Han
kom i frå det med livet i behald, Noa. Og den nærmaste familien hans. Slik
er det slett ikkje for alle. Fleire gonger berre det siste året har store
samfunn vortne råka av naturkatastrofar og mange, mange har mista livet.
Må ikkje dette
opplevast som at regnbogen berre er det optiske fenomenet den er; ei
brytning av lys i eit prisme av vatn?
Kvifor skal vi feste
lit til at dette er sjølve teiknet på at Gud vil oss vel- at han ikkje skal
utrydde alt liv meir. Når det er nett dette som skjer?
I tsunamien i 2004 mista ca 300 000 menneske
livet og 1,5 million ble heimlause. Som menneske er vi utsette. Vi kan
tenkje at vi med vår utvikling har lært å beherske naturen, men plutselig
blir det tydelig at det ikkje alltid stemmer. Ei demning som inneheld
radioaktivt slam kan breste, og alt renne ut i Donau. Undergangserfaringar
får oss til å spørje om Gud kan redde, om det finnes ein ny begynnelse. Om
vi, som Noa, kan få stille oss under ein regnboge og få lov til å tru på ei
framtid?
Eg har alltid syntes
regnbuen var så vakker. Ute på tur i naturen, når sola skin flott over meg
og det kjem nokre dråpar regn. Så kjem regnbogen skimrande ned og slår rot
ein plass langt der fremme.
-De har vel og høyrt om
gryta med gull som ligg der ved enden av regnbogen? Men dit kjem vi aldri.
Det er så vakkert. Og
vakrare vart det etter første gong eg las om Noa og arka og vassflaumen. Om
dua som ble slept ut, som kom tilbake for så til slutt å bli borte i den
store verda. Om Gud som snakkar til Noa og angrar. Som seier; aldri mer skal
eg gjere noko slikt. Aldri meir skal eg ta bort alt levende på jorda. Og
dette skal dere ha som teikn: Regnbogen. Regnbogen skal minne dykk på mitt
løfte, på den avtalen, den pakten eg har oppretta med dykk. Og så seier Gud:
for kvar gong eg ser regnbogen, så skal eg huske det eg har lova. Kvar gong
skyene samlar seg og fargane kjem, så skal eg huske det eg har sagt.
Så kvar gong eg ser
regnbogne, så tenkjer eg på dette. At nå ser Gud det same som meg, og Gud
husker det som ble lovet. Aldri mer skal vi gå til grunne. Det har Gud sagt
og lovet. Ein tryggleik man kan kvile i. Kvar gang man tittar ut vinduet og
ser fargene på himmelen: rød, orange, gul, grøn, blå, indigo og fiolett. Så
vet man at Gud i det øyeblikk husker. Og minner seg sjølv og oss på at vi
aldri skal gå til grunne ved Guds hand. Nei, som det står; Guds hand løfter
oss opp, og i Guds hand kan legge våre liv og vår ånd. Og regnbuen minner
oss på det.
Ja, det finnes ein ny start. Regnbogen vitnar
om at Gud har satt sin bue i skyene. Han legger bort våpenet. Krigsboge blir
til fredssymbol. Syndefloden ramma jorda fordi mennesket skapte kaos og
ødeleggelse av det som frå Guds hand var overmåte godt. No har vatnet trukke
seg tilbake, og Gud stiller seg åpen for forandring. Av den vreide Gud blir
ein Gud som har medkjensle for sine ufullkomne skapningar.
Det gjer oss ikkje mindre utsette for naturens
luner eller andre katastrofar. Som menneske er vi ufullkomne. Det veit vi
både som gjerningsmenn og ofre. Men Gud har laga ei pakt som betyr fred for
oss. Fred og forsoning. Det går et opprop ut frå regnbogen: Gjer rom for
regnbogen og legg krigsbogen vekk! Og gjer rom for Guds tankar som skaper
framtid og håp, også når katastrofen er et faktum.
Pakt- det betyr avtale, og den må vera
gjensidig. Kva slags gjensidigheit kan det vera mellom Gud og oss? Jau, å
verna om skaparverket, og forvalta det godt. Skaparen opprettheld, vi er
forvaltarar.
Vi vil slutte pakt
med jorda,
verne alt som lever her,
luft og hav og jord og elver,
siv i sjø og høye trær.
Håpets bue vil vi reise,
inngå pakt med disse ord:
Vi skal elske alt det skapte,
verne denne vakre jord!
Eivind Skeie |