t


Kommentaren

Publisert:  19.04.20


 

 

 


Før jeg begynte i Fekjær og småsamfunnsprosjektet, jobbet jeg i Valdresskigard. På kveldene snakket vi ofte om Sør Aurdal sine muligheter. Da jeg fikk spørsmål om å komme med ukens kommentar til Hedalen.no,  kom jeg til å tenke på et brev en tidligere kollega har sendt kommunen. Med hans tillatelse blir brevet gjengitt her. Brevet er noe redigert og forkortet. 

Gunnar Haugen

Kvifor flytte tilbake til Sør-Aurdal?

-Av Jørn Damslora-

-         Det er keisamt der.

-         Det er vanskeleg for folk med utdanning å finne utfordrande jobb der.

-         Alle bryr seg med, og talar om det eg gjer.

-         Eg ynskjer å jobbe ein stad der eg har eit kollegium å diskutera vanskelege avgjerder med, institusjonane i Sør-Aurdal er ikkje store nok.

-         Eg må møte pasientane mine på fritida og.

-         Vi fekk ikkje jobb begge to.

-         Dei på kommunehuset er vrange.

-         Politikarane gjer ingenting for at vi skal bli her. 

Dette er påstandar ein kan høyre om Sør-Aurdal. Om det er sant eller ikkje, spelar liten rolle, når tankane er allmenne.  

Eg som skriv dette er fødd og oppvaksen i Sør-Aurdal. Er no 28 år. Om sensorane vil det slik, er eg utdanna adjunkt til våren. På dette tidspunktet av livet, om ikkje før, byrjar ein å ta standpunkt til ein del viktige avgjere:

  • kva jobb ynskjer eg?

  • kor skal eg bu 

  • vil familien trivast der

  • kva fritidsaktivitetar er viktige for meg

  • kva har eg økonomi til å gjennomføra?

Dette er spørsmål som ikkje er så viktige for meg førebels. Ikkje har eg familie, eg trivst i mange kulturar, utdanninga er relevant for heile Noreg og nokre andre land i tillegg, eg har hobbyar som kan drivast overalt, eg står økonomisk ganske fritt.

Likevel har eg i sumar tenkt mykje på kvifor ungdom skal bli værande i Sør-Aurdal. Det er fleire grunnar for at eg ofrar tid på dette brevet. Det som vart utslaggjevande var ein fest eg hadde heime natt til 1.mai. Eg bad nokre nye sambygdingar, deriblant ei jente eg ikkje kjente. Ho var saman med ein kamerat av meg. Ho hadde nett sagt opp jobben, fordi ho mistreivst i Bagn. Etter festen sa ho: hadde denne festen vore i august, så hadde eg kanskje funne nokre vener i bygda, slik at eg vorte her lenger enn eit år. Etter denne samtala avgjorde eg at erfaringane og meiningane eg har om ungdom og Sør-Aurdal må kome politikarane for øyre. 

Brevet kjem seint, men likevel tidleg. Det er lenge sidan 1.mai. I tida etter 1.mai har eg snakka med mange SørAurdøler som studerer borte, jobbar borte, har flytta attende og ikkje Sør-Aurdøler som har gjort Sør-Aurdøler av seg. Eg har rett og slett fått fleire innspel om korleis kommunen kan verta meir attraktiv for ungdom. Felles for alle desse gruppene er at dei støttar ideen med å sende brevet til kommunen. Brevet kjem tidleg fordi eg ikkje er ferdig med å samle erfaringane til alle dei nemnte gruppene. Eg meinar likevel eg har nok interessant stoff til å sende brevet no.  

Det er tre konkrete problem eg meiner de/vi må ta tak i:  

-          Hovudutfordringa, slik eg ser det er at: miljøet er for lite. Det er sannsynleg at dette, også for meg, er grunnen dersom eg ikkje flytter attende til Sør-Aurdal.  

-         Den andre utfordringa er å greie å ta i mot nye sambygdingar. Det er ikkje lett å kome ny til ei bygd der framandfrykta råder. Med dette meiner eg ikkje rasisme, men frykt for dei nye. Du er ikkje godteke som Sør-Aurdøl dersom du ikkje er fødd av ei mor som er Sør-Aurdøl (dette har eg av mange nye sambygdingar, nokre av dei er importert frå eksotiske plassar som t.d. Nord-Aurdal). Denne haldninga greier vi ikkje å snu med det fyrste, men vi kan gjera ein del tiltak. 

-         Den tredje problemstillinga har Lars Sponheim klare tankar om. Mykje av det negative som vert knytt til det å bu i distriktet, har distrikta lansert og marknadsført sjølve. Dette er eg heilt samd med han i.  

Korleis skapa eit større miljø? 

Her ser eg fleire moglegheiter med ulike krav til kroner og nytenking. 

-         Skap mange nye arbeidsplassar for kvinner. Det vert stadig større bruk for rehabiliteringsheimar innan helsevesenet. Eg kan nemne spelegale, alkohollikarar, ungdomskriminelle, overvektige, narkomane, trafikkoffere m.m. som grupper med manglande behandlingstilbod.

Institusjonar som handsamar slike ”ofre” er ofte kvinnedominert. Sør-Aurdal har i seinare år eksportert mange sjukepleiarar I tillegg er mange sjukepleiarar og fysioterapeutar under utdanning. Av dei eg snakkar med er ein slik institusjon noko dei ser som ein aktuell arbeidsplass i framtida. Ein slik behandlingsstad vil og skape eit større fagleg og sosialt miljø, og kan på sikt medverke til at kommunen også får folk i dei kommunale omsorgstillingane. Ein annan positiv side ved eit slik senter, er at det trengs legar, økonomar, dagleg leiar og andre folk med høgare utdanning. Senteret bør sikkert vera privat eller statleg, men grunnsteinane må kommunen leggja. 

-         Det ligg eit stort potensiale for kontaktnett innan hyttenæringa. Eg har mange vener innan padlesporten. Mange av dei har hytte i området. For meg og andre lokale padlarar er det eit høgdepunkt når desse er på hytta. Eg kjenner til at dei ved fleire høve har lagt padleturen til Valdres fordi vi bur der. I tillegg til at eg har vener på vitjing,  kan padlesporten og tilhøyrande kontaktnett på denne måten krediterast nokre overnattingsdøgn, og auka handel i regionen vår. Eg er sikker på at det er mange andre Sør-Aurdøler som har felles interesser med ein del hyttefolk. Utfordringa dykkar vert å medvirke til meir kontakt mellom hyttefolk og fastbuande.  

-         Eit betre samhald mellom bygdene i kommunen gjer også eit større miljø for dei som ynskjer å bu der. Eg vel å konsentrera meg om endringar eg meiner de bør gjennomføre for skuleelevar, då mi erfaring er at dei over 35 år har levd for lenge i bygderivaliseringa. Dette eg no kjem med byggjer i stor grad på minst 10 år gamle erfaringar, samt tankar frå L97. Mykje innan skule kan vera endra på 10 år, så kanskje er det uaktuelle tankar som kjem her.

Det at Sør-Aurdal førebels har berre ein symjehall, kan nyttast som fordel, dersom ein legg opp til sosialt samvær når hedølane likevel er på Bagn. Mens 9. kl. plaskar rundt i vatnet, kan 8. kl. spele fotball mot 8. kl. frå Bagn. Dei SAUSerane som har heimekunnskap kan be 9. kl. inn på middag når symjetimen er ferdig. Begningane kan framføre ei dramatisering av Vilfanden for eit entusiastisk publikum, det er berre fantasien som set grenser. 

Skuleturar bør leggjast saman. Kjennskap til lokalkulturen er viktig. Det er ingen grunn til at begningar ikkje skal kjenne til tømmerfløtinga eller bjørnehia i Vassfaret, eller at hedølane ikkje skal vitja Bagnsbergatn. Vidare er Mikkjel Fønhus og Edvard Elsrud personar vi bør kjenne til. Kor mange begningar har vitja Sør-Aurdal sitt høgaste punkt, eller kjenner til tilbodet Vassfaret leirskule gjer? Eller enda viktigare, det er ingen grunn til at begningane ikkje skal kjenne hedølane før vidaregåande. 

Korleis taka betre vare på nye sambygdingar, eller lokke utflytta Sør-Aurdølar attende? 

-         Kvart år kjem det nokre stakkarar til bygda. Eit år seinare forsvinn mange av dei utan at ”nokon” merkar det. Dei har ikkje greidd å skapa seg kontaktnett i kommunen. Her meiner eg kommunen kan gjere fleire ting. Dei kan utnemne fadrar som skal presentere kommunen og innbyggarane for dei nye sambygdingane. Det treng ikkje vera kjedeleg i Sør-Aurdal, for dei som klarar den håplause jobben å navigere i vårt mylder av lag og organisasjonar. For ukjente trur eg hjelp er naudsynt. Som alternativ, eller tillegg, til ei fadderordning kan kommunen lage eit arrangement kvar haust, der nettverk og kjennskap til Sør-Aurdal kommune er temaet. Fadderordninga og /eller festen bør omfatte praksisstudentar som kjem hit også. 

-         Eg vart skremd, og håpar det var ei voldsam  svartmåling, då eg høyrde at 2 unge par som ynskte å byggja hus i Bagn, fekk meldinga at det ikkje er mogleg å få hustomt i Bagn før om 2 år, dersom dei vinn loddtrekninga vel og merke. Begge para ser Fagernes som ein meir attraktivt stad enn Reinli, Leirskogen, Hølera osv. (Sikkert vanskeleg å skjøna for desse over 35 år som eg har omtala tidlegare, men ein sjølvsagt ting for fleirtalet av dei ungdommane som søkjer mot urbane stadar).

Det eine paret har allereie sett på husvære på Fagernes. Flytter 4 ungdommar frå Bagn av den grunn, er det ei stor kommunal tabbe. Har de ikkje andre strakstiltak å setja inn, får de tilby dei å kjøpa kommunale bustader i sentrum billig. Mange meiner det er betre å eige enn å leige. Veldig billig leige i to år, kan og vera ei løysing for dei som forpliktar seg til å kjøpe tomt. Det står nokre gamle hus i Bagn. Kjøp tomta, riv husa og sel tomta att.  Er ryktet sant, så må de gjere noko i DAG. 

-         Ryktet seier at det ikkje lenger er pengestønad frå kommunen for å byggja hus. Eg kjenner til at det er stønad for sjukepleiarar som forpliktar seg til å jobbe der eit år eller to. Er dette fornuftig pengebruk? Kven blir lengst i kommunen? Dei som tek ei sjukepleiarutdanning, eller dei som byggjer hus der?  

-         Tidlegare inviterte kommunen alle studentar attende til ei årleg samling. Dette vart det slutt på. Eg padlar saman med ein Vågåværing. Om ein ser bort frå Haakonetableringa er det denne årlege samlinga han dreg fram som det viktigaste resultatet av det kjende Vågåprosjektet.

Ei slik samling gjer moglegheit for å: fortelja om kommunale planar som helseinstitusjonen eg foreslo, styre studentar inn på hovudoppgåver som gagnar kommunen, marknadsføre nye bustad- og hyttefelt som etablerast, finne ut kva studentane ynskjer av kommunen, å fortelja kva jobbar som er ledige (undersøkingar viser at berre 25% av jobbane i Noreg vert annonsert) osb. Det viktigaste med ei slik samling er likevel det signalet studentane får om at dei er ei interessant gruppe for Sør-Aurdal. NB! Ei slik samling kan ikkje leiast av ein byråkrat som gjer det fordi saken hamna på pulten hans. Engasjement, tru på Sør-Aurdal og interesse for ungdommen må vera drivkrafta! 

Nokon bør ta initiativ til ein klassesamling 10 eller 15 år etter fullført ungdomsskule.

Kommunen kan nytta eit slikt høve på same måten som dei brukar studentsamlinga.

    Korleis marknadsføre Sør-Aurdal som ei god kommune å bu i? 

-         Finnes det andre kanalar enn massemedia når lokalpolitikarar ynskjer å meddela fylkespolitikkarar eller stortingspolitikarar at økonomien og moglegheita for styring er elendig? Eg meiner dei positive sidene ved å bu i Sør-Aurdal druknar i dette maset. Vert det gjenteke ofte nok, så trur snart eg og at det ikkje er liv laga å bu og jobbe i Bagn. I mine øyre er det stor skilnad på det å spare og det å prøva og få meir for pengane.

Det er også naudsynt med vikarar i skulen. Mitt poeng er at enkelte jobbar som ikkje set krav til 8-16 arbeidstid kan slåast saman om viljen er til stades og etatsgrenser gløymast. Slike samanslåingar ser folk på som eit fornuftig tiltak for å få meir ut av pengane, i motsetnad til det negative” for å spare pengar”.  

-         Det er utvilsamt mykje vedlikehaldsarbeid og miljøarbeid som kan utførast i Sør-Aurdal. Bagn Vel har gjort ein god jobb i Bagn sentrum i så måte, og fleir med dei har medverka. Mitt spørsmål her er om Sør-Aurdal kommune er dyktige nok til å skaffa ”gratis” arbeidskraft. I Tønsberg treffer eg mange som har avtent verneplikta si som sivilarbeidarar i idrettslag, kommunar, ungdomsklubbar osv. Ligg det eit potensiale for Sør-Aurdal på dette området? SVU, idrettslaga og kommunen i saman kan sikkert nytta både 2 og 3 sivilarbeidarar. Når eg som idrettslagleiar såg planane for Bagn barneskule sitt uteområde var min fyrste tanke: kan dette kombinerast med tilbodet dei gjev på Slidreøya?

-         Dersom det ikkje eksisterer ei liste med positive sider med å bu på bygda i staden for i byen, bør de laga den lista og marknadsføre den i staden for den dårlege økonomien. Det er billig å bu, stort og billig aktivitetstilbod, endå reistar av eit varmt samfunn, lite forureining. Det vert opp til dykk å laga lista lenger. Lista må vera klar til bruk den dagen de vel å samla studentane. 

-         Mange eg pratar med meiner avisa Valdres ikkje har noko stoff frå Sør-Aurdal. Mi erfaring er at det er vanskeleg å få journalistar til kommunen. Er det slik at Sør-Aurdal vert nedprioritert i lokalavisa så er dette eit stort problem om ein ynskjer eit image som seier at det skjer noko her. Sett nokon til å studere avisa i 2 mnd. med utgangspunkt i fordelinga av stoffet dei har. Dei som sitt på turistinformasjonen kan kanskje gjere denne jobben. 

-         Finn eit image for Sør-Aurdal som skil oss frå andre kommunar. Det eksisterer mange villmarkskommunar i landet. Det er også mange kommunar som har mykje meir ”villmark” enn oss. Mitt forslag er ” Sør-Aurdal- den sikraste kommunen å vera i”. Dette krev sjølvsagt ein del forarbeid. Fyrstehjelpsopplæringa må oppgraderast veldig på alle skulane. Raude Kross, ambulansetenesta, brannvesen og politi må skolere alle Sør-Aurdøler i fyrstehjelp. Får ein til ein slik image, kan dette seinare brukast til å byggje opp kursverksemd for verksemder og liknande. For eksempel kan flåteturar med fyrstehjelpstrening ha eit potensial for bedriftsmarknaden. 

-         Store arrangement gjev marknadsføring av kommunen. I stor grad er organisasjonane i Sør-Aurdal for små til store arrangement. Dei som har prøvd seg på slike arrangement, har erfart at vær har stor innverknad på økonomien. Mi erfaring med Sør-Aurdal marknaden er at både BIL og BIL meinar arrangementet er viktig for bygda. Arrangementet krev mykje organisering, og ildsjelar brenn seg ut på arbeidet, utan garanti for at laget sitt at med overskot. Det er faktisk moglegheit for 30-40.000 i underskot. Utfordringa med samarbeid og arbeidsinnsats må laga ta. Det eg trur kommunen bør gjere, er å stille med er ein underskotsgaranti på 30-40.000 ved store arrangement. Pengane kan t.d. takast frå næringsfondet, verksemder som er med i SVU, eller tiggast av ei verksemd med stort overskot.  

-         Kommunen er dårleg til å marknadsføre ting vi er gode på. Næringsfondet er ukjent for veldig mange. Vi har gratis lån av gymnastikksalar, møtelokalar osv. Flåteferdene er eit 0 tiltak som vart starta og blir drifta av næringslivet. Folk må minnast på slike ting i blant.  

-         Lag og organisasjonar må ha ei betre moglegheit til å marknadsføre aktivitetane sine mot lokalbefolkninga og hytteturistane. Ei utviding av SAPO, eller eit samarbeid med soknerådet og bladet deira, kan vera både effektivt og kostnadsreduserande for intern marknadsføring. Betre tilgang på utsendingane SVU har, kan vera eit middel for å nå hyttefolket. Leiarar av hyttevela bør inn i oversikta med lag og foreiningar i Sør-Aurdal. Etablering av eit felles e-mail register for alle med tilknyttning til Sør-Aurdal kan og gje ein del moglegheiter. Internettsider med interesse for Sør-Aurdøler bør stå i alle SAPOane (tenkjer på hedalen.no, Begnadalen skule, Hedalen I.L. SVU og andre som har heimeside). 

-         Sjekk om det er mogleg å annonsere ledige stillingar på ein betre måte. Kan det vere ein ide og lage ark der fleire stillingar utlysast samstundes? Desse arka kan hengjast opp på høgskuler osv. Veldig mange unge er på utkikk etter jobb for to. Snikker og sjukepleiar er døme på ein kombinasjon vi bør søkje etter. 

Eg håpar  brevet inneheld ein del konstruktive og kreative innspel i ein debatt eg veit er starta for lenge sidan. Eg sender dette brevet fordi eg er overtydd om at gjennomføring av nokre av desse forslaga, kan medvirka til å taka livet av nokre av dei påstandane eg opna brevet med. Med 110 registrerte lag og organisasjonar, og den velvilja eg har møtt dei gongene eg har ynskt å starta noko nytt, er eg ikkje samd i at det er keisamt i Sør-Aurdal. Vi må samstundes hugse at det står ein gjeng på Oslo City og snakkar om kor keisamt det er i Oslo. I Tønsberg  står dei utanfor Farmanstredet.

At dei på kommunehuset er vrange kan eg heller ikkje støtta, med unntak av ca ¼. For denne ¼ har eg inntrykk av at frykta for å gjere feil, er større enn gleda ved å handla riktig. Om dette stemmer, så er det noko kommunen bør ta tak i. Ein ting er i alle høve sikkert, eg personleg føler at alle på kommunehuset, og andre kommunale stillingar gjer sitt for at eg skal trivast i Sør-Aurdal. At alle bryr seg med kva eg gjer, har og ein fordel. Kor ofte høyrer vi ikkje om folk i byane som er borte i lengre tid før nokon bryr seg? Er det ikkje ein fordel å bu på ein liten stad når tragediar rammar familiar? Det å finna utfordrande jobb i Sør-Aurdal er ikkje lett, med kommunesamanslåing vert det nok enda verre, men alt ligg til rette for å starta ein eigen spannande arbeidsplass i kommunen. Jobben dykkar vert å auke intensiteten i inspirasjon og tilrettelegging. Å vere grunder er ofte eit spørsmål om å ha styrke og mot til å ta det fyrste steget. 

Om noko av det eg har skreve er uklart, feil eller interessant, så er de hjarteleg velkomne til å kontakta meg.  

Med vennleg helsing

Jørn Damslora 

E-post: bagn@mix.hive.no


 

Nettsideansvar: Arne Heimestøl |