Alle
veit at Jeppe drikk, og han er ofte på besøk hos Jakob Skomakar og tek
seg ein dram. Ein dag blir det litt mykje for Jeppe. Han sovnar og endar
opp i ein komedie som baronen sjølv er sjefen over.
Men kvifor han Jeppe drikk, vil han
fortelja deg på 4. joledag. Da kjem han til Lokalet og fortel historia
si. Framsyninga vil starte kl. 19:00.
Billettar kan bestillast hos Bodil: 959 92
438 og Håvard: 907 94 433.
Det blir også sett opp framsyningar 3.
og 4. januar – da kl. 19:00.
NB! Det er no fullt på 4. joledag.
Rolleliste:
-
Jeppe:
Edvin Fossholm
-
Nille:
Grethe Laila Bakke Lien
-
Baronen/dommar:
Ola Jonny Fossholt
-
Erik Lakelei:
Mikkel Lie
-
Kammertenarar/advokatar: Leif Eric Bakkom/Øyvind Jordet
-
Jacob Skomakar:
Arnstein Kjensrud
-
Magna: Torunn Fossholm
-
Trompetspelar: Kristine Bakke