Ein gong hørte je ein såkalt vismann si:
Om hundre år er allting glemt og helt forbi.
Denne, her omtalt vismann,
måtte hatt ein dårlig dag,
og itte hadde’n hørt om Hedal’n ungdomslag.
Fyste navnet det var visstnok ”Iljarnstad”.
Skolehuset der var fyste tilholdsstad.
Men ein drøm som vektes tidlig
skulle snart til alvor bli.
Lokalet – det sto klart i nittenhundreogni.
Ungdomslaget hadde heilt frå fyste dag
diskusjon og mange gilde foredrag.
Somme tider kom det følk
som hadde vøre utenlands.
Andre gonger akkerderte dom om dans.
Tida går, og meininger forandre se
om åssen ungdommen i bygda bør se te.
Ein gong hendte det at formann
fann det best å sea frå
at ”etter skumring bør vi itte ut å gå”.
Denna visa her er ingen historikk
om alt som hendte etter hårt som tida gikk,
men ein liten takk for alt
som ungdomlaget har fått te
av kunnskap og av sømmelig fornøyelse.
Har du tenkt på når du sitt her fjerdedag,
alle lange øvingskvelder som ligg bak?
Rett nok fins ei gresk gudinne
frå teatrets fyste tid,
men ho forlaget det at følk kan leksa si.
Treng vi vi ungdomslag? Du spør som du har vett.
Je synes svaret her må vara ganske lett.
Je vil si det slik som ordfører,n,
den gode Krestafør
at ungdomslaget treng vi nå som aldri før.
Gode venner, je har tenkt å slutt nå.
Je er ingen vismann og vil itte spå.
Men om hundreogeitt blir ute,
trur je Hedalen består
så lenge ungdomslaget driv i bygda vår.
Dermed blir til sist min klare konklusjon
denne hyllest te han Olaus Islandsmoen:
Hedal’n ungdomslag det er,
når vi ska si det som det e,
det likeste ein begning no’n gong har fått te!