Sist oppdatert: 02.06.2007 22:53

Jørn Hilme-stemne til Hedalen stavkyrkje

 

Kjenner du Jørn Hilme-stemnet? Siste veka i juli møtest kremen av norske folkemusikarar til Fagernes. Festivalen har dei siste åra etablert seg som ein viktig arena for både nyskapande og tradisjonell folkemusikk. I år kjem Jørn Hilme-stemnet til feriefolket der dei er – til dømes i Hedalen.

 

 

For fyrste gong legg nemleg Hilme-stemnet ut på turné. Måndag 23. juli kl. 19.30 gjestar festivalen Hedalen Stavkyrkje med kyrkjekonserten Som lilja rein. Frå kvar sin musikalske ståstad presenterer fire særprega musikarar tekst og tone med utangspunkt i Maria-dyrking: Songarane Marit Mattisgard og Berit Opheim, hardingfelespelaren Håkon Asheim og cellisten Aage Kvalbein. Ein del av konserten er eit nyskrive tingingsverk av Nils Henrik Asheim. Konserten blir òg framført i St. Thomaskyrkja på Filefjell, Bruflat kyrkje i Etnedal og Tingnes kyrkje på Fagernes. 
 

På programmet i sommar står òg ein stor utandørskonsert i fjellet, nærare bestemt på Jaslangen i Vestre Slidre. Dei 600 som opplevde fjorårets fjellkonsert på Jaslangen, kjenner framleis stemninga i kroppen: Vâre tonar, vidt utsyn og ei sol som sakte blir borte bak flammande skyer. Fire sterke namn står på plakaten for årets konsert på Jaslangen: Berit Opheim (song), Marit Mattisgard (song), Karl Seglem (saksofon og bukkehorn) og Andreas Ljones (feler).

 

Er du på jakt etter ei ekte, intim Hilme-oppleving, legg du sommarkvelden til Valdres Folkemuseum. Museet er sentrum for festivalkveldane. Her er det gamaldans og bygdedans (springar m.m.) kvar kveld torsdag-laurdag, i tillegg til eit breitt konsertprogram både utandørs og tett på musikarane i dei gamle stovene.

 

Vil du sjå dans andre stader enn på dansegolvet, bør du få med deg tingingsverket Bastard i Kulturhuset på Fagernes torsdag 25. juli. Hallingdansar Hallgrim Hansegård har saman med samtidsdansarane Ingeleiv Berstad og Bruno Caverna og musikarar/komponistar Frode Haltli, Terje Isungset og Rolf-Erik Nystrøm skapt ei framsyning med ny musikk og nye rørsler. Med humor, luftakrobatikk og vakker poesi tolkar seks improvisasjonsmeistrar råskapen i norsk folkemusikk.

Valkyrien Allstars vart kjende for det store publikumet i NRKs ”Kjempesjansen”. Ola Hilmen frå Ulnes, Tuva Syversen og Erik Sollid fekk deretter plateselskapet Grappas debutantpris, og er no i studio for å spela inn platedebuten. Ein av dei som har heia fram feledesperadoane, er ingen annan enn Lillebjørn Nilsen. Med hjarte i folkemusikken og fele i bagasjen, møter meister spelemenn til ein sjeldan konsert på Valdres Folkemuseum laurdag.

Jørn Hilme-stemnet veks litt kvart år. Årets program mønstrar nær 30 konsertar, i tillegg til den tradisjonelle kappleiken, dansespel og ”festivalstunt” i Fagernes sentrum. - Målet er å nå ut til eit breitt publikum utan å miste det vesle formatet og særpreget som gjer at folkemusikkfolket kjem tilbake år etter år, seier dagleg leiar Solveig Hårdnes. 7000 besøkte arrangementa under fjorårets festival. Omsetjinga var på 1,3 millionar kroner.

 

Heile programmet for Jørn Hilme-stemnet 2007 finn du på www.hilme.no.