Sist oppdatert: 25.11.2011 05:33

”La dem raute nynorsk så lenge vi slipper”

HANNE BLÅFJELLDAL
Dette var overskrifta Unge Høgre hadde på ei sidemålskampanje då eg gjekk på vidaregåande.

Eg hadde nettopp meldt meg inn i Unge Høgre då eg fekk sjå denne kampanjen (med bilete av ei nøgd ku på framsida). Eg meldte meg fort ut.

Nokre år etterpå hadde eg blitt med i FpU. Eg gjekk på folkehøgskule i Troms, og ein dag fant eg ein partikollega av meg på framsida av Troms folkeblad der han hadde Helleviks gule i hendene. Tittelen på artikkelen var ”Spynorsk mordliste”. Eg har aldri vore nærare å melde meg ut av Framstegspartiet.

Eg bytta hovudmål frå nynorsk til bokmål då eg gjekk på vidaregåande. Eg har alltid vore glad i nynorsk, men som ung skuleelev tykte eg det var vanskeleg å skrive nynorsk. Stort sett alt eg las var bokmål, og då fall det seg meir naturleg å skrive på bokmål. I tillegg vart eg umotivert av å få attende nynorskstilar der det var raude strekar under annankvart ord, og der attendemeldingane handla om alt som ikkje var lov, slik som: ”Ikkje ord som byrjar på be-”.

Eg bar med meg ei haldning av at nynorsk var veldig vanskeleg, og eg har alltid hatt ein stor beundring ovanfor dei som klarer å skrive god nynorsk. Eg trudde dei var supermenneske.

For to år sidan søkte eg jobb i Vågå kommune. Vågå er ei markant nynorskkommune. Du har ikkje noko val om du skal jobbe der. Du må skrive nynorsk.

Det var tungt i starten, men eg var motivert. Eg fekk også tilbod om nynorskkurs. På dette kurset lærte eg alt det eg skulle ønskje eg lærte då eg var ung skuleelev. Enkle reglar for bøying av verb og substantiv, og at ord på nynorsk faktisk kan starte på ”be-”. ”Fjøslatin” skal ikkje vere målet, men eit språk som ligg tett inntil talemålet mitt.

Nynorskundervisninga er for dårleg i norsk skule. I tillegg trur eg vaksne folk har dårlege erfaringar frå nynorsk i skulen. Om mamma eller pappa seier at nynorsk er noko herk, då vil dette sjølvsagt smitte over på ungane. Lærarar som meiner nynorsk er vanskeleg og tungt, vil også påverke elevane.

Inntil vidare skal alle elevane i Noreg lære både nynorsk og bokmål. Då må vi som vaksenpersonar prate positivt om nynorsk og formidle ei haldning om at dette er ei flott målform som ikkje treng å vere så vanskeleg. Nynorsk blir i alle fall ikkje lettare av å kalle det spynorsk eller fjøsmål.