Per
Løvberg framførte helsing frå Oppland idrettskrets og NIF.
Kjære idrettsvener!
Hedalen idrettslag fyller hundre år i år,
og på vegne av Oppland idrettskrets vil eg takke for invitasjon til å delta
på denne jubileumstilstellinga!
Eg har sett litt på heimesida til HIL, og
av denne går det fram at laget er ein høgst oppegåande klubb. Idrettsrørsla
organiserer over 2 millionar kvinner og menn.
For dei fleste av oss er ikkje drivkrafte
dei olympiske ideala om å koma høgst, lengst eller fortast. For svært mange
er det gleda ved å delta og/eller å konkurrere det handlar om. For andre er
det å få delta i eit fellesskap det viktige.
Stadig meir stillesitjande aktivitetar,
kravet om effektivitet og passiviserande fritidstaktivitetar gjer at lokale
idrettslag, som her i Hedalen, vert enno viktigare for dei nye generasjonane.
Norsk idrett er basert på dugnad og
frivillig arbeid, og dei mange fine anlegga her i Hedalen syner kor sterkt
dugnadsånda står.
Vi har bak oss ein olympiade som – sett med
norske auge – representerer eit resultatmessig høgdepunkt innan sommaridrett.
Men vi må hugse på at at grunnlaget for desse resultata ligg i dugnadsarbeid
i form av anlegg og tilrettelegging som mellom anna HIL står bak.
Hedalen idrettslag har i 100 år vore, og
er, gode representantar for norsk idrett, og dei verdiar norsk idrett
arbeider for, ved å leggje til rette for at flest mogleg skal ha eit
idrettstilbod i nærmiljøet.
Kjære formann:
På vegne av NIF, Tove Paulsen og Inge
Andersen vil eg få lov til å overrekkje dette hundreårskruset der det er
inngravert:
Hedalen IL 1908-2008
Logoen til NIF og Olympiatoppen
Samstunders vil eg få helse frå Svein
Furuseth, Tore Stubberud og Oppland idrettskrets og seie:
Gratulerer med dagen og lykke til i det
vidare arbeidet! |