Sist oppdatert: 13.07.2009 19:13

To oppskrifter

RIGMOR BRENDEN
 

I Hedalen har dei eit husmorlag som for nokre år sidan samla «Gamle og nye matoppskrifter» mellom medlemmene sine.  Desse kopierte dei opp til eit hefte. Der har dei eit kapittel som heiter «Oppskrifter fra krigen», og det er derfrå eg har henta oppskrifta på potetsuppa. Fleire av «krise»-oppskriftene har potet som erstatnigsprodukt for edlare råvarer.


Potetsuppe:
1 liter vatn
5 dl heilmjølk
100 g skrelte poteter
150 g gulrøter
75 g kålrot
1 lauk (ev. purre eller graslauk)
25 g smør eller litt fløyte
litt salt og pepar
persille til pynt

Slik gjer du: Potet og rotgrønsaker skal skrellast, skjerast i store bitar og kokast lett møyre i vatnet – ta vare på kokevatnet. Her går det sjølvsagt an å bruke restar frå dagen før, slik at dette også er ei ypparleg dagen-derpå-suppe – dersom ein lagar litt rikeleg med poteter og grønsaker dagen før. Ein treng heller ikkje vera så nøye med kva type rotgrønsaker ein brukar. Oppskrifta er eigentleg berre eit rådgjevande forslag. Bruk av det du har.
Når ein har dei kokte grønsakene klare, har ein dei opp i ei matmølle (foodprosessor), eller mosar dei fint på annan måte. Når ein har med potet, skal ein ikkje kjøre maskinen for lenge, fordi poteten lett kan bli seig.
Ha grønsakene opp i kokekjelen att saman med kokevatnet og tilset resten av ingrediensane. Kok suppa opp og smak til med krydder.

 

 

”Fyrstekake” med potetfyll

Kaka passar til ei 26 centimeters springform:

Deigen:
125 g smør
125 g sukker
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
250 g kveitemjøl

Slik gjer du: Romtemperer alle råvarene og ha alt saman opp i ei matmølle (foodprosessor) og kjør det til ein fast deig. Smør springforma og klem deigen utover i botnen og litt oppover sidene. Ta av litt deig til å laga pyntestripene på toppen.

Fyll:
400 g kokte poteter
100 g sukker
nokre mandeldropar

Slik gjer du: Ha alle ingrediensane til fyllet i ei matmølle og kjør det til ein fin og jamn konsistens. Ha potetmosen opp på deigen, som er klemt utover i forma, og glatt potetmosen fint til på toppen.
Kjevle kakedeigen du tok av ut i ein tynn leiv og skjer 1,5 - 2 centimeter breie striper med baketrinse, og legg det i kryssmønster slik at pynten får gitterform.
Steiking
Steik kaka ved 200 grader til deigen er vorten fint brun – etter om lag ein halv time. Vær klar over at fyllet (potetmosen) vil halde seg kvit under steikinga.

 

 

Lykke til !