t


Kommentaren

Publisert:  10.11.06

Tida

LARS ERIK

Har ikkje tid, seier vi ofte til kvarandre. Tida går så fort at ein får ikkje gjort noko i det heile tatt. Når eg kjem heim att frå skolen, må eg gjere lekser, ete og gjere det som følgjer med ein vanleg dag. Det er ikkje småtteri det, når ein tek tida i betrakning.

På kvelden liker eg å sjå litt på tv, men tida går alt for fort. Plutseleg er det kveld. Natta er kort, og ein ny dag ventar på meg. Taksameteret sluttar aldri å gå, men tikkar vidare. Vi menneska har innført ein del ordningar som gjer det lettare å halde styr på dagen.

Dagen startar med dei vanlege rutinane, vask, mat, niste, busskjøring og skule, dag etter dag. Det er fordelar med å vite kva ein gjer til dagleg. Viss ein ikkje gjer dette i rette rekkefølgje, vil ein få problem utover dagen, og alt blir berre kaos. Skal vi gjere andre ting, må vi kanskje bytte ut nokre ting og ta det ein anna dag, døgnet har berre 24 timar og ein del av den tida skal vi også sove.

Kva er tid?

Når tida går fort, ja då har eg det moro, men når tida går ssaaaakte, er det kjedeleg . Tida går så altfor fort når eg driv med noko eg interesserer meg for og synest er artig. Tida strekk liksom ikkje til då dagen kunne vore dobbelt så lang, men til tider kunne vi ønske at dagen ikkje eksisterte ein gong. Alt ettersom kva vi driv med.
Har vi ein tidsfrist eller ser ein fram til eit bestemt tilstelling, kan det virke som tida går frykteleg tregt . Når ein har det travelt, ja det er det fort gjort å gløyme plikter, gjere mange rare og komiske ting. Eg hugsar ein vinterdag eg hadde det travelt, då hadde eg tatt på meg genseren feil veg, og plutseleg vart eg så kald på føtene, då eg skulle sjå etter, hadde eg ikkje vintersko på meg. Det er ikkje bra å ha det travelt, for dette var litt pinleg! Kanskje hadde eg litt for dårleg tid?


Tid er noko vi opplever og har opplevd, men har mange minne frå før om åra, både gode og vonde minner . Ein blir jo klokare med åra som går, og ein lærer med tida. Ettersom tida går, blir vi eldre og eldre og vår livsepoke nærmar seg slutt.

"Eg har ikkje tid, for eg må finne skjegget," seier nissen. Jula er ei høgtid som alle set pris på, men tida berre
flyr i frå oss, som ho eigentleg gjer heile tida. Alle spør kvarandre har "du fått gjort det du skal gjøre til jul du då?" "Nei, eg har ikkje fått tid." Alt går på tid. Tid er noko vi aldri får nok av, vi vil berre ha enda meir av den. Når jula endelig er komen og vi fell til ro, skal pakkar opnast og papir flyt over heile stua. Det skal ryddast opp att i hui og hast. Kaffien står klar, tida går framleis fort og julekvelden er allereie over. Kanskje er det brukt alt for mykje tid til å stelle i stand til jula.

"Tida er det likaste ein har, men det gjeld å bruke ho riktig og få mest mulig ut av ho."


   

Nettsideansvar: Arne Heimestøl |