Sist oppdatert: 13.02.2009 06:00

Ny ungdomskontakt

MARI BERGUM
 

No har Bente Kristin Skjærstein slutta som barne- og ungdomskontakt, og eg har teke over. Eg heiter Mari Bergum og gler meg til å ta fatt på jobben! Eg jobbar kvar veke, måndag til torsdag.
 

Eg skal vere ein kontaktperson for alle barn og ungdommar i kommunen. Kontoret er på Solbraut, men vil farte ein del rundt omkring på alle barne- og ungdomsskular.


Barne- og ungdomskontakten skal vere eit lågterskeltilbod, det vil seie at alle som vil, kan ta kontakt, det kostar ingen ting, det er inga ventetid, og du vil få hjelp med ein gong.
 

Du kan ta kontakt om det er noko du vil prate om, det kan vere kva som helst. Vi treng ikkje sitje på kontoret å prate, vi kan gå ein tur eller finne på noko anna. Vi kan treffast i skuletida eller etter skuletid.

 

Du får lett tak i meg, ring eller send ei melding til tlf. 916 63 308. Du kan også sende ein e-post til mari.bergum@sor-aurdal.kommune.no