Sist oppdatert: 23.12.2008 08:37

Kvar vart det av jula?

ELISE MOSAKER

spør Rasmus Løland i ei barnebok frå førre århundreskifte. Eg minnest ei jul utpå 1950-talet at vegane berre var hålke, markene var brune med is. Då vi gjekk rundt juletreet på gamle Ildjarnstad skule og såg ut, var det mørkt og uverkeleg, ikkje snø som reflekterte lys og varme innadørs. Det var ikkje jul det året. Er det snøen som er jula?

Mest kvar julekveld i femtida gjekk vi ut på trappa og lydde etter kiminga hans Martin Solli. Då dei velkjende tonane frå Hedalskyrkja nådde oss, visste vi at nå er det jul. Eller vi sat ved radioapparatet og venta på dei same klangane når mange kyrkjeklokker over heile landet ringte jula inn. Er det klokkeklangen som er jula?

Kva var vel meir julestemning enn når lukta av surkål og ribbe breidde seg inn i stova? Og når moltekremen, søt og mektig, fylte allereie mette magar og gjorde oss velfortente til å slappe av i sofaen før minst sju slag kaker og kaffilukta vekte smakssansane endå ein gong? Er det maten som er jula?

Den lange pakka, den runde, harde eller mjuke, den store eller vesle med gråpapir pynta med brune bjøller og grøne kristtorn, eller var det små nissar med raude toppluer og svarte bukser rennande på blå kjelkar og gåvesekken så stor bakpå – spenninga løyste seg endeleg, og blanke barneauge lyste av glede, er det pakkane som er jula?

Enn det rikt pynta juletreet med heimelaga korger i alle fargar, pappkuler med kunstig snø, norske flagg, glitterstjerne i toppen og tynne ”sølv”strimler som skein i glansen av vokslys som laga kvite ”kaker” på golvet? Enn juletregongen på festane frå Åsli skule i nord til Søre lokalet i sør der ungdommane møttest og sende varme blikk til ein utvald kvar gong ringane møttest rundt treet? Er det juletrefestane som er jul?

”I dei dagane let keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal………”. Slik las mor frå Lukas 2. om barnet i krubba, englesongen på Betlehemsmarkene, gjetarane som skunda seg til stallen og dei vise mennene som ga slike merkelege gaver, gull, røykjelse og myrra. Eit under var hendt, er dette underet jula?

***********************************

Julekvelden er komen, vi kan ”sitja og pusta på ei stund”. På ny ser vi snøkvit bygd, høyrer klokkene kima frå kyrkjevangen, kjenner julefreden senka seg i stova, høyrer om underet i Betlehem, gleder oss i lag der vi er. Godt om vi i januar kunne sleppa å spørja – kvar vart det av jula i år?