t



Publisert: 1.4. 2006

 

Kamp om målet på Hedalen.no

ARNE HEIMESTØL

Frå og med i dag er det slutt på bokmålet på Hedalen.no.  Heretter skal alt skrivast på dialekt eller på nynorsk.  Dei færraste visste vel kva Hedalen husmorlag hadde føre seg på det godt besøkte årsmøtet for ei stund sidan.  I dag kan Hedalen.no fortelje sanninga.  Damene har fremja krav om at den nettbaserte bygdeavisa heretter skal skrivast på dialekt.  Kravet vart sett fram for redaksjonsrådet.

Redaktøren har hatt fleire telefonmøte med redaksjonen den siste veka, og Odd Monsson ved Høgskulen i Volda har vore konsulent i den vanskelege saka.  No er vedtaket klart.  Heretter skal alle som skriv på Hedalen.no, anten skrive på dialekt eller på norsk (nynorsk).  Bokmålet er som kjent dansk, og det har vi meir enn nok av i bygdene våre.

For husmorlaget er vedtaket ein halv siger.  Dei har lagt ut dialektordliste på nettet.  Den siste tida har dei publisert fleire matoppskrifter, og alle kan sjå at dei held seg til hedalsdialekten.

Og Odd Monsson eg særs nøgd med vedtaket som er gjort.  Det går fram av denne tilbakemeldinga:

"Det er eit forvitneleg vedtak som no er gjort i redaksjonsrådet for Hedalen.no. Dette kan vere det fyrste steget fram mot at nynorsken igjen får sin rettmessige plass som skriftmål i Valdres. Valdres var nemleg, ved sidan av Telemark, det viktigaste området for det nynorske skriftmålet utanfor Vestlandet. Og valdresdialekten ligg, som vi veit, nærare nynorsken enn dansken (bokmålet).

At ein slik framstøyt for å styrkje nynorsken kjem frå Hedalen, trur eg ikkje er tilfeldig. Det er i tråd med synspunkta til den tidlegare så vidgjetne filologen frå bygda, Mikjel Sørlie, som var professor i vestnorske målføre, eit professorat som i si tid var tiltenkt sjølvaste Ivar Aasen. Sørlie skreiv, som vi veit, ei framifrå avhandling om hedalsmålet.

At det no er husmorlaget som kjem med dette kravet, er ikkje så merkeleg. All forsking syner at kvinnene står nærast heimemålet, og dei ser og tydelegast det naudsynlege i å ha eit skriftmål som ligg nær opp til kvardagsspråket.

Eg vil berre ynskje Hedalen.no til lukke med det skjelsetjande vedtaket. Det vil ha mykje å seie for spreiinga av det norske skriftmålet."

Vi oppmodar lesarane til å skrive i veg på dialekt eller på nynorsk.  Bruk forumet!


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |