t


Kommentaren

Publisert:  10.11.06


 

 

 


Ringen

- Av Arne Heimestøl-

For eit par veker sidan var kona og eg i Italia.  I ei veke kjørte vi rundt i buss og fekk sjå og oppleve mykje fint.  Eitt av besøka var lagt til ein smykkefabrikk.

Fabrikken i nærleiken av Gardarsjøen var ein del av eit verdsomspennande konsern.  Og eg har sjeldan sett så mykje vakker pynt.  Vi fekk og sjå døme på korleis arbeidarar skaper kunstverka sine i mellom anna gull, smaragdar, diamantar og rubinar.

Eg vart så imponert at eg bad kona finne ein ring ho kunne tenkje seg.  Denne ideen likte Kirsten, og etter få minutt hadde ho funne ein enkel gullring ho ville ha.  Det var då det heile tok til. 

I lokalet var det svært mange fint fjonga ekspeditørar.  Ei dame treiv tak i både Kirsten og meg og tok oss med på eit kontor. Der kom det nye ringar fram, og kona hadde snart fleire nye,  vakre, og ikkje minst, dyrare ringar på fingrane.  Og no kom sjefen sjølv på bøsøk. 

Han fortalde at at ringen Kirsten hadde funne, var i enklaste laget for ei slik dame.  Ein til omlag 10 000 - 20 000 kroner ville høve mykje betre! Han la óg til at han skulle gjere sitt beste for å gje god pris på det vi skulle ha.  Det skulle det ikkje vere nokon tvil om, for her på huset var det berre sjefen sjølv som hadde fullmakt til å forhandle om prisar!

No sat eg i klemma.  Kva skulle ein stakkar svare til slikt? Vi har jo sølvbryllup i år, og ein skal vere varsam med å ta for lite i i slike høve.  Det var då kona kom meg til hjelp.  Ho sa at ho var ei enkel dame og at ho nok hadde funne ringen ho ville ha.

Men italienarane ville ikkje gje seg så lett.  Begge sette opp ei svært sørgmodig mine.  Det var nesten som eg tykte synd i dei.  Til slutt tok eg motet til meg og spurde om eg kunne få betale for ringen kona ville ha.  Eg tok fram kortet mitt.  Dette treiv sjefen, og borte vart han.  Eg var ikkje heilt trygg på kva han ville med det, så eg la på sprang etter han. Betalinga gjekk i orden, og kona fekk ringen sin.

I ettertid har eg tenkt på korleis det ville ha vore i Hedalen om Marit og Marta hadde skikka seg slik når vi skulle handle eitt eller anna.  Glade er vi vel alle for at vi vert sparte for slike ekspeditørar kona og eg møtte i Italia.


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |