Sist oppdatert:
15.06.2010 07:48 |
Hurra! Je æ vørte 67.
KJELLAUG KJENSRUD
Pensjonist, heite det so fint! Lønnsmottager! Je får med andre ord
alderstrygd. Det betyr at je æ gammal. Men føle je det slik? Nei, langt
i frå. Ser det berre ein gong i blant når je flyg førbi spilen i gangen.
No veit alle som kjenne me, at je æ ganske nærsynt.
Dei
minste barnebarna har lært fyrste vers tå ”Ja, vi elsker”. Dei forsto
med ein gong strofa der det står ”furet, værbitt”. Før det va slik som
ho bestemor æ i fjeset.
So
æ je altså det: Furet, værbitt. Fint, i grunn, å bli samenlikna med
nasjonalsangen. Håret æ grått, men je har vel alltid vøre kommunefarga,
så det æ greitt.
Får
visst ikkje på-heng, det gjer berre dei som ha jobba. Men det bli ein
god slump, har det vørte me fortalt.
Hå
ska du spara te, da, bestemor?, spør barnebarna. Motorsykkel. Det har je
ynskt me støtt. Men ein tå dei som æ raske i tankegangen regna fort ut
at den je helst ville ha, var so køsbar, at je ville bli nemmar 90 før
je hadde nok. Så da får je vel skrinlegge det.
De
bli vel kanskje te at je kjøpe me eit nytt klesplagg o lite gøtt attåt
kaffen.
Ha
ein go sommar! |