Sist oppdatert: 07.04.2010 21:36

Lokalsamfunnundersøking i Valdres

 

Stor kartlegging av trivsel, helse, framtidstru, haldningar til psykisk helse blant innbyggarane i Valdres.     

 

Innbyggarar over 18 år i til saman 12 bygder i Valdres  ( to for kvar kommune)  blir invitert til å delta i ei stor undersøking våren 2010. 

Undersøkinga er ein del av prosjektet Valdres Viser Veg. Professor Tom Sørensen ved Universitet i Oslo er fagleg ansvarleg for undersøkinga, har ansvar for utarbeiding av spørjeskjema og analyse av data.  Han har erfaring frå liknande prosjekt mellom anna i Lofoten  ( Liv laga i Lofoten). Nasjonalt Folkehelseinstitutt er også samarbeidspartnar.       

 

 

Målet med undersøkinga  er fleire: 

Kartlegging av korleis innbyggarane opplever bygda dei bur i. 

Dette vil gi informasjon til kommunen/ politikarar og til lokale lag, foreningar som er opptatt av utvikling og trivsel, om kva innbyggarane er opptatt av, kva som vert oppfatta som styrker, og om utfordringar. 

I Lofoten ga informasjon frå tilsvarande undersøking grunnlag for målretta prosjekt og nytt engasjement  i fleire bygder.    

 

Kartlegging av korleis innbyggarane opplever eigen helse, fysisk og psykisk, og evne til å hanskast med utfordringar i livet.

Dette vil gi informasjon som er viktig i planlegging og prioritering av tiltak, både førebyggande tiltak og det kan også gi informasjon til planlegging i forhold til spesielle grupper eller område. For kommunane i Valdres, som har stort fokus på Valdres som helseregion, satsing på Fysak, folkehelsearbeid,  vil informasjon frå denne undersøkinga gi hjelp til å innrette tiltak. 

 

Særlege forhold knytt til gardsdrift.

Undersøkinga har også tatt med ein del spørsmål spesielt for personar som bur på gard, dette er spørsmål som også vart brukt i undersøkinga om kvinner og tilflytting. Svar på desse spørsmåla vil vere nyttig for dei som arbeider for å oppretthalde og utvikle landbruket sin plass i Valdres. Det er og viktig for  prosjektet Mø talast i Valdres   

 

Undersøkinga kan også sjå om det er særlege forhold ved bygdene som påverkar innbyggarane sin oppleving av eigen helse og evne til/ forutsetningar for å møte  kriser i livet. 

 

Spørsmål om holdningar til psykisk helse og behandling. Dette er spørsmål som er brukt i mange tilsvarande undersøkningar. Ein er ute etter å sjå om det er forskjell i holdningar i befolkninga i Valdres i forhold til andre stader. Informasjon om haldningar er viktig å arbeid med informasjon.

 

Undersøkinga er viktig i arbeidet med Valdres Viser Veg, som blant anna har som føremål å styrke den psykiske helsa i befolkninga i Valdres. 

 

Gjennomføring av undersøkinga. 

Det er ei anonym spørjeundersøking, det vil ikkje vere mulig å finne tilbake til den enkelte som har svart. 

Alle kommunane i Valdres har plukka ut to bygder, ( Hedalen, Reinli, Bruflat, Steinsetbygda, Aurdal, Ulnes, Røn, Lomen, Åsvang, Øye, Skammestein og Volbu)   der innbyggarane over 18 vil få utdelt skjema. I dei mest folkerike bygdene kan det vere aktuelt å avgrense utdelinga noko (til f.eks anna kvart hus), men for dei fleste vil alle bli oppfordra til å svare.

  

Erfaring frå andre stader viser at svarprosenten aukar stort ved å dele ut/ hente inn skjema, i staden for f. eks å bruke post. 

Vi har som mål å dele ut skjema, anten ved å levere det på døra, eller legge i postkasser, og så hente dei inn 3 – 7 dagar seinare.  Det vil også vere mulig å levere utfylte skjema til kommunen, og vi vurderer også andre muligheter.   

        

Vi har  bedt sanitetsforeningar, helselag og andre organisasjonar som har folkehelsearbeid som ein del av sitt formål til å hjelpe oss med denne store jobben.  

Vi håper å ha gjennomført undersøkinga i løpet av mars/april. Dei første planlegger å starte før påske.   

 

 

Formidling av resultat

Professor Tom Sørensen er ansvarleg for å analysere data. 

Resultata vil bli presentert for kommunane i Valdres,  men først og fremst i dei bygdene som deltar i prosjektet. Det er viktig at informasjonen  kjem tilbake til dei som har bidratt.

Når data er analysert vil Valdres Viser Veg samarbeide med kommuneleiing og lokale lag om formidling av resultat.  

 

 

Kontaktinfo:

 

Professor Tom Sørensen, Universitet i Oslo  :   tom.sorensen@medisin.uio.no   

                                         Telf: 91784860

 

Prosjektleiar Valdres Viser Veg:

   Berit Synnøve Øygard :   berit.oygard@sor-aurdal.kommune.no 

     Telf  97618258