Sist oppdatert: 31.03.2010 15:59

Startar nytt politisk parti

ELDOR BRÅTHEN OG ARNE HEIMESTØL
 

Det har vore stille på den politiske fronten nokre veker, men no tek aktiviteten seg opp att: – Edvin Fossholm har teke intitiativ til eit nytt politisk parti i Sør-Aurdal, og ambisjonane er store: Ordførarklubba skal i nye hender.

 

På sparket har vi valt å kalle partiet, fortel den oppglødde postmannen og skodespelaren. Logo er alt på plass, og partiet er ope for alle som sluttar seg til den store visjonen – å kjenne etter si eiga indre stemme før ein tek stilling til korleis ein skal røyste i dei einskilde sakene.

 

Pengar på stell
Økonomien i kommunen reknar Fossholm med at ein skal få skikk på.
– Byråkratiet er stort, og saksframlegga svært omfattande. På sparket treng ikkje dei store utgreiingane, og difor kan vi kvitte oss med fleire på Tingvoll. Høyringar kan ein sjå heilt bort frå. Då vert det, som dei fleste forstår, vonleg betre med pengar til skular både her og der. – Vi har til og med funne budsjettmidlar til ein sundagsskule for vaksne, og denne skal liggje sentralt plassert i kommunen –  på Soltun.

 

Somme seier at desse innsparingane ikkje vil vere tilstrekkelege. Med dei druge skuleutgiftene som kommunen no har teke på seg, finst det dei som meiner at dei småpengane  kommunen har att til andre føremål, får god plass i ein gamal portemoné. Denne portemoneen lyt ha fleire åtskilde rom slik at ingen får meire enn andre.

 

Sysselsetjing
For å sikre ny sysselsetjing vil partiet opprette et nytt kommunalt vaskeri. I andre kommunar er der svært vanlig å pisse i buksa, og ”Jeppe”, som sjølv er van med å sove i møkdungen, veit at illeluktande klede lyt vaskast iblant. Vaskeriet vil bli plassert i nærleiken av Hedalen sveis og rep. På den måten kan folk få skrudd i hop att bilane sine før dei ristar vidare på riksveg 243. Treng sjåførane sjølve undersøking, kan det ordnast hjå lækjaren på Nes. Dette bør gå bra så lenge ein held fast på at kommunen skal vera ein heradskommune. Vel ein bystatus, reknar ein med at halve byen kjem til å tala mot ei slik løysing.

 

Namnevalet
Partinamnet er det stort sett semje om, men somme går inn for å kalle partiet På sparken. Vert det bompengar på E16, kan representantane kome seg gratis forbi bommen dersom dei bruker eit slikt køyrety. Og dersom éin eller fleire sit frampå, og resten står på meiane og held i  kvarandre, vert transporten i tillegg sosial.

 


Også utflytta sør-aurdøler gir sterk støtte til partiet.


Saksfeltet 

– Kva saker kjem På sparket elles til å engasjere seg i?

– Partiprogrammet kjem ikkje til å verte større enn ei kvart side. Men éi sak kjem til å stå høgt på prioriteringslista. Vi vil gå inn for knivforbod i alle politiske fora?

– Å?

– Ja, no var det nokre som var ute før oss med å ta saker på sparket! Det gjekk ikkje betre enn at ein av dei som var med på det, fekk ein dugeleg stor dolk i ryggtavla. Slik ofseleg beiskleik kan vi sjølvsagt ikkje ha noko av!
 

– Dessutan kjem vi til å gå inn for storkommune i Valdres der alle ungdomsskolane skal samlast på Fagernes. Eg trur ikkje det skal vere så vanskeleg å få sør-aurdølane med på dette etter den velviljen dei har synt i skolesaka.
 

– Og så har vi ei kampsak til: Nynorsk skal vere den einaste offisielle målforma i heile kommunen. No fekk både Begnadalen og Hedalen behalde skulane sine, og det minste dei kan ofre, bør vere dette bokmålet som har snike seg inn i heradet vårt. Her har ein fått sterk støtte frå den tidlegare høgremedlemen Amund Grønhaug. Han, saman med ein heil hurv hedølar,  har meldt overgang til På sparket.
 

Innmelding
Programmet er stort sett på plass. No treng ein tilstrekkeleg med kandidatar før nominasjonsmøtet som skal haldast på Soltun 24.4. Desse kan melde seg til Edvin Fossholm på e-post sparkedvin@hedalen.no
 


Den neste ordføraren?