Sist oppdatert: 02.05.2010 08:10

259 svara på undersøking

ARNE HEIMESTØL
 

Oppslutninga om lokalsamfunnsundersøkinga i Hedalen vart god. Heile 80 % av dei som vart spurde om å vere med, svara på det omfattande spørjeskjemaet.

 

Prosjektleiar Berit Synnøve Øygard i Valdres viser veg rettar ei stor takk til dei 259 hedølane som deltok, og no håper ho at mange vil møte fram når ein ut på hausten i samarbeid med Hedalen helselag vil presentere resultata og drøfte korleis desse kan brukast til beste for bygda.