stortinget har vedteke at det ikkje er lov å kjøre snøscooter utan løyve, er det ikkje alltid så lett å kome seg fram til postane.  Veret vart fort godt att, og kanskje kunne det bli ei vellykka jakt for dei fleste denne hausten likevel.

Bjørn truga elgen

I år var bjørnen eit problem i elgjakta. Det galdt også Hedalen som har hatt vitjing av ein slagbjørn. Bjørnen har slege i hel fem, elgar. Ein i Vidalen, tre oppå myra over til Begnadalen. Den siste elgen vart funnen i Vassfaret. Alle var opprivne, og det var eit stygt syn.

--Korleis har du opplevd denne hausten som elgjegar, Stenrud?

- Det var fin jakt med fint ver i byrjinga, og passe med elg. Mot slutten kom det mykje snø. Det vart eit problem å bruke hund. Ein dag begynte hunden min å jage etter elg ved Aurdalsfjorden og fortsette mot Sørbøsfjell.

Så for han vidare innom øystre og vestre Dytthølsknatten før han stansa i stålos og heldt på til langt utpå kvelden. Hunden gjekk attende til utgangspunktet. Han søkte nok etter elgen oppe på Sørbøsfjell. Vi leitte etter hunden frå morgon og til litt utpå natta, men fant han ikkje.

Det var to som fortsette å leite etter hunden på morgonen. Då høyrde dei hunden ule som ein ulv, og gjekk etter lyden. Dei såg han, men kunne ikkje komme opp. Det var for bratt. Det måtte to klatrarar til for å hente ned hunden, og dei brukte tre timer på arbeidet. Høgdeforskjellen var på fem hundre meter. Hunden vart redda etter to døgn på ei fjellhylle utan mat.

--Veit du årsaka til vanskane i haust?

- Det var jo snøen som var eit av problema. Elgen kunne vere redd for å stoppe for hundane også. Vi fann eit utgravd bjørnehi under ei maurtue, og det kunne vere at hunden var redd for å møte på bjørn.

--Korleis har du opplevd hunden din under jakta?

- Eg er veldig fornøgd. Han finn elgen med ein gong, og gir seg ikkje før han har funne elgen sjølv om det er langt utpå kvelden. Hunden min har fått fyrstepremie på jaktprøva.

--Har de fylt kvoten dykkar?

- Ja, det greidde vi. Med femten elgar, det var det same som i fjor, fortel Arne-

--Kor er jaktområdet dykkar?

--Det er i søre Vassfaret, frå Mana til Nevlingen. Det er bra med elg i området, og stammane er jamne. Vi rekna med ein nedgang i stammen fordi kvotene har vore for store. Det er skote for mange ungdyr. Dei utnyttar vinterbeita godt og produserer mest kjøtt om vinteren.

--Korleis har veret og føret vore?

- Fyrste del av jakta var det bra ver, men så kom snøen, og då var det nokon som jakta med ski på beina. Det var ikkje så bra fordi elgen høyrde dei og stakk av. Vi skaut ein elg etter at snøen kom.

--Kan du fortelje litt om korleis det er med ventinga før  elgjakta startar ?

- Vi rekna med ein nedgang, men vi hadde håp om at vi skulle klare kvoten vår. Iblant har hundane kome til hus utan eigar. Slitne har dei tusla heimover aleine etter dagens dårlege fangst, men denne månaden har uansett vore veldig viktig for alle jegerane.

Jaktlaget mitt såg ein hund som kom frå Hallingdal. Akkurat da jaga hunden min ein elg over til elgjegerane i Hallingdal slik at dei fekk skote den. Ein av grunnane til at hundane kjem utan jeger, er at dei arbeider sjølvstendig. Men det er slik som hender, avsluttar Arne Stensrud

Fangstresultat i Hedalen

Storustemarka 4 av 5
Vassfaret: 15 av 15
Middagsknatten: 3 av 4
Fesjiåsen: 7 av 7
Hedalen nord, Strøen, Hedalen vest og Kapputåsen 37 av 48
Vidalen: 1 av 2
Fossholtmarka: 1 av 1
Goplerud: 1 av 2
Landsend: 5 av 5 
Sum: 74 av 89


Nabobygda

I nabobygda Begnadalen har jegerane skote til saman ca 41 av 53 elgar viser ein statistikk frå elgbørsen på http://www.begnadalen.no/oppslag2002/33.htm.

 
Søre Vassfaret frå Mana til Nevlingen

Jaktlaget:

Arne Stensrud
Bjarne Berg
Knut Erik Digene
Jan Bragerhaug
Magne Omsrud
Ole Elsrud Gjesme
Tor Einar Fekjær
Jan Johansen 
Leif Johansen


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |