17de mai tale 1945
HANS NORDBY
Sambygdinger! Norske kvinner og menn!
”I Noregs vinter rann ein vår, og sol reiv mørker sunder. Det var ein
maimorgon klår og fager som eit under. Da rann vår fridoms sol, vår
gamle kongestol vart reist i Norge ny, og opp frå bygd og by steig
lovsong over landet!”

Hans Nordby på talerstolen i 1945
Slik syng dikteren, og det passer nå, 8de mai gjekk det
ei bølge av jubel over landet vårt, vi var fri etter 5 års kuing og
herjing. Fyrst var det vanskeleg å fatte at det var sant. Og likevel var
det virkeligheit. Det var som eit under at vår fridoms sol var runnen på
ny. –
Vi hadde til det siste frykta for at det verste stod att
– ein invasjon med dei grufulle følger det ville få for å drive fienden
ut av landet. Så vart vi spara for det, og attpå til med mindre spill av
menneskeliv enn noko av dei andre hærsette landa fekk vi nordmenn atter
rådvelde over landet vårt.
Vi kjenner oss visse om at Gud stod attåt og at han
styrde dette slik for oss. Det vart sanna det ord at ”Vil Gud ikkje
verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja.” Difor steig det opp
til den allmektige Gud takk og lov for at han styrde det slik for oss.
Vi vart fri!
Når vi tenker attende på dei 5 tunge åra vi har
gjennomlevd, så veit vi at det har vore ein strifull kamp som har vore
førd både av våre rette styresmakter utanfor landet og nordmenner der og
av folket heime – heimefronten. Det har vore ein kamp med livet som
innsats så vel heime som ute.
Det fins kanskje dei som inte heilt har forstått hå
denne krigen gjaldt for oss. Vi hadde levd i fridom i over 100 år og tok
det gjerne som ein selvfølge dette med friheit og alle andre
menneskjerettigheiter som vi set pris på og gjer livet verdt å leva. Det
gjaldt å hytte sitt eige skinn, trygge seg sjølv.
Det er det tristeste i denne kampen, og det såre, at
dikterens ord som før i historia sanner seg også nå, at ”stødt det
nordmenn lyt vera med når Noregs merke skal hoggast ned”.
Men slikt er ting som vi helst vil glømme. Vi vil heller
feste våre tanker ved dei som heilhuga har gått inn for landets
frigjering. Dei som frå fyrste stund utan kompromiss har gjort sin
innsats, koste kva det koste vil. Dei som utan pruting, utan å telle på
knappa, med den rette offerglød og det rette fedrelandssinn har stande
fast mot bødlene tross fengsel og tortur. Dei som stod der rake på sin
post og inte let seg kue.

Hedøler på Bautahaugen: Ole Dokkehaug, Guttorm
Bakke, Anders Lie, Hans Nordby og Arne H. Grøv
Dei såg at det var vegen ein måtte gå om seieren skulle
bli vår. Ingen annan veg var farbar for ein ærleg nordmann, sjølv om det
skulle gjelde både liv og velferd. Det var inga valg. Dei har stande
trutt og er vorte eit lysande føredøme på offerhug og ekte
fedrelandssinn.
Nå får vi lite om senn greie på hå den og den har gjort.
I frå dei som har gått føre i kampen, som i årevis har sete i fengsel, i
fangeleirer her heime og i fangeleirer i Tyskland. Dei som med fare for
livet har utført meldingsteneste for å halde folket oppe i trua og håp.
– Og så skogskara våre, heimefrontsoldata som frivillig har meldt seg og
mange i fleire år har sliti hardt, jaga av fienden, lidt savn, men halde
ut. Det som har halde dei oppe er det same som har halde oss alle oppe:
Trua på seier til slutt, motet og håpet om at vår rettferdige sak skulle
finne fram til slutt.
Dei dagane som nå har gått sidan seiersbudskapet lydde
ut over landet vårt, sidan kjørkeklukkene bar bud frå landsende til
landsende om friheit og fred, har liten og stor, gamal og ung, gått i
ein stadig seiersrus. Denne jubel når høgdepunktet i dag, 17de mai, vår
gamle nasjonale friheitsdag.
Vi samles i dag for å gi uttrykk for vår glea, vår
takknemligheit for at vi atter er frie kvinner og menn i eit fritt land.
Vi puster ut og går inte lenger med angst og otte for Gestapo. Behøver
inte stela oss til å høre radio. Vi kan atter tala fritt. Vi har atter
styresmakter som kjenner det som si plikt og største oppgave å beskytte
folket mot urett og vold. Ingen terror lenger, ingen vilkårlegheit.
Ingen kan ta seg til rette.
Vi nyt atter dei rettigheiter som vi som opplyste
kristne kulturfolk har krav på. Rottenikkenmentaliteten er som blesen
bort.Det norske folk står samla som aldri før i vår historie – enige og
tro. Det er igjennom 5 års hard prøve vi har nådd så langt at vi har
lært det. Og denne einigheit som har vore vår styrke i desse 5 år. Enige
og tro har dei kjempende nordmenn på hav og land der ute i elsk til
landet, brakt dei største offer. Enige og tro har heimefronten kjempa –
også med livet som innsats. Alle har hatt det eine mål: Norge fritt for
nordmenn, og målet er nådd. Difor jubler vi i dag og er glade.
Enige og tro var våre fedres valgspråk. Dei hadde opplevd fruktene av
enigheit og samhold. Seinere generasjoner og vår har inte visst å
verdsette dette. Difor gjekk det som det gjorde. Vi måtte atter gjennom
harde prøvelser lære å skjøne hå verdifulle goder enighet og samhald er,
ja at det er grunnbetingelsen for eit folks eksistens og lykke.
I vår gleda over seieren høver det for oss at vi inte
glømmer alle dei som i kampen har set livet til. Det er nok fleire tusen
til saman av dei som fall i 1940, sjøfolk, flygerer og av heimefronten,
av dei som satt i fengsel og fangeleirer og på andre måter. Vi minnes
dei alle i ærbødigheit og med takk. Deres minne skal leva myljom oss dei
skal vera eit føredøme for oss og etterslekta på ekte fedrelandssind,
mot og offerhug.
Dei kom inte alle heimatt til sine, og i dei heimane er
sorg og sår sakna. Men dei skal veta at dei har alle gode nordmenns
medkjensle og at deres død inte har vore forgjeves.
Så står vi her denne 17de maidagen med gleda i våre
hjerter over friheita som er vunne. Vi har igjennom desse år lært å
setta pris på den som vi skal. Vi har fått att landet vårt. Det ligg her
fritt, men hardt hædt og herja. Her har i 5 år inga venehand sysla. Det
ventar på at Norges søner og døtrer skal ta hand om det. Mor Norge kjem
med sitt krav til oss i dag. Den nyvundne friheit forplikter.
Vi skal verje vårt land. Vi skal bygge vårt land. Vi
skal elske det fram i vår bøn i vårt barn. Til det fyrste av desse krava
som dikteren nevner, dekker det visst vår tanke i denne stund dette
vers. Å gjev det aldri må verta sagt, at landet ligg utan vardevakt. Og
logar ikkje varden frå tind og nut, han logar i hjarta hjå Noregs gut.
Ja brenn du varde du signade klåre, bjartare høgre for kvart eit året.
Det er denne brann hjå norske gutar som i desse dagane har lyst over
Norges land frå nord til sør. Alle dei kjekke staute gutane som har
myldra fram frå gjømslene sine ferdige til å ta sin tørn som vardevakt
ved frigjeringa.
Inte minst har brannen brønne i vinternatta over
Vikeråsen, Vidalen og Vassfaret og Buvasfaret. Innsatsen er gjort på ein
slik måte at det har lyst også ut over Norges grenser. Slike føredøme må
spå godt for dei slekter som kjem etter.
Med det nyvundne Norge begynner ein ny arbeidsdag. Og vi
har lært det nå at saman skal vi stå og lyfte i flokk. Saman har vi nådd
målet å få att friheita. Saman skal vi stå i den nye arbeidsdag og bygge
opp att landet, vakrere og betre enn før. I rettferd og fordragelegheit
skal vi bli eit lykkeligere folk enn før. Det er målet nå. Hva du evner
kast av i de nærmeste krav. Og det er rimelig at vi hedøler samler oss
fyrst og fremst i tanken om vår eige bygd.
Her er sommersol nok, her er sædejord nok. Oppgavene
ligg og venter. Så mange muligheiter som er unytta. Frå naturens side er
vi rikt tilgodesett i fjella våre, fiskevatna våre, fossa våre – for å
nevne nokon ting. Og vi veit, vi har forsømt dette. Vi har inte lyfta i
flokk. Vi har ofte skygga for oss sjølve ved smålig kjeggel og splid og
inte sett at det som er til sams bate kan i full mon bli til bate for
den enkelte. Difor må alle gode krefter samle seg i å ta sams tak til
beste for alle i positivt byggande arbeid.
Det er så lettvint med negativ kritikk, men det tyner
oppdrifta og pågangsmotet som må til for å gjera gagns arbeid. I von om
at det beste i folket vårt skal få utfolde seg i den nye arbeidsdag
vonar vi på ei lykkelig tid i fred og fordrageligheit.
Men vil Gud ikkje vera bygningsmann vi fåfengt på huset
byggja. Vi trur og veit for visst at han vil vera med. Han som var med i
farens stund da det kneip som mest, men som det stille lempet så vi vant
vår rett. Han vil også vera med i fredens dagar, berre vi elsker landet
fram i vår bønn i vårt barn.
Kanskje vi her står ved løyndomen til livslykka. Det er kjærligheten.
Den er solglansen over livet og gir det innhald og meining. Ein kan vera
så dugande ein vil. Livet blir kaldt og tomt utan den. Det er den
sjølglømmande kjærleiken, den som inte søker sitt eige, som vi inte kan
få utan å vera gripen av mesteren sjølv og som vi har symbolet på i vårt
korsmerkte flagg. Det skal mane oss til å søke hen til han så vi får
kraft og styrke til å vilja følge det beste i oss og elske det fram i
vår bønn i vårt barn.
Men vi har så lett for å lata vera å taka kampen opp på
denne inderste av den indre front – i oss sjølve. Difor får fienden så
ofte høve til å herje der inne i hjertet og legge livet øyde for oss. Nå
må det bli ein like stor seier på den inderste front, seier over
vondskapen i alle slags ytringsformer. Lat den enkelte og dei kristne
organisasjonane gå i brodden og følge parolen om å bevare åndens enhet i
fredens land. Samhald og fordrageligheit. Ei framferd i helg som kvardag
som ingen behøver skamme seg ved. Lat oss vyrdsle og stelle vel med det
vi har saman – med våre forsamlingshus og bedehus. Lat oss vise respekt
og sjølvaktelse i vår ferd.
Og i dag på vår nasjonale friheitsdag må vi feire dagen på ein sømmelig
måte. Lat oss vise oss verdige til å ta i mot frihetens dyre gave som
betyr frihet med ansvar. Ansvar for oss sjølve i våre handlingar og i
vår åtferd. Respekt for andre og det som hører andre til. Lat oss følge
det enkle bud: Det som du vil at andre skal gjera mot deg, skal du gjera
mot andre, og den som vil vera stor er den som tjener andre.
Blir folket slik, så har krigen inte vore til fånyttes,
og vi er inte berre vorte signa med ytre fred og friheit, men har vunne
ein indre fred som gir løfte om ei god og lykkelig tid for landet.
Det er vår i Norge. Det er grotid over landet. Det gror
og blomstrer i naturen. Flagga blakrer vårt vakre symbol omkransa av
nyutsprunge lauv og grønne marker. Det er også ei åndeleg grotid. Her
står barna og ungdomen i framtidas Norge. Det er vokster i å få oppleva
maidagen 1945, få juble og fryde oss over det som er vunne, gle oss over
det vakre landet vi har. Lat oss samle oss i dette at vi sår med
kjærlighetens såkorn og gi den vokstevilkår, så vil Gud signe den gode
sæd til groren ein gong er mogen. No er det i Noreg atter dag.
Fram då frendar…
Så samler vi oss i eit inderleg ønske om at Gud vil signe Norge.
Og så eit 3 ganger 3 hurra!
|