Sist oppdatert: 14.02.2010 17:12

Friskoleloven om skoleskyss

ARNE HEIMESTØL
  Mens rådmannen siterer opplæringsloven om friskoleelevers rett til skoleskyss, viser rådgiver Torodd Fagerheim i LUFS til friskoleloven.

Fagerheim sier at kommunen har ansvar for skoleskyss for alle friskoleelever på grunnskolenivå bosatt i en kommune.

Vi tok dette opp med rådmannen, og her er hans svar:

Etter den nye forskriften slik den er foreslått sogner alle ungdomsskoleelevene til Sør-Aurdal ungdomsskole. Dersom elevene vil gå ved en annen skole enn den de sogner til kan det søkes om dette. Ved behandlingen av en slik søknad er det anledning til å vurdere skysspørsmålet ut fra begrunnelsen for søknaden, skriver rådmannen i e-post til redaksjonen.

Rundskrivet begge viser til, heter "Særlege problemstillingar i samband med retten til skyss".

– Det avgjørende er hva privatskoleloven sier. Her er det lite rom for tolking, jf..§3-7, sier Fagerheim:

Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur.

– Rådmannen siterer feil lov - opplæringsloven. For den ordinære grunnskolen, er det slik som han sier - at det må søkes til - men til og med der er det visse gråsoner, jf. rundskrivet fra Utdanningdirektoratet.

Her gjengir vi punkt 10 om skyss for elever i private skoler.

Det følgjer av privatskolelova § 3-7 at skyssreglane i opplæringslova kapittel 7 gjeld tilsvarande. Det er likevel slik at retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre gjeld innanfor kommunen for grunnskolelevar, og innanfor fylkeskommunen for elevar i vidaregåande opplæring. Det at retten er avgrensa til å gjelde innanfor kommunen eller fylket, avhengig av om eleven er i grunn- eller vidaregåande skole, vil også gjelde elevar som etter opplæringslova § 7-3 har rett til skyss grunna funksjonshemming. Opplæringslova sine reglar om innlosjering gjeld ikkje tilsvarande for elevar i private skolar med rett til statstilskot.

Det er heimkommunen eller heimfylket til elevane som gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 13–4. Den av instansane som er ansvarleg for å oppfylle elevanes rettar har også ansvar får å fatte enkeltvedtak, under dette administrere ordninga.
Utgifter i samband med skyss etter privatskolelova § 3–7 skal altså dekkjast av den heimkommunen eller det heimfylket som er ansvarleg.

Fylkesmannen er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss for elevar i private grunnskolar med rett til statstilskot. Heimfylket er klageinstans ved klage på vedtak om skyss i private vidaregåande skolar med rett til statstilskot.

Nedenfor tar vi med utdrag fra privatskoleloven.

§ 3-1. Inntak av elever

Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. opplæringslova §§ 2-1 tredje ledd og 3-1 første ledd. (...)
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.

Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven.

§ 3-2. Rett og plikt til opplæring

Elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova, oppfyller si plikt til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1.

§ 3-7. Skyss m.m.

Elevane har rett til skyss etter reglane i opplæringslova § 7-1 første og andre ledd om skyss i grunnskolen, § 7-2 første ledd om skyss i den vidaregåande skolen, § 7-3 om skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke og § 7-4 om reisefølgje og tilsyn. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur. For elevar i vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.

Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 13-4. Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss i grunnskolen. Heimfylket er klageinstans ved klage på vedtak om skyss i vidaregåande skolar. (...)

I sak 004/10 tar rådmannen med utgifter til skyss for hedalselever som vil gå på en friskole i bygda. Transportutgifter for eventuelle andre elever fra resten av kommunen er utelatt.