Sist oppdatert: 10.11.2007 07:25

Språkrådet om namn på mølla vår

ARNE HEIMESTØL
  Dette skriv Språkrådet: "Når det gjeld Hedalsmølla/Hedalen mølle i motsetning til Husemølla, så synest det som om den siste namneforma er mest innarbeidd i bygda og som difor bør leggjast til grunn. Men relevante partar bør høyrast før det eventuelt vert gjort vedtak."

Her kjem heile svaret:

Viser til spørsmål om rett namn på den aktuelle mølla.

Til det er å seia at det er vanlegvis eigaren som sit med retten til å gje namn på ein eigedom eller eit anna objekt. Eigaren kan vera ein privatperson, ein organisasjon, ein institusjon; vidare kan det vera kommunen, fylkeskommunen eller staten som er eigar.

Det er lang tradisjon for at eit innarbeidd namn på ein eigedom eller anna objekt vert nytta vidare. Dersom det er meir enn eitt namn som er i bruk, bør det som har lengst og eller er mest innarbeidd nyttast. Dette prinsippet er nedfelt i lov om stadnamn som ein del av vernet om stadnamn som del av kulturarven.

Når det gjeld skrivemåten av eigedomsnamn eller namn på bygningar o.l. som kan definerast som stader (eller ha stadnamn), er det eigaren som bestemmer det. Dersom det er tale om eit eldre stadnamn, skal det skrivast på grunnlag av den nedarva lokale uttalen, og det er då Statens kartverk som har vedtaksmyndet. Ofte er namnet i bruk i ei rett form som ikkje treng endrast. Dersom det var i offentleg bruk før 1991 då lov om stadnamn tok til å gjelda, har det status som 'godkjent', og kan uansett nyttast, men dersom denne skriftforma bryt med dialektgrunnlaget, er det grunn til å reisa namnesak og få fastsett skrivemåte etter reglane i stadnamnlova og dei tilhøyrande forskriftene.

Delingslova set ikkje som krav at ein eigedom skal ha namn i registeret, gards- og bruksnummer er tilstrekkeleg no. Men mange eigedomar/objekt har namn i det gamle grunneigedomsregisteret som ofte vert nytta.
Skrivemåten i dette registeret er ofte prega av eldre dansk skrivemåte som ikkje svarar til rettskrivingsreglane av stadnamn i dag.

Når det gjeld Hedalsmølla/Hedalen mølle i motsetning til Husemølla, så synest det som om den siste namneforma er mest innarbeidd i bygda og som difor bør leggjast til grunn. Men relevante partar bør høyrast før det eventuelt vert gjort vedtak.

Dersom Namnekonsulenttenesta skal ta formell stilling til namnespørsmålet, må saka fremjast av eigaren/institusjonen, kommunen eller ein lokal organisasjon med tilknyting til namneobjektet. Det kan her vera noko tvil om ein skal sjå på Hedalsmølla/Hedalen mølle og Husemølla som ulike namn eller ulike skrivemåtar. Alle namneformene er akseptable, men det bør veljast ei form som best tek vare på den lokale namnetradisjonen.

Med helsing

Botolv Helleland
fyrsteamanuensis
og
Terje Larsen
seniorrådgjevar
Namnekonsulenttenesta, Språkrådet
Postadresse:
Institutt for lingvistiske og nordiske studium Namnegransking Universitetet i Oslo Postboks 1011 Blindern
0315 Oslo
Tlf.: (47) 22 85 40 27
Faks: (47) 22 85 43 81
www.stadnamn.org