t |
|
|
Publisert: 1.4. 2006
|
Kamp om målet på Hedalen.noARNE HEIMESTØL Frå og med i dag er det slutt på bokmålet på Hedalen.no. Heretter skal alt skrivast på dialekt eller på nynorsk. Dei færraste visste vel kva Hedalen husmorlag hadde føre seg på det godt besøkte årsmøtet for ei stund sidan. I dag kan Hedalen.no fortelje sanninga. Damene har fremja krav om at den nettbaserte bygdeavisa heretter skal skrivast på dialekt. Kravet vart sett fram for redaksjonsrådet.
Redaktøren har hatt fleire telefonmøte med redaksjonen den siste veka, og Odd Monsson ved Høgskulen i Volda har vore konsulent i den vanskelege saka. No er vedtaket klart. Heretter skal alle som skriv på Hedalen.no, anten skrive på dialekt eller på norsk (nynorsk). Bokmålet er som kjent dansk, og det har vi meir enn nok av i bygdene våre. For husmorlaget er vedtaket ein halv siger. Dei har lagt ut dialektordliste på nettet. Den siste tida har dei publisert fleire matoppskrifter, og alle kan sjå at dei held seg til hedalsdialekten. Og Odd Monsson eg særs nøgd med vedtaket som er gjort. Det går fram av denne tilbakemeldinga:
"Det er eit forvitneleg vedtak som no er gjort i redaksjonsrådet
for Hedalen.no. Dette kan vere det fyrste steget fram mot at
nynorsken igjen får sin rettmessige plass som skriftmål i Valdres.
Valdres var nemleg, ved sidan av Telemark, det viktigaste området
for det nynorske skriftmålet utanfor Vestlandet. Og valdresdialekten
ligg, som vi veit, nærare nynorsken enn dansken (bokmålet). Vi oppmodar lesarane til å skrive i veg på dialekt eller på nynorsk. Bruk forumet! |
|
Nettsideansvar: | Arne Heimestøl | |