|
5. dag jul var det juletrefest på Dølven skule. Som
regel var det kaldt ute, i klasserommet stappfullt av folk vart lufta både
varm og klam, slik at døra til den kalde gangen måtte stå oppe. Dermed vart
det ”skøytebane” i gangen.
Høgdepunktet for mange av ungane var når julenissen
kom. Han hadde ein stor, kvit putetrekk med papirstryllo med lite godteri i.
Denne gongen hadde nissen svart uttapåfrakk. Men det eg hugsar aller best,
var hendane hans, for dei var heilt maken til hans far.
Alle mødre hadde med seg fat med gode smørbrød, og på
kjøkenet til læraren vart det kokt kakao. Læraren, Ingvar Koppervik, leda
festen, hadde underhaldninga saman med skuleungane, og han spelte fele til
gangen rundt juletreet.
Alt dette vart bivåna av tre alvorsame ansikt som
hang på veggen. Seinare i livet har eg fått veta at det var Hans Nielsen
Hauge, Bjørnsterne Bjørnson og Harald Lundene, ein gamal syndagsskulelærar.
Festen vart alltid opna med juleevangeliet, fortalt av
dei yngste elevane. Då eg begynte på skula, fall det i min lodd å fortelja
om: ”Det var nokre hyrdingar der på marka, som låg ute og vakta buskapen sin
om natta. Brått kom ein Herrens engel og stod framføre dei. Dei vart fælande
redde. Men engelen sa: Var ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor
glede, som skal vederfaras alt folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i
Davids by, han er Kristus, Herren. Og dette skal de ha til teikn: De skal
finne eit lite barn, som er sveipt og ligg i ei krubbe. Brått kom ein
himmelsk hærskare som lova Gud og kvad: Ære vere Gud i det høgste og fred på
jordi, hjå menneskja som Gud har hugnad i!”

Den gamle julekrubba |