Før
jeg begynte i Fekjær og småsamfunnsprosjektet, jobbet jeg i
Valdresskigard. På kveldene snakket vi ofte om Sør Aurdal sine
muligheter. Da jeg fikk spørsmål om å komme med ukens kommentar til
Hedalen.no, kom jeg til å tenke på et brev en tidligere kollega har
sendt kommunen. Med hans tillatelse blir brevet gjengitt her. Brevet
er noe redigert og forkortet.
Gunnar Haugen
Kvifor flytte
tilbake til Sør-Aurdal?
-Av Jørn Damslora-
-
Det er keisamt der.
-
Det er vanskeleg for folk med utdanning å finne utfordrande
jobb der.
-
Alle bryr seg med, og talar om det eg gjer.
-
Eg ynskjer å jobbe ein stad der eg har eit kollegium å
diskutera vanskelege avgjerder med, institusjonane i Sør-Aurdal er
ikkje store nok.
-
Eg må møte pasientane mine på fritida og.
-
Vi fekk ikkje jobb begge to.
-
Dei på kommunehuset er vrange.
-
Politikarane gjer ingenting for at vi skal bli her.
Dette er påstandar ein kan
høyre om Sør-Aurdal. Om det er sant eller ikkje, spelar liten rolle,
når tankane er allmenne.
Eg som skriv dette er fødd og
oppvaksen i Sør-Aurdal. Er no 28 år. Om sensorane vil det slik, er eg
utdanna adjunkt til våren. På dette tidspunktet av livet, om ikkje
før, byrjar ein å ta standpunkt til ein del viktige avgjere:
Dette er spørsmål som ikkje
er så viktige for meg førebels. Ikkje har eg familie, eg trivst i
mange kulturar, utdanninga er relevant for heile Noreg og nokre andre
land i tillegg, eg har hobbyar som kan drivast overalt, eg står
økonomisk ganske fritt.
Likevel har eg i sumar tenkt
mykje på kvifor ungdom skal bli værande i Sør-Aurdal. Det er fleire
grunnar for at eg ofrar tid på dette brevet. Det som vart
utslaggjevande var ein fest eg hadde heime natt til 1.mai. Eg bad
nokre nye sambygdingar, deriblant ei jente eg ikkje kjente. Ho
var saman med ein kamerat av meg. Ho hadde nett sagt opp jobben, fordi
ho mistreivst i Bagn. Etter festen sa ho: hadde denne festen vore i
august, så hadde eg kanskje funne nokre vener i bygda, slik at eg
vorte her lenger enn eit år. Etter denne samtala avgjorde eg at
erfaringane og meiningane eg har om ungdom og Sør-Aurdal må kome
politikarane for øyre.
Brevet kjem seint, men likevel tidleg. Det er lenge sidan 1.mai. I
tida etter 1.mai har eg snakka med mange
SørAurdøler som studerer borte, jobbar borte, har flytta
attende og ikkje Sør-Aurdøler som har gjort Sør-Aurdøler av seg. Eg
har rett og slett fått fleire innspel om korleis kommunen kan verta
meir attraktiv for ungdom. Felles for alle desse gruppene er at dei
støttar ideen med å sende brevet til kommunen. Brevet kjem tidleg
fordi eg ikkje er ferdig med å samle erfaringane til alle dei nemnte
gruppene. Eg meinar likevel eg har nok interessant stoff til å sende
brevet no.
Det er tre konkrete problem
eg meiner de/vi må ta tak i:
-
Hovudutfordringa, slik eg
ser det er at: miljøet er for lite. Det er sannsynleg at dette, også
for meg, er grunnen dersom eg ikkje flytter attende til Sør-Aurdal.
-
Den andre utfordringa er å greie
å ta i mot nye sambygdingar. Det er ikkje lett å kome ny til ei bygd
der framandfrykta råder. Med dette meiner eg ikkje rasisme, men frykt
for dei nye. Du er ikkje godteke som Sør-Aurdøl dersom du ikkje er
fødd av ei mor som er Sør-Aurdøl (dette har eg av mange nye
sambygdingar, nokre av dei er importert frå eksotiske plassar som t.d.
Nord-Aurdal). Denne haldninga greier vi ikkje å snu med det fyrste,
men vi kan gjera ein del tiltak.
-
Den tredje problemstillinga har
Lars Sponheim klare tankar om. Mykje av det negative som vert knytt
til det å bu i distriktet, har distrikta lansert og marknadsført
sjølve. Dette er eg heilt samd med han i.
Korleis
skapa eit større miljø?
Her ser eg fleire
moglegheiter med ulike krav til kroner og nytenking.
-
Skap mange nye arbeidsplassar for kvinner. Det vert stadig
større bruk for rehabiliteringsheimar innan helsevesenet. Eg kan nemne
spelegale, alkohollikarar, ungdomskriminelle, overvektige, narkomane,
trafikkoffere m.m. som grupper med manglande behandlingstilbod.
Institusjonar som handsamar slike ”ofre” er ofte kvinnedominert.
Sør-Aurdal har i seinare år eksportert mange sjukepleiarar I tillegg
er mange sjukepleiarar og fysioterapeutar under utdanning. Av dei eg
snakkar med er ein slik institusjon noko dei ser som ein aktuell
arbeidsplass i framtida. Ein slik behandlingsstad vil og skape eit
større fagleg og sosialt miljø, og kan på sikt medverke til at
kommunen også får folk i dei kommunale omsorgstillingane. Ein annan
positiv side ved eit slik senter, er at det trengs legar, økonomar,
dagleg leiar og andre folk med høgare utdanning. Senteret bør sikkert
vera privat eller statleg, men grunnsteinane må kommunen leggja.
-
Det ligg eit stort potensiale for kontaktnett innan
hyttenæringa. Eg har mange vener innan padlesporten. Mange av dei har
hytte i området. For meg og andre lokale padlarar er det eit
høgdepunkt når desse er på hytta. Eg kjenner til at dei ved fleire
høve har lagt padleturen til Valdres fordi vi bur der. I tillegg til
at eg har vener på vitjing, kan padlesporten og tilhøyrande
kontaktnett på denne måten krediterast nokre overnattingsdøgn, og auka
handel i regionen vår. Eg er sikker på at det er mange andre
Sør-Aurdøler som har felles interesser med ein del hyttefolk.
Utfordringa dykkar vert å medvirke til meir kontakt mellom hyttefolk
og fastbuande.
-
Eit betre samhald mellom bygdene i kommunen gjer også eit
større miljø for dei som ynskjer å bu der. Eg vel å konsentrera meg om
endringar eg meiner de bør gjennomføre for skuleelevar, då mi erfaring
er at dei over 35 år har levd for lenge i bygderivaliseringa. Dette eg
no kjem med byggjer i stor grad på minst 10 år gamle erfaringar, samt
tankar frå L97. Mykje innan skule kan vera endra på 10 år, så kanskje
er det uaktuelle tankar som kjem her.
Det at Sør-Aurdal førebels har berre ein symjehall, kan nyttast som
fordel, dersom ein legg opp til sosialt samvær når hedølane likevel er
på Bagn. Mens 9. kl. plaskar rundt i vatnet, kan 8. kl. spele fotball
mot 8. kl. frå Bagn. Dei SAUSerane som har heimekunnskap kan be 9. kl.
inn på middag når symjetimen er ferdig. Begningane kan framføre ei
dramatisering av Vilfanden for eit entusiastisk publikum, det er berre
fantasien som set grenser.
Skuleturar bør leggjast
saman. Kjennskap til lokalkulturen er viktig. Det er ingen grunn til
at begningar ikkje skal kjenne til tømmerfløtinga eller bjørnehia i
Vassfaret, eller at hedølane ikkje skal vitja Bagnsbergatn.
Vidare er Mikkjel Fønhus og Edvard Elsrud personar vi bør kjenne til.
Kor mange begningar har vitja Sør-Aurdal sitt høgaste punkt, eller
kjenner til tilbodet Vassfaret leirskule gjer? Eller enda viktigare,
det er ingen grunn til at begningane ikkje skal kjenne hedølane før
vidaregåande.
Korleis
taka betre vare på nye sambygdingar, eller lokke utflytta Sør-Aurdølar
attende?
-
Kvart år kjem det nokre stakkarar til bygda. Eit år seinare
forsvinn mange av dei utan at ”nokon” merkar det. Dei har ikkje greidd
å skapa seg kontaktnett i kommunen. Her meiner eg kommunen kan gjere
fleire ting. Dei kan utnemne fadrar som skal presentere kommunen og
innbyggarane for dei nye sambygdingane. Det treng ikkje vera kjedeleg
i Sør-Aurdal, for dei som klarar den håplause jobben å navigere i vårt
mylder av lag og organisasjonar. For ukjente trur eg hjelp er
naudsynt. Som alternativ, eller tillegg, til ei fadderordning kan
kommunen lage eit arrangement kvar haust, der nettverk og kjennskap
til Sør-Aurdal kommune er temaet. Fadderordninga og /eller festen bør
omfatte praksisstudentar som kjem hit også.
-
Eg vart skremd, og håpar det var ei voldsam svartmåling, då eg
høyrde at 2 unge par som ynskte å byggja hus i Bagn, fekk meldinga at
det ikkje er mogleg å få hustomt i Bagn før om 2 år, dersom dei vinn
loddtrekninga vel og merke. Begge para ser Fagernes som ein meir
attraktivt stad enn Reinli, Leirskogen, Hølera osv. (Sikkert vanskeleg
å skjøna for desse over 35 år som eg har omtala tidlegare, men ein
sjølvsagt ting for fleirtalet av dei ungdommane som søkjer mot urbane
stadar).
Det eine paret har allereie sett på husvære på Fagernes. Flytter 4
ungdommar frå Bagn av den grunn, er det ei stor kommunal tabbe. Har de
ikkje andre strakstiltak å setja inn, får de tilby dei å kjøpa
kommunale bustader i sentrum billig. Mange meiner det er betre å eige
enn å leige. Veldig billig leige i to år, kan og vera ei løysing for
dei som forpliktar seg til å kjøpe tomt. Det står nokre gamle hus i
Bagn. Kjøp tomta, riv husa og sel tomta att. Er ryktet sant, så må de
gjere noko i DAG.
-
Ryktet seier at det ikkje lenger er pengestønad frå kommunen
for å byggja hus. Eg kjenner til at det er stønad for sjukepleiarar
som forpliktar seg til å jobbe der eit år eller to. Er dette fornuftig
pengebruk? Kven blir lengst i kommunen? Dei som tek ei
sjukepleiarutdanning, eller dei som byggjer hus der?
-
Tidlegare inviterte kommunen alle studentar attende til ei
årleg samling. Dette vart det slutt på. Eg padlar saman med ein
Vågåværing. Om ein ser bort frå Haakonetableringa er det denne årlege
samlinga han dreg fram som det viktigaste resultatet av det kjende
Vågåprosjektet.
Ei slik samling gjer moglegheit for å: fortelja om kommunale planar
som helseinstitusjonen eg foreslo, styre studentar inn på
hovudoppgåver som gagnar kommunen, marknadsføre nye bustad- og
hyttefelt som etablerast, finne ut kva studentane ynskjer av kommunen,
å fortelja kva jobbar som er ledige (undersøkingar viser at berre 25%
av jobbane i Noreg vert annonsert) osb. Det viktigaste med ei slik
samling er likevel det signalet studentane får om at dei er ei
interessant gruppe for Sør-Aurdal. NB! Ei slik samling kan ikkje
leiast av ein byråkrat som gjer det fordi saken hamna på pulten hans.
Engasjement, tru på Sør-Aurdal og interesse for ungdommen må vera
drivkrafta!
Nokon bør ta initiativ til ein klassesamling 10
eller 15 år etter fullført ungdomsskule.
Kommunen kan nytta eit slikt høve på same måten
som dei brukar studentsamlinga.
Korleis marknadsføre Sør-Aurdal som
ei god kommune å bu i?
-
Finnes det andre kanalar enn massemedia når lokalpolitikarar
ynskjer å meddela fylkespolitikkarar eller stortingspolitikarar at
økonomien og moglegheita for styring er elendig? Eg meiner dei
positive sidene ved å bu i Sør-Aurdal druknar i dette maset. Vert det
gjenteke ofte nok, så trur snart eg og at det ikkje er liv laga å bu
og jobbe i Bagn. I mine øyre er det stor skilnad på det å spare og det
å prøva og få meir for pengane.
Det er også naudsynt
med vikarar i skulen. Mitt poeng er at enkelte jobbar som ikkje set
krav til 8-16 arbeidstid kan slåast saman om viljen er til stades og
etatsgrenser gløymast. Slike samanslåingar ser folk på som eit
fornuftig tiltak for å få meir ut av pengane, i motsetnad til det
negative” for å spare pengar”.
-
Det er utvilsamt mykje
vedlikehaldsarbeid og miljøarbeid som kan utførast i Sør-Aurdal. Bagn
Vel har gjort ein god jobb i Bagn sentrum i så måte, og fleir med dei
har medverka. Mitt spørsmål her er om Sør-Aurdal kommune er dyktige
nok til å skaffa ”gratis” arbeidskraft. I Tønsberg treffer eg mange
som har avtent verneplikta si som sivilarbeidarar i idrettslag,
kommunar, ungdomsklubbar osv. Ligg det eit potensiale for Sør-Aurdal
på dette området? SVU, idrettslaga og kommunen i saman kan sikkert
nytta både 2 og 3 sivilarbeidarar. Når eg som idrettslagleiar såg
planane for Bagn barneskule sitt uteområde var min fyrste tanke: kan
dette kombinerast med tilbodet dei gjev på Slidreøya?
-
Dersom det ikkje eksisterer ei liste med positive sider med å
bu på bygda i staden for i byen, bør de laga den lista og marknadsføre
den i staden for den dårlege økonomien. Det er billig å bu, stort og
billig aktivitetstilbod, endå reistar av eit varmt samfunn, lite
forureining. Det vert opp til dykk å laga lista lenger. Lista må vera
klar til bruk den dagen de vel å samla studentane.
-
Mange eg pratar med meiner avisa Valdres ikkje har noko stoff
frå Sør-Aurdal. Mi erfaring er at det er vanskeleg å få journalistar
til kommunen. Er det slik at Sør-Aurdal vert nedprioritert i
lokalavisa så er dette eit stort problem om ein ynskjer eit image som
seier at det skjer noko her. Sett nokon til å studere avisa i 2 mnd.
med utgangspunkt i fordelinga av stoffet dei har. Dei som sitt på
turistinformasjonen kan kanskje gjere denne jobben.
-
Finn eit image for Sør-Aurdal som skil oss frå andre kommunar.
Det eksisterer mange villmarkskommunar i landet. Det er også mange
kommunar som har mykje meir ”villmark” enn oss. Mitt forslag er ”
Sør-Aurdal- den sikraste kommunen å vera i”. Dette krev sjølvsagt ein
del forarbeid. Fyrstehjelpsopplæringa må oppgraderast veldig på alle
skulane. Raude Kross, ambulansetenesta, brannvesen og politi må
skolere alle Sør-Aurdøler i fyrstehjelp. Får ein til ein slik image,
kan dette seinare brukast til å byggje opp kursverksemd for verksemder
og liknande. For eksempel kan flåteturar med fyrstehjelpstrening ha
eit potensial for bedriftsmarknaden.
-
Store arrangement gjev marknadsføring av kommunen. I stor grad
er organisasjonane i Sør-Aurdal for små til store arrangement. Dei som
har prøvd seg på slike arrangement, har erfart at vær har stor
innverknad på økonomien. Mi erfaring med Sør-Aurdal marknaden er at
både BIL og BIL meinar arrangementet er viktig for bygda.
Arrangementet krev mykje organisering, og ildsjelar brenn seg ut på
arbeidet, utan garanti for at laget sitt at med overskot. Det er
faktisk moglegheit for 30-40.000 i underskot. Utfordringa med
samarbeid og arbeidsinnsats må laga ta. Det eg trur kommunen bør
gjere, er å stille med er ein underskotsgaranti på 30-40.000 ved store
arrangement. Pengane kan t.d. takast frå næringsfondet, verksemder som
er med i SVU, eller tiggast av ei verksemd med stort overskot.
-
Kommunen er dårleg til å marknadsføre ting vi er gode på.
Næringsfondet er ukjent for veldig mange. Vi har gratis lån av
gymnastikksalar, møtelokalar osv. Flåteferdene er eit 0 tiltak som
vart starta og blir drifta av næringslivet. Folk må minnast på slike
ting i blant.
-
Lag og organisasjonar må ha ei betre moglegheit til å
marknadsføre aktivitetane sine mot lokalbefolkninga og hytteturistane.
Ei utviding av SAPO, eller eit samarbeid med soknerådet og bladet
deira, kan vera både effektivt og kostnadsreduserande for intern
marknadsføring. Betre tilgang på utsendingane SVU har, kan vera eit
middel for å nå hyttefolket. Leiarar av hyttevela bør inn i oversikta
med lag og foreiningar i Sør-Aurdal. Etablering av eit felles e-mail
register for alle med tilknyttning til Sør-Aurdal kan og gje ein del
moglegheiter. Internettsider med interesse for Sør-Aurdøler bør stå i
alle SAPOane (tenkjer på hedalen.no, Begnadalen skule, Hedalen I.L.
SVU og andre som har heimeside).
-
Sjekk om det er mogleg å annonsere ledige stillingar på ein
betre måte. Kan det vere ein ide og lage ark der fleire stillingar
utlysast samstundes? Desse arka kan hengjast opp på høgskuler osv.
Veldig mange unge er på utkikk etter jobb for to. Snikker og
sjukepleiar er døme på ein kombinasjon vi bør søkje etter.
Eg håpar brevet inneheld ein
del konstruktive og kreative innspel i ein debatt eg veit er starta
for lenge sidan. Eg sender dette brevet fordi eg er overtydd om at
gjennomføring av nokre av desse forslaga, kan medvirka til å taka
livet av nokre av dei påstandane eg opna brevet med. Med 110
registrerte lag og organisasjonar, og den velvilja eg har møtt dei
gongene eg har ynskt å starta noko nytt, er eg ikkje samd i at det er
keisamt i Sør-Aurdal. Vi må samstundes hugse at det står ein gjeng på
Oslo City og snakkar om kor keisamt det er i Oslo. I Tønsberg står
dei utanfor Farmanstredet.
At dei på kommunehuset er vrange kan eg heller ikkje støtta, med
unntak av ca ¼. For denne ¼ har eg inntrykk av at frykta for å gjere
feil, er større enn gleda ved å handla riktig. Om dette stemmer, så er
det noko kommunen bør ta tak i. Ein ting er i alle høve sikkert, eg
personleg føler at alle på kommunehuset, og andre kommunale stillingar
gjer sitt for at eg skal trivast i Sør-Aurdal. At alle bryr seg med
kva eg gjer, har og ein fordel. Kor ofte høyrer vi ikkje om folk i
byane som er borte i lengre tid før nokon
bryr seg? Er det ikkje ein fordel å bu på ein liten stad når tragediar
rammar familiar? Det å finna utfordrande jobb i Sør-Aurdal er ikkje
lett, med kommunesamanslåing vert det nok enda verre, men alt ligg til
rette for å starta ein eigen spannande arbeidsplass i kommunen. Jobben
dykkar vert å auke intensiteten i inspirasjon og tilrettelegging. Å
vere grunder er ofte eit spørsmål om å ha styrke og mot til å ta det
fyrste steget.
Om noko av det eg har skreve
er uklart, feil eller interessant, så er de hjarteleg velkomne til å
kontakta meg.
Jørn Damslora
E-post:
bagn@mix.hive.no
|