Sist oppdatert: 28.10.2010 06:42

Signe prest

ARNE HEIMESTØL
  Signe Elisabeth Kvåle har nyleg begynt i halv stilling som sokneprest i Begnadalen og Hedalen. I resten av den fulle stillinga skal ho vere prostiprest i Valdres. Kven er Signe prest, og kva vil ho leggje vekt på i tenesta si?
 

Den kvinnelege soknepresten vår tok mellomfag i kristendom ved NLA i 1987 og embetseksamen i teologi ved MF i 1992. I 1993 førebudde ho seg til å bli misjonær ved Misjonshøgskolen i Stavanger, og etter språkstudier i Paris i 1993/94 reiste ho ut som misjonær for NMS i Kamerun. Her vart ho til 1997. Ho var tilsett i NMS i Noreg i 1998-1999. I år 2000 tok ho årsstudium i organisasjon og leiing ved Høgskulen i Stavanger, og etter dette vart ho eit år diakonimedarbeidar i Nord-Aurdal før ho blei kyrkjeverje i same kommune. Pratisk teologisk seminar fullførte Signe i 2005, og frå 2006 til i år var ho sokneprest i Harstad.

– Kva for fritidsaktivitetar set du mest pris på?

– Mine interesser ligg nok mest innanfor litteratur, kunst, kultur og handverk. Eg er glad i sjå film og lese bøker. Handarbeid har vore ei kjær avkopling. Eg kjenner stor tilfredsheit med å skape noko vakkert, og har stor glede av å bu i vakker natur og bruke Valdres til tur og avkobling ute i skog og fjell. Særleg er bærplukking på seinsommar og haust det kjekkaste eg veit!

– Til kyrkjelydsbladet uttala du at presten ikkje skal arbeide åleine. Kva legg du i dette?

– Presten må vera ein del av eit arbeidslag. Me har både formelle og uformelle lag, soknerådet f. eks og alle gruppene for barn og ungdom. Eg trur på samarbeid og på å dra oppgåver i lag. Me kan skifta på å vera ”motor” i dei ulike lag og foreningar. Presten har ei hovudoppgåve knytt til gudstenestene, og må ta ansvar for å opne desse for alle som vil inn. Eg set stor pris på å kunne halde gudstenester saman med alle interesserte; barn og ungdom, kor og bibelgrupper.

Samtidig skal det heller ikkje vere slik at gudstenesta berre er for dei som er med i lag og foreningar. Mange har ikkje noko forhold til ”foreningskyrkja”, eller har eit dårleg forhold til den. Dei skal også kjenne seg velkomne og heime i kyrkja.

Prosten skriv i sin kommentar om å vere pilgrimsprest, og det trur eg også at bokstaveleg tala er ein veg å gå. I dette ligg ein tanke om å ikkje alltid vere travelt oppteken i arbeidslag, men også å ha felleskap i berre det å vere og vandre saman mot målet.

– Kva tankar har du om trusopplæring i Begnadalen og Hedalen?

– No for tida handlar ”trusopplæring” om det store prosjektet ”størst av alt” som Stortinget har bevilga pengar til og som sprer seg over heile landet med midlar og tilsette. Det er lett å tru at trusopplæring dermed er noko nytt- og ikkje noko som har funnest overalt i større eller mindre grad alltid; søndagskule, barnelag, ungdomsklubbar, kor og konfirmantunder-visning.

At Stortinget har teke ansvar for ei systematisk trusopplæring for alle døypte, er storarta, og gir høve til å nå endå fleire enn før, noko som i høg grad har stått på pengar og tilsette inntil no. Det er ei vesentleg utfordring ved innføring av nye reformer, som dette jo er, å ikkje slå beina under det som finst frå før av barne og ungdomsarbeid. Heller ikkje parkere dei trufaste, frivillige leiarane som har lagt ned ein stor innsats, når ein no får midlar til å tilsette folk for å arbeide med dette feltet.

Me treng i endå større grad frivilige til innsats i trusopplæringa framover, og me som tilsette treng å vite meir om korleis vi kan støtte og gje rom for vidareutvikling av frivillige. Dei må kjenne seg like viktige som ein lønna medarbeider!

– Til "Valdres" sa du at du ynskjer å markere at kyrkja skal vere open og inkluderande for dei som høyrer til der. Kva legg du i det?

– Den norske kyrkja som folkekyrkje har alltid vore basert på at folk byggjer sitt medlemskap på tilhøyrigheit gjennom dåpen og ikkje på meir avansert åndeleg overbevisning. Ei viktig oppgåve i folkekyrkja er dermed å støtte og oppmuntre den første forma for å høyre til, for dette er ofte ei taus, eller skal vi seie lågmælt tilhøyrighet som baserer seg på lange tradisjonar og skikk og bruk. Dette er ikkje ei mindreverdig form for tilhøyrigheit i kyrkja. Prost Georg Johnson sa av og til at folk ser på kyrkja som dei ser på brannvesenet- ho må vera der nå me treng henne. Og det er sant nok! Det er ei hovudoppgåve for kyrkja å vera der når me treng henne.

Så har vi andre som har kyrkja som sitt interessefelt og hovudarena, lag og foreningar, bedehus og bibelgrupper. Her finst ofte eit sterkare språk og tydelegare profilering av standpunkt og meiningar. Ofte blir dei kalla kjernekyrkjelyd, av og til omtala som ”dei kristne” i motsetning til dei som ikkje høyrer til i miljøet.

Eg har sjeldan møtt nokon som ynskjer å ekskludere andre frå kyrkja. Når kyrkja av nokre opplevest som ekskluderande, så har det kanskje mindre med folk å gjere og meir med sjølve institusjonen kyrkje, med uforståeleg gudsteneste, med uforståeleg språk, med teologi og preiker som ikkje handlar om folk sin kvardag.

Ingen er interessert i svar på spørsmål dei ikkje stiller. Men eg trur på å kunne røre ved folk med historiar, med livet og med evangeliet. Eg trur på å la folk komme til orde med sine trusforteljingar, på sitt mål og frå sin kvardag. Mange sit inne med historier og opplevingar som handlar om å leve med Gud og med kyrkja, men dei teier med det. Mange kjenner på ei mindreverdskjensle i forhold til å gå til kyrkje og nattverd. Dei kjenner seg ikkje heime, eller dei beherskar ikkje språket. Inkludering sett på bakgrunn av dette vil seie å stille seg open, prøve å gje folk ”stemmerett”, lytte til erfaringar og meir stilfarne stemmer.

– Til same avis uttalte du at du er open for å nytolke dei kyrkjelege
spørsmål og dogmatikken for dei unge. Kan du utdjupe dette?


– I grunnen ikkje berre for dei unge, men for alle som ikkje lenger synest at kyrkja talar adekvat om livet og dei viktige spørsmåla. Men nokon utfordringar er nære og konkrete: Kva innebær det at dagens barn og unge kjenner mindre og mindre til bibelforteljinigane? Kva innebær det at ungdom i våre dagar ikkje fyrst og fremst forheld seg til autoritetar, men kanskje heller til det å vere ekte?


Korleis forheld eg meg til at vi nesten aldri spør: ”kva kan eg gjera for deg”, men ”kva får eg igjen for dette?” Truslære for truslæra sin del, det er for spesielt interesserte. Truslæra, etikken og dei djupe trussanningane må svare på folk sine spørsmål, dei må vere aktuelle og til hjelp i kvardagen og for dei svake blant oss.

Det innebær at me stundom må vera modige i bruk av nytt språk, i møte med den nye tida, i møte med ei ny livsoppleving, som er noko av det som skjer rundt oss. Samfunn, kultur og tidsånd er stadig i endring. Det er også evangeliet, forstått på den måten at det er for alle folk til alle tider.