GAMLE-LOKALET SOM BLE NYTT

 

Tone: Tango for to… 

 

Å, du store mi tid

det var fest på lokalet, det var tango for to.

Og på skrå bortom hjørnet

sto det som dom grudde for, ein kald utedo.

Inne snodde det og trekte det frå vegga

og får vindushøl som knapt hadde glas,

men han Ola bau ho Kari opp

i a-all sin stas.

Så dro dom takten dom to

i skinne’ tå ei lampe med ei ørlita glo,

frå parafin, må du tro,

men spellemannen tok ein HB-slurk og skreik HO!

 

Men så kom det ei tid

da dom fløtte på skul’n med klossetter og strøm.

Og det gamle lokalet sto bortglømt

og halvsov med ein lykkelig drøm:

Tenk om ungdommen kom hitatt,

tenk om trekkspelltoner livna opp

frå kjeller til loft,

og det kviskra borti kroa

der ei jente sa at nå er det stopp.

Men kåken sto der i ro –

ei mus åleine dansa i den innerste kro,

med bare bein utta sko,

og slekk åleine blir det ingen tango for to.

 

Men så skjedde det lell:

dom begynte å spikre, det kom bil etter bil.

Frå ein kassett han Teigen

tok til å –å skrå-å-åle om mil etter mil.

Musa hørte det og tok no’n fine valsetrinn i roa si,

og det skjedde fort.

Og ungdom kom og ungdom gjekk,

og så var det gjort.

Så fint det huset nå ble

med termoglass og innedo og beisa antre’.

Her skal det festes, ho, ho,-

ja, spell nå opp den gode gamle tange for to!

 

Edvard Elsrud