Sist oppdatert: 20.12.2011 13:45

Ny gudstenesteordning

SIGNE ELISABETH KVÅLE

Me står framfor ei omlegging av gudstenesta. Eller gudstenestene skulle eg kanskje seie- me har jo ikkje berre ein type gudstenester i dag heller. Korleis er det med forventningane til dette?

Mange har sikkert fått med seg at det alt første søndag i advent vart innført ny gudstenensteordning for alle landets kyrkjer. I Valdres har ikkje så mange utanom dei som har vore såkalla prøvesokn merka dette i særleg grad. I all hovudsak har sjølve innføringa i Valdres vorte utsett til byrjinga av februar, då alle kyrkjeleg tilsette og alle råd skal på kurs og lære meir om nyordninga i detalj. Ordninga, eller liturgien som me bør kalle den, innheld nemleg mykje lokal valfridom, og difor skal sokneråd, tilsette og tilslutt soknemøtet ta stilling til desse sakene i lag.

Var den gamle ordninga dårleg?
Kvifor ny liturgi? Fleire enn eg har sikkert fylgt med på debattar og orienteringar dei siste åra. Den førre liturgien, som vart innført i 1977, avløyste ei gudstenesteordning som hadde vara sidan om lag 1920. Den vara altså i over 50 år. 77-liturgien vart litt over 30 år. Før dette hadde mange ulike ordningar avløyst kvarandre gjennom hundreåra sidan reformasjonen. Samanlikna med den katolske messa vart ingen av liturgiane i vår lutherske kyrkje gamle. Den katolske messa fram til 2. vatikankonsil (1961-1963) var uforandra sidan ho vart feira i våre kyrkjer før reformasjonen. Men også i den katolske kyrkja var behovet for forandring og oppdatering tilstades. Til dømes byrja dei etter 2. vatikankonsil å feire messe på ulike morsmål og ikkje berre på latin. Ein slik kontinuitet i gudstenestefeiringa gir sjølvsagt ein grundigare kjennskap til heile messa og gangen i denne, enn stadige skiftingar og nye liturgiar i vår lutherske kyrkje har klart å bera oppe.

Kva er nytt?
Eg vil her fokusere på nattverd og takkoffer i gudstenesta. Nattverden er i den nye liturgien tenkt som ein normal og fast del av gudstenesta, og ikkje eit suplement til enkelte gudstenester slik praksis er i dei fleste sokn i Valdres. Gjeldande praksis har lange historiske røter, ikkje berre i Valdres, men mest i heile landet, ettersom gudstenestetalet i tidlegare tider var lågare enn i dag, og presten kom berre nokre få gonger i året. Heilt fram til på 80-talet var det vanleg med nattverd berre to gonger i året i kyrkjene våre.

I løpet av dei siste 30 åra har nattverd vorte stadig meir vanleg, heilt til at det i somme sokn er nattverd i nesten alle gudstenester. Framleis er det nok meir vanleg i større sokn enn i små. Folk likar å kunne førebu seg gjennom annonseringa i aviser og kyrkjeblad på om det er nattverd, og mange vel å ikkje gå dersom det skal vere.

Dessutan har ikkje alle gudstenester hatt offerformål, og tanken har vore at det skal vere råd å komme i kyrkja utan å ha med seg pengar, der òg. Offer i gudstenesta opplevest av somme som eit mas etter pengar, på linje med alle andre innsamlingar og gode formål ein kjem over.

Kva slags tankegang ligg då bak ein liturgi som har begge deler som ein fast del og ikkje eit unntak?

Me kan fyrst sjå historisk på saka. Heilt frå den fyrste kristne gudstenesta me kjenner, har dette vore hovudsaka i gudstenesta, sjølve grunnen til å koma saman. Å dela brød og vin, som del av eit reelt måltid, og dela felles ressursar med dei som lir naud og treng hjelp. Det var dette gudstenestefeiringa i byrjinga handla om. Så har det sjølvsagt vore ei lang utvikling fram til det som er realiteten i dag, at kvart sokn i landet har sine vanar og tradisjonar som særpreg, trass i at liturgien har vore lik i alle kyrkjer. Det er reformasjonen som ligg bak den litt meir sparsame gudstenesta me feirar, i alle fall samanlikna med katolikkane. Den reformerte gudstenesta la vekta på ordet og forkynninga i preika, og dermed kom sakramenta litt meir i bakgrunnen. Dåpen som fast innhald har likevel halde seg; det har jo til alle tider vore born som skal døypast, og det kan trass alt ikkje utsettast i det uendelege. Den nye liturgien grip no attende til den felleskristne og oldkyrkjelege tradisjonen med nattverd og takkoffer som bærande element i gudstenesta.

Korleis tenkjer me om dette? Er det mogeleg å prøve ein mellomveg? Eg ser i alle fall føre meg at det vil vere ei stor utfordring å innføre dette på generell basis og framleis inkludere alle dagens gudstenestedeltakarar.

Status i vår norske kyrkje er grovt sett at nattverdfeiring lagar eit skilje mellom dei frammøtte og markerer eit a- og eit b-lag i soknet.

Kan dette på nokon måte motverkast så nattverddeltaking kan bli ein like naturleg del av gudstenesta som å syngje salmar og be Fadervår?
Og apropos Fadervår. Er me klare for å lære endå ein ny versjon? På nynorsk har fadervår vore uendra i om lag 80 år, men på bokmål kom det ei ny form på 70-talet. Det er altså over 30 år sidan, men blir enno omtala som det nye fadervåret. No er ny bibelomsetjing klar, og det står ”vår Far”. No er det ikkje støtt at nye bibelomsetjingar har endra på gudstenestespråket. Det er ikkje alltid ynskjeleg. Men det bør nok vere stor grad av samsvar mellom teksten i Mat. 6 og gudstenesteforma av Fadervår. Vil me nokon gong koma til å omtala den som Farvår? Eller Vårfar? Denne bøna er så sentral at eit namn, eller nemneform, er naudsynt.

Kor lenge orkar me å vere nybyrjarar igjen?
Ny liturgi vil medføre at me alle vil vere nybyrjarar i gudstenestefeiring igjen. Alle vil trenge eit program for gangen i messa, og alle nye tekstar må vere skrivne. Dette er sjølvsagt lett å ordne med dagens teknologi. Men det vil også prege sjølve framføringa og deltakinga inntil dette sit i oss slik dagens ordning gjer. I alle fall i mange. Det er mitt håp at me greier å dra alle med oss gjennom denne innlæringa, og at ikkje motstanden mot ”alt dette nye” ikkje skal ta overhand mellom dei som kjenner seg knytt til kyrkja, men pressa ut av noko dei ikkje lenger kjenner att eller meistrar.

Kva slags gudsteneste vil me ha? Kva slags kyrkje vil me ha?
Prost Anne Hilde Øigarden har i eit par kronikkar i ”Valdres” i haust stilt dette spørsmålet. Eg har ikkje spurt henne kva svar ho har fått, men dette er grunnleggande interessant for alle oss som steller med kyrkje og liturgi.

Kva er det folk vil?
Ikkje at kyrkja og gudstenesta utelukkande er subjekt for fleirtalsmeiningar og konsensus, og at utan dette har gudstenestefeiring ingen relevans. Saka har sjølvsagt fleire sider. Det er no to månader til svært mange av oss skal på kurs, og i løpet av våren skal me laga forslag og fatta vedtak på vegne av alle medlemmene i kyrkja. Då er det naudssynt med eit breitt meiningsgrunnlag å stø seg på.

Signe Elisabeth Kvåle, sokneprest