Sist oppdatert: 16.04.2009 06:50

Fagartikkel om godt språk

ARNE HEIMESTØL
 

Det norske språket forandrar seg, og synet på kva som er godt språk, er også i endring. Akkurat dette er utsegner få kan vere usamde i. Både i opplæring og i vurdering skal ein leggje vekt på språket. Men kven forvaltar målestokken, og kva for sentrale kriterium bør vi fylle omgrepet med i dag?

Omgrepet språk har ei vid tyding i Språkrådet si bok Godt språk i lærebøker (Språkrådet 1999). Det omfattar mellom anna ortografi, ordval, teiknsetjing, mottakarmedvit, grammatikk, tekstbinding, oppbygging av ytringar, ordvariasjon og skrivemåten av importord.

Kven forvaltar målestokken?

Fram til 13. juni 2000 var Noreg eit av dei få landa som hadde ei godkjenningsordning for lærebøker i grunnskolen. I lov om grunnskolen (1969) kunne ein lese dette i paragraf 39,1: ”Lærebøker som blir nytta i skolen, må vere godkjende av departementet.” Språkleg kontroll var ein del av ordninga, og språket skulle vere i samsvar med læreboknormalen. Så seint som i 1989 tok Språkrådet opp eit ynskje om at den språklege godkjenningsordninga også måtte omfatte valfagsbøker og hjelpebøker. På slutten av 1990-talet vart det vanleg å bruke tekstar frå Internett, og å føre tilsyn med desse nye læremidla ville ha vore ei  nærast umogleg oppgåve for Språkrådet.

Språkrådet er framleis statens fagorgan i språkspørsmål og forvaltar rettskrivinga i nynorsk og bokmål. Rådet godkjenner også ordbøker og ordlister til bruk i skolen. At språket er i forandring, betyr ikkje at ein skal sjå bort frå reglar som til ei kvar tid gjeld for til dømes rettskriving, teiknsetjing, bøying, grammatikk og orddanning. I tillegg gjev Språkrådet – som namnet seier – råd om språk. (Nettstaden til Språkrådet.)

Utdanningsdirektoratet har ansvar for sensorrettleiingar i norsk. Desse nemner også språk som noko som skal vurderast. Eg spurde Tone Vindegg (avdeling for vurdering) i direktoratet kva dei fyller omgrepet med, og fekk dette svaret:

Det er ikkje vår oppgåve i statleg sektor å gi fleire og meir "presise" kriterium for kva som er godt språk. Vi viser til gjeldande rettskriving etter ordbøkene. Faglærarane gir elevane rettleiing, og lærebøker kan innehalde gode råd. Vurderingsrettleiingane viser kva sider ved teksten sensorane skal sjå på i vurderinga.

Svaret er etter mi meining meir forvirrande enn klargjerande. Godt språk er vel langt meir enn rettskriving, og legg ein denne definisjonen til grunn, trur eg vi får ei opplæring og ein vurderingspraksis som sprikjer like mykje som staurbøra til Per Borten.

Språk er kommunikasjon

I skolen er elevar mottakarar av bodskap frå læremiddel, pedagogar og andre. Elevane er sendarar både i høve til medelevar, tilsette i skolen og partar utanfor skolesamfunnet. Dei siste åra har det i rettleiing og vurdering vore stor vekt på korleis tekstar av ulike slag kommuniserer. Dersom ikkje avsendar ynskjer å tåkeleggje, betyr føremålstenleg kommunikasjon at mottakarar skal kunne forstå det sendaren prøver å formidle. Både når det gjeld ordval og innhald vil det til vanleg vere forskjell på å formidle noko til ein sjuåring og til ein femtenåring.

Gjennom aktiv bruk av det norske språket i arbeid med egne tekster og i møte med andres innlemmes barn og unge i kultur og samfunnsliv. Norskfaget åpner en arena der de får anledning til å finne sine egne stemmer, ytre seg, bli hørt og få svar. Slik representerer faget en demokratisk offentlighet som ruster til deltakelse i samfunnsliv og arbeidsliv. (Kunnskapsløftet om norskfaget)

Barn og unge skal altså få ytre seg – med eigne stemmer – med personleg språk – og med medvit om kven dei skriv for. ”Å skrive er å omgås andre.” (Språkrådet: Råd om språk)

Kva er godt språk?

Stor valfridom i ortografi og bøying har vore eit særnorsk fenomen. Språkhistorisk heng dette mellom anna saman med arven frå dansketida og at bokmål og nynorsk, begge med ei vid og liberal rettskriving, er sidestilte målformer i det norske språket. Store talemålsvariasjonar og påverknad frå organisasjonar som Noregs Mållag (1906) og Riksmålsforbundet (1907) har òg hatt sitt å seie.

Formene i læreboknormalen har vorte kalla hovudformer. Medan elevar har kunne nytte eit større ord- og bøyingstilfang gjennom både hovud- og sideformer i ordbøker, måtte lærebøkene og lærarane halde seg til hovudformene. Dei jamstilte hovudformene i ordbøkene har ført til at det også innafor læreboknormalen har vore temmeleg stor valfridom.

I mai 2005 fastsette Kultur- og kyrkjedepartementet ny rettskrivingsnormal for bokmål. Skiljet mellom hovudformer og sideformer fall bort. Dei gamle sideformene vart anten gjorde om til likestilte former ved sida av dei gamle hovudformene, til nye eineformer, eller dei vart tekne ut av rettskrivinga. Det vart ikkje gjort tilsvarande endringar i nynorsk. Læreboknormalen er altså fjerna i bokmål, men han står ved lag i nynorsk.

Det norske språket er, som andre språk, i utvikling. Gamle ord og uttrykk går ut av ordbøkene, og nye kjem til. Ikkje sjeldan fører språkutviklinga til debatt i media. Då Språkrådet vedtok norsk skrivemåte av importorda ”gaid” og ”sørvis”, tok det tid før debatten stilna. På nettsida Norsk for engelsk skriv Språkrådet dette:

Språkrådet anbefaler ikke bruk av engelsk der vi har dekkende norske ord fra før. Vi oppmuntrer til både bruk og videreutvikling av norsk ordforråd. Som mange vet, anbefaler Språkrådet dessuten ofte norsk skrivemåte av de engelske ordene som har fått fotfeste i norsk.

Bodskapen er tydeleg: Vi bør skrive norsk, og er det mogleg, bør vi bruke avløysarord i staden for importord. Substantivet søppelpost er til dømes eit godt alternativ til importordet spam.

Vi må ikke bare tale slik at tilhørerne kan forstå oss, men slik at de ikke kan misforstå oss.” (Quintilian (ca. 35-100 e.Kr.)
Det er eit godt poeng å velje ord ein trur mottakaren vil forstå. Ord kan også forklarast; det vil vere ei hjelp til å utvide ordforrådet. Korte ord er enklare å lese enn lange, og har ein fleire alternativ, bør ein ha dette i tankane. Vage og upresise omgrep bør ein unngå.

Godt språk betyr etter mi vurdering ikkje at all informasjon treng liggje oppe i dagen. Leseforståing inneber at lesaren også må kunne lese mellom linjene. Dette kan vere særleg aktuelt i sjangrar som lyrikk, kåseri, essay og noveller. Det høyrer òg  med til allmennkunnskapen å kunne setje saman informasjonsbitar slik at ein til dømes skal kunne tolke tabellar.

”En god tekst skal ha preg av å være planlagt, dvs. bevisst komponert.” (Utdanningsdirektoratet: Vurderingsveiledning: 8.) Språk handlar også om struktur og orden. Avsnitt fungerer som større pausar enn skiljeteikna og viser samtidig kor godt tekstar er organiserte. Kvart avsnitt vil ofte handle om eit deltema i heilskapen.

Variasjon kan vere eit kvalitetskriterium dersom ein nyttar ord og språklege verkemiddel tilpassa sjanger, situasjon og mottakarar. Eit eksempel på dette finn vi hos elevar som unngår klisjear og skaper nye språklege bilde i eigne tekstar. Ein dyktig lesar må også kunne late seg overraske og begeistre av slik originalitet, og både i opplæring og vurdering bør ein kunne premiere nyskaping.

”Flyt i teksten oppnås blant annet ved at eleven behersker konvensjonene for sammenbinding mellom kjent og ny informasjon slik at setningene kjedes i hverandre.” (Utdanningsdirektoratet: Vurderingsveiledning 2006: 11)
Tekstar bør ha god flyt og variert språk. Dette er eigenskapar som kjem til uttrykk i mellom anna tekstbinding. Ein kan for eksempel erstatte eit substantiv (dame) med synonym (kvinne) og med det oppnå ordvariasjon. Ein stad (Bergen) kan bytast ut med eit adverb (der), og pronomen (det) kan også erstatte substantiv (fjellet). Første gongen eit substantiv vert brukt, står det gjerne i ubestemt form (sykkel). Neste gong same ord vert nytta, kan ein velje bestemt form (sykkelen). Elles vil ein oppnå språkleg samanbinding ved å bruke ord som markerer disposisjon (for det første, for det andre), tankegang (slik, heller) og setningssamanbinding (då, dersom, ettersom).

Ofte kan det munnlege språket vere eit godt førebilete for korleis vi bør skrive. Dette kjem av at sideordna setningar er svært vanlege i munnlege ytringar. Kansellistilen er eit motstykke til dette språket. Han er ofte prega av mange leddsetningar, og underordninga dominerer. Lengda på ei ytring (det som står mellom to store skiljeteikn) har òg sitt å seie for kor lett eller kor vanskeleg det er å få med seg innhaldet. Språkrådet rår oss til å seie ein ting om gongen. Lange og innfløkte ytringar bør vi dele opp, og verbet bør vi plassere tidleg i kvar ytring. (Språkrådet: Råd om språk)

Med omgrepet substantivsjuke meiner vi bruk av substantiverte adjektiv og verb. Eit godt alternativ er å bruke verb. ”Sverre bad meg granske saka” kan vere betre enn ”Sverre bad om gransking av saka”.  I nynorsk er verbprega uttrykksmåte endå viktigare enn i bokmål.

Nettstaden www.klarspråk.no rår oss til å begrense bruken av passiv. Det er ofte betre å skrive kven som gjer kva. ”Ola saksøkte presten” kan vere vel så bra som ”presten vart saksøkt av Ola”. Det er også mogleg å veksle mellom aktiv og passiv innafor same ytring og på den måten oppnå variasjon. Men når vi ikkje veit kven som har utført ei handling, eller om vi veit det og ikkje vil ut med denne opplysninga, kan det vere greitt å bruke passiv.

Eit sentralt spørsmål er om ein skal kunne stille krav om konsekvent stil i høve til for eksempel ordval, eller om dialektane og heile breidda i ordtilfang skal vere utgangspunkt for skriftspråket. Eg stilte spørsmålet til seniorrådgjevar Torbjørg Breivik i Språkrådet. Ho meiner at det ikkje finst presise retningslinjer på kva som er godt språk. Noko har med skjønn å gjere. Sjølv meiner ho at elevar bør finne ein personleg, men konsekvent stil når dei skriv, og at dei skal skrive slik at bodskapen når fram til mottakarane. En jente høyrer for eksempel saman med bøyingsforma jenten, medan ei jente og jenta høver godt i lag.

Stilbrot kan i rett samanheng vere morosame, men upassande i andre: ”Bispen, prosten og kongen kom tuslande oppover kyrkjegolvet. Kyrkjelyden somla seg opp av benkane og skråla med hese og falske stemmer til pesande orgelspel.”

Stavekontrollen i tekstbehandlingsprogram er til lita hjelp dersom ein ynskjer konsekvente stilval. Dei som skal skrive nynorsk, har derimot eit bra hjelpemiddel. Programmet Nyno kan omsetje tekst frå bokmål til nynorsk. I programinnstillinga kan ein velje om ein vil skrive konservativ eller radikal nynorsk. Framandord kan ha norsk eller utanlandsk skrivemåte, og infinitiv kan få –a eller –e. Det er òg mogleg å tilpasse omsetjinga til den lokale dialekten. Her har ein altså teke spørsmålet om språkleg konsekvens på alvor.

I Godt språk i lærebøker (1999: 95) skriv Språkrådet at skiljeteikn ikkje er språkteikn, men dei skal byggje opp under setnings- og ytringsinndelinga i teksten. God bruk av mellomrom og skiljeteikn vil gjere det lettare å få med seg meininga i tekstar.

Avslutning

Det finst eit visst minste felles multiplum for kva som er godt språk, og Språkrådet har ei viktig oppgåve både med å fastsetje reglar og å gje råd. Skoleverket bør ta både vedtak, råd og rettleiingar frå Språkrådet på alvor. På same måte bør lærarar setje seg godt inn i styringsdokument frå Utdanningsdirektoratet og fylle desse med innhald.

Alf Gunnar Eritsland skriv at godt språk er meir enn rett språk (Eritsland 2007: 169). Både lærarar og elevar må ha kriterium på kva vi legg i uttrykket ”godt språk” slik at dei for eksempel gjennom skriveprosessar kan gje relevante og kreative råd. Det viktigaste ved språket er kommunikasjon, og språkrøkt er etter mi meining eit livslangt prosjekt for både lærarar og elevar.


 

Kjelder

  1. Breivik, Torveig. seniorrådgjevar i Språkrådet.

  2. Eritsland, Alf Gunnar (2007): Skrivepedagogikk teori og metode. Det Norske Samlaget, Oslo

  3. Lov om grunnskolen § 39,1 i St meld nr 21 (1996-97)

  4. Nynodata.

  5. Språkrådet: Nr. 6. Godt språk i lærebøker. Rettleiing i lærebokarbeid. (1999)

  6. Språkrådet: Norsk for engelsk

  7. Språkrådet: Oppgåver.

  8. Språkrådet: Råd om språk

  9. Vindegg, Tone. Avdeling for vurdering i Utdanningsdirektoratet.

  10. Vurderingsveiledning i norsk skriftlig 2006.

  11. Quintilian (ca. 35-100 e.Kr.)